Kva med dei flinke elevane?

Det har skjedd ein revolusjon i norsk skulepolitikk.
kommentar Arne Hjeltnes

Født: 9. August 1963, Kristiansand

Arne Hjeltnes er sjef i det skandinaviske kommunikasjonsbyrået Creuna. Han har bakgrunn fra reklamebransjen og TV 2, og har vært fiskeriutsending i Sørøst-Asia og norsk turistsjef i Amerika. Hjeltnes er sentralstyremedlem i Høgre og styremedlem i Ski VM 2011 AS og Thor Heyerdahl Stiftelsen. Han er glad i turer i skog og mark, og tar gjerne et glass i lystig lag.

Avhengig av: God mat (laks)

Drømmebil: BMW X5

Angrer på: At eg aldri lærte meg å spela piano

Favorittartist: Van Morrison

Beste bok: Kjærlighet i koleraens tid av Gabriel Garcia Marquez

No er det knapt ein karaktermotstandar att på venstresida og statsministeren skriv lange innlegg i avisene om meir fag og læring i skulen.

For oss som har levd ei lita stund, er dette både moro og bra. For me hugsar attende til den frie, opne skulen, som berre skulle ha som mål å skapa gode sosiale vesen.

Kva dei skulle bruka dette sosiale til seinare i livet, var det ingen grunn til å uroa seg over. Den tid den sorg.

Men det finns enno nokre få tabu att i skuledebatten. Det verste ein kan ta fram er sjølvsagt dei flinke. Det vert omlag som å komma dragande med at folk flest i Noreg ikkje er særleg sjuke i helsedebatten.

Dei flinke er det få som tør å dyrka. For viss du snakkar om flinke, så insinuerer du med det same at det finns nokon som ikkje er flinke.

Du seier "dumme", samtidig som du seier "flinke". Og ingen vil seia at nokon er dumme. Eg trur ikkje at nokon er dumme. Men eg trur at nokon er flinke.

I desse dagar har heile nasjonen, ja, verda elles og, dyrka dei flinke under OL i Beijing. Me synes det er topp at Olaf Tufte er flinkare enn han der fyren frå New Zealand. At det er stas at roinga ikkje gjekk på ideal-tid, slik at svensken kunne ha vunne. Det er skikkeleg spanande å sjå på flinke folk, enten dei spelar fotball eller klaver. Så lenge dei held seg unna skulen. Der skal det vera ideal-tid.

Store ressursar vert brukt på mange ulike grupper i skulen. Grupper med behov, som gir ekstra merksemd og eigne opplegg. No er det nesten så spesialisert at viss du er heilt gjennomsnittleg flink, eller kanskje aspirerar til å vera det, så sit du att åleine.

Det som sjølvsagt er politisk ukorrekt er å fremja spørsmålet; kan det vera ein ide å laga nokre grupper eller bruka nokre ressursar på dei som ser ut til å ha eit stort potensiale?

Olympiatoppen er me alle glade i, både raude, grøne og blå. Kanskje me kunne hatt litt olympiatopp i skulefaga og? Det er ingen tvil om at det held i massevis å ha som målsetting å skaffa eit bredt og godt gjennomsnitt. Å dyrka det å vera midt på treet. Helst litt over snittet, men ikkje for mykje.

I Noreg er det som kjent ei uttrykt målsetting at alle skal tena litt meir enn gjennomsnittet. Alle klarar seg godt innaskjærs i landet vårt med den gjennomsnittlege skulen. Men viss nokon av desse små som veks opp no, ynskjer å leva livet sitt utafor landet vårt, i den store verda, så kan eg røpa ei oppdaging eg har gjort: du kjem ikkje så langt med å vera midt på treet der ute.

Harvard, Cambridge, Insead eller Fudan Universitetet i Shanghai har ikkje satt av plassar til folk som er midt på treet. Me har alle føresetnader for å skaffa verda kloke hovud og høgt utdanna folk. Ja, sjølv innlands er det eit stort behov for kvalifiserte folk.

Alle er samde om at me treng flinke folk, særleg i konkurransen med flinke, veldig rimeleg folk frå Asia. Skal me få flinke folk, så må me starta tidleg. Og viss det går slik som i idretten, så kan det henda at dei andre ikkje vert dårlege, fordi nokre vert veldig gode.

Kanskje vert det ikkje fleire dumme, fordi nokon vert flinkare. Kanskje vert det rett og slett fleire flinkingar.

Se alle kommentarer på E24
På forsiden nå