ANNONSE

Regnskapstall og nøkkelpersoner

Den siste dommen frå Strasbourg har skapt stort engasjement omkring politisk reklame på tv. Det er i og for seg ein morosam debatt, men viss ein ser litt framover, så er den ikkje så interessant. Det er på nettet og i dei sosiale fora at slaget om veljarane vil stå.

Det er ikkje fordi folk vil slutta å sjå på fjernsyn, men endringane i veljarmassen kjem til å koma frå dei nye gruppene som får røysterett. Og dei sit ikkje i like stor grad framfor skjermen. Dei er på nettet. I gamle dagar var internett-bruken avgrensa til å sjå informasjon på skjermen. No handlar det om å delta, legga ut, diskutera og verta høyrd. I 2005 brukte med 3 prosent av tida på nettet på deltakande sider. I april i år var dette endra til 57 prosent. Det betyr at brorparten av tida som vert brukt digitalt er på alle former for deltakande fora.

Her vil slaget stå. Politikarar har sjølvsagt fått hjelp til å laga seg ein Facebook-profil, men det ville ikkje vera nok. Å forstå og kommunisera med dei som er der ute, er nettopp suksessen til Barack Obama, sjølv om han og hadde ein god del tv-reklame.

Han skapte ein dialog med alle dei nye veljarane og engasjerte dei til å møta opp og stemma. Dei følte at nokon høyrde på dei, i staden for å nokon berre dytta på dei flosklar og slagord.

Kvart minutt vert det lagt ut 90.000 bloggar på nettet. Det er 110 millionar brukarar på Facebook og det er dei vaksne som aukar mest. Det er ikkje lenger eit forum for spesielle datakyndige, men ein allmenn plattform for alle former for kommunikasjon.

Og då vert vår debatt om tv-reklamen kjem til å revolusjonera politikken, ein diskusjon med blikket godt festa bakover i tid.

Eit forbod er sjølvsagt rein teori. Tv-reklame har ikkje vore så aktuelt av prismessige grunnar. Det er dyrt å laga og dyrt å senda. Viss prisane går kraftig ned, vil det sjølvsagt verta flittig brukt i neste val.

Men det er ein håplaus administrasjon å klara å setta grensene. Kva med YouTube, web-tv eller alle dei 300 kanalane eg får rett inn på tv-en min frå andre land?

Internett er så mektig og har så stor gjennomslagskraft at dei som vil kontrollera heller skulle konsentrera seg om det enn nokre få norske reklamekanalar. Debatten demonstrerer så altfor tydeleg kor lite mange har skjønt av den informasjonsverda me lever i. Kanskje er det fordi fjernsynet er kjent og trygt og lett å forstå seg på, medan dei nye media er skumle og rare?

Eg vil anbefala at ein heller brukar tida si på å finna ut korleis ein skal rekruttera nye veljarar og få bodskapen sin gjennom i dialog med aktive og interesserte folk, som er i full sving på nettet. Og ikkje sit passive framfor skjermen medan reklame for moppar, potetgull og politiske parti flyg forbi augo deira.

Den som meistrar ein slik dialog vil vinna valet, både i 2009 og ikkje minst åra etter det. Men kanskje det dukkar opp ein debatt om politisk reklame på faks og?

Kommentarer

Tjenesten er levert av Disqus.