Det svenske hoffet har ikkje lært noko av sine norske slektningar. Det kan bli ei dyrekjøpt erfaring.
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Født: 9. mai 1975 i Volda
Rotevatn har utdanning innan radiojournalistikk og nordisk språk frå Høgskulen i Volda, og statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho held også på med mastergrad i språk.
Ho starta journalistkarrieren som 19-åring i Sunnmørsposten, men er mest kjend som reporter og programleiar i NRK Dagsnytt, Her og Nå og Sportsrevyen, i tillegg til tidlegare Kanal 24.
Rotevatn har også jobba som nyheitsredaktør, sportsredaktør og redaksjonssjef i Kanal 24.
Den kjende radiostemma har fått fleire prisar og utmerkingar for det journalistiske arbeidet sitt, samt for sin konsekvente språkbruk.
I dag jobbar Rotevatn som rådgjevar i kommunikasjonsbyrået I&M i Ålesund.
Les dagleg: Ei rekke aviser - lokale, regionale og nasjonale, ein haug tidsskrift, faglitteratur og "Pulverheksa". Pluss Knausgård.
Favorittnettstad: Smp.no, Facebook og VG.
Ser på: Nyheiter, Barne-TV og House.
Høyrer på: Radio, jazz og flaue, gamle hits.
Følg Gregoriusdotter Rotevatn på Twitter som @gregoriusdotter.
Flere kommentarer av Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Stakkars prinsesse Madeleine. Ikkje berre er ho trulova med ein utru slask, men ho ser ikkje ut til å få rett hjelp av det svenske hoffet. Både det norske og det danske kongehuset – og for ikkje å snakke om Buckingham Palace, har vore råka av nærast eksistensielle kriser. Og no kan det svenske hoffet si klønete handsaming av utruskapsskandalen gjere vondt verre for monarkiet og den unge prinsessa.
Se og Hør har fått kjeft for å ha publisert "Kiss and tell"-historia om Jonas Bergstrøm og trønderen Tora Uppstrøm Berg. Pressetoppar har oja seg over at sladrebladet formidla historia, slikt høyrer ikkje heime i norsk presse.
Då er det grunn til å minne om at fleire av dei norske avisene har formidla den same historia, men det verkar greitt, fordi Se og Hør har ”ansvaret” og var først ute. Det vert altfor enkelt. Grensene har vorte flytta i fellesskap.
Mette-Marit og kronprins Haakon tok krisehandsaming i europeiske kongehus til eit nytt nivå, før dei gifta seg. Orda ”Jeg tar avstand fra narkotika”, var ein PR-genistrek.
Pressekonferansen gav eit samla presse-Noreg – og for så vidt resten av innbyggjarane - hakeslepp, ved at den komande kronprinsessa tok tyren ved horna og samstundes tok kontroll over si eiga historie. Med eigne ord forklarte og fortalde ho, og unngjekk detaljane. Ho viste følelsar, kjærleik og oppriktig anger.
I Sverige vert kongefamilien jaga frå skanse til skanse. Kongen skal visstnok vere rasande. Ingen seier noko.
Og stakkars kronprinsesse Victoria som skal gifte seg, er parkert i skuggen av veslesyster sin skandale. Ein kan gjerne trekkje på skuldrene og endeleg få stadfesta at kongelege er like dumme som vanlege folk. Dei drikk, røykjer og er utru.
Men ein må kunne forvente at kongelege har eit litt betre apparat rundt seg, når krisa er eit faktum. Og her har ikkje det svenske hoffet lært nokon ting av det norske.
Å la det gå dagevis utan nokon form for kommunikasjon i denne situasjonen, gjer skandalen større. Enkelte historier vert ikkje borte av seg sjølv. Å ikkje seie noko, gjer historia større.
Den svenske kongen må ta bladet frå munnen. Elles gjer han vondt verre, ikkje berre for Madeleine og Jonas Bergstrøm, men også for kronprinsessa, resten av familien og alle dei i Sverige som bryr seg om kongefamilien. Kanskje treng han rett og slett PR-hjelp frå Noreg.
Kan du ta ein telefon, Mette-Marit? Så slepp vi å gremmast meir.
Følg Gregoriusdotter Rotevatn på Twitter som @gregoriusdotter
Kommentarer
Vi ønsker dine argumenter og synspunkter velkommen på E24. Men før du kaster deg inn i debatten, tenk gjennom hvordan du ønsker å fremstå. Mange leser det du skriver. Gjør debatten til en bedre opplevelse for både dem og deg selv. Det handler om respekt og saklighet. Vennlig hilsen Per Valebrokk, redaktør E24.

Nye dealer hver dag!
Adresseendring på nett
Få tilbud fra mange håndverkere
Finn kjærligheten på nettet!
Finn beste pris i markedet
Kjøp og selg på nett
Per Valebrokk
Gjør seg klar til Europas forgubbing