ANNONSE

Regnskapstall og nøkkelpersoner

I Noreg bur det færre folk enn i og kring Houston, Texas. Til trass for at me er få og helsebudsjetta aukar eksplosivt, så vert helsekøane lengre og lengre.

Eldre- og rusomsorg slit og barnevernet er i krise. Det kan det synast som om modellen ikkje virkar som den skal.

Eller er det ein versjon av modellen som ikkje virkar?

Einraudgrøn versjon.

I helsesektoren er det flinke folk og ledig kapasitet i private verksemder som tilbyr rusrehabilitering, barnehagar, eldreomsorg, sjukehustenester og andre velferdsgoder.

Men dei får ikkje vera med.

I den raudgrøne norske modellen er det viktigare at staten produserer tenestene, enn at tilbodet er godt og folk får hjelp.

Heller køar enn private.

Det er ikkje min norske modell.

Eg er med på spleiselag, skapa og dele samfunnet og kanskje og opp til 50% skatt, men eg er mest oppteken av resultata av den norske modellen, ikkje om det er ein privat tilsette hjelpepleiar som gjer jobben eller ei som får løn frå staten.

Ofte er dei ganske like som personar, kanskje dei til og med bur i same bygd.

Og skal me vera heilt eksperimentelle, så kan det til og med henda at dei har same høge etiske og moralske yrkesstandard.

Eg veit det siste er kanskje å gå litt langt.

Men det kan skje.

Slik helsesektoren er på veg, så trur eg det attpåtil det finns både teori og eksempel der ute i verda som viser at viss nokon får konkurranse så kjem det brukarane til gode i form av betre tenester.

No er eg altså langt ute i ein norsk modell, som me i alle fall ikkje har her i landet.

Det spøker vel for heile samfunnsordninga vår, viss nokre entusiastar i Moss, på Gran eller i Troms får lov å driva omsorg og behandling i en litt annleis type norske modell.

Det skulle ha tatt seg ut.

Men kva viss det visar seg at den norske modellen me har ikkje virkar?

Det var eit slagord for litt sidan som heitte "Hvis velferd er viktigst".

Kanskje det skulle skrivast om til "Hvis statleg velferd er viktigst".

Eg trur i alle fall dei som står i den lengre helsekøen er meir opptekne av hjelp enn kven som set inn løna til sjukepleiaren på kontoen hennar.

Følg Arne Hjeltnes på Twitter: @Hjeltnes

Kommentarer

Tjenesten er levert av Disqus.