WE BUILT THIS CITY ON...: Presidenten i El Salvador, Nayib Bukele, lanserer ein plan om å byggje verdas første "Bitcoin City" i Teotepeque, El Salvador. November 2021.

Bitcoin-variasjonar

Bitcoin er anonymitet og genialitet, mjukvare og datamaskinar. Men fyrst og fremst aktualiserer dette fenomenet tidlause spørsmål om kva pengar er og korleis dei skifter med tid og teknologi.

  • Morten Søberg
    Morten Søberg
    Direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1-alliansen
Publisert:
Dette er en kronikk
Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til E24 her.

I skrivande stund er det snart fjorten år sidan den anonyme «myntmeisteren» Satoshi Nakamoto publiserte ei stutt kvitbok med overskrifta Bitcoin: A Peer-to-Peer Electronic Cash System.

Enno er det ikkje kjent kven han er, eller om han trass i det japanske gutenamnet er noko anna enn hankjønn i eintal.

Det er òg uvisst korleis ein skal bøya ordet bitcoin, sidan det ikkje er normert til norsk rettskriving enno. Eit sjølvskrive svar på eit maktpåliggjande definisjonsspørsmål: Ordet bitcoin er eit hankjønnssubstantiv, og i ubunde fleirtal skriv eg fleire bitcoinar.

Men kva er dei?

I korte trekk er bitcoinar digitale «myntar» bygde på blokkjedeteknologi.

Opplysningar om overføringar av bitcoinar mellom folk og fe, alle transaksjonar, vert lagra offentleg tilgjengeleg i ei kjede med digitale «informasjonsblokker».

Gjennomføring av bitcoin-transaksjonar krev digitalt gruvearbeid. Dette vert utført av drustelege datamaskinar som kappast om å løysa kryptografiske oppgåver og såleis produsera ei ny blokk i blokkjeda.

Vinnarane får i fyrste rekkje løn for det vellukka arbeidet gjennom nye bitcoinar.

Etter kvart tek produksjonen av slike pengar slutt: Det monetære systemet til Satoshi Nakamoto er koda eller programmert på eit jarnhardt vis som gjer det uråd å tilverka meir enn 21 millionar bitcoinar.

Så langt har det vorte mynta litt over 19 millionar slike «myntar».

Pseudonymet Satoshi Nakamoto har visstnok slege om lag 1 million bitcoinar. Gudane veit kva han skal med desse digitale aktivaa – utover å stadfesta at myntrett både før og no gjerne er gull verdt.

NAKAMOTI: Avduking av ein byste i Budapest som skal førestille Satoshi Nakamoto, Bitcoin sin mystiske oppfinnar.

Bitcoin-eksperimentet til Satoshi Nakamoto var meint og tenkt å vera uavhengig av både sentralbankar og andre bankar. På papiret skulle bitcoinar òg grensa til kontantar; pengar ein kan nytta utan å leiva etter seg (stort sett) synlege spor.

På spansk tyder El Salvador forresten «frelsaren». Slik sett høver det kanskje at denne republikken i Mellom-Amerika er det einaste landet som så langt har vedteke lovverk som gjer bitcoin til (meir eller mindre) tvunge betalingsmiddel.

Men det er ikkje gull, alt som glimar.

Historia til El Salvador handlar mykje om indre og ytre stridar. Og pengestellet i landet har lenge vore alt anna enn ein frelseveg: Bitcoin er no offisiell valuta der jamsides (alternativ i kappestrid med) amerikanske dollar, sidan mynteininga colon (1 colon = 100 centavos) for lengst berre er eit monetært minne.

Eg er usikker på kva eg «meiner» om bitcoin. Kan henda er bitcoin til sjuande og sist ei slags finansialisering av «inkje»: pur, rein, skir kode.

Og «pengeverdien» til bitcoin (uttrykt i til dømes amerikanske dollar) har så langt vore positivt korrelert med tilstrøyming av stendig nye bitcoin-eigarar, i fyrste rekkje spekulantar.

Eg synest i alle høve det er talande at bitcoinar i regelen vert figurativt framstilte som nettopp … myntar: runde, gjerne som vore dei laga av gull – det edlaste myntmetallet frå dei eldste tider.

Bitcoin er på sett og vis ei tidsrett understreking av mynten som den monetære «urforma». Det seier sitt, i minsto meir enn tusen ord, at vi aldri ser bitcoin «illustrert» som noko som liknar på ein pengesetel.

Sameleis med symbolet for bitcoin: ein sublim variant av dollarteiknet og tilhøyrande konnotasjonar; mentalt og militært herredøme (så lenge det varer, ein skigard kan ikkje vara evig).

MYNT: «Eg synest i alle høve det er talande at bitcoinar i regelen vert figurativt framstilte som nettopp … myntar», skriv artikkelforfattaren.

Ein enkel, god og ikkje minst funksjonalistisk definisjon av pengar er rett og slett at pengar er det pengar gjer. Dei måler verdi, dei lagrar verdiar – og dei har så å seia bruksverdi; sirkulerer, nyt tillit, er særmerkt av nettverkseffektar.

I regelen er både pengeeiningar og produksjon av pengar (både statlege i form av setel og mynt og private bank- eller kontopengar) tufta på lov og regelverk.

Slik sett er ikkje bitcoinar pengar i noka vanleg tyding av ordet.

Særleg er bruksverdien avgrensa, ikkje minst for nordmenn. Kva får eg til dømes kjøpt for ein bitcoin? Eit fasitsvar: nokså lite i den fysiske kvardagen; noko meir på nettet.

Akkurat som med setel og mynt frå Noregs Bank kan eg dessutan, i praksis, heller ikkje betala skatt og avgift med bitcoinar. Og i staden for å spekulera i bitcoin plasserer eg sparepengane mine i eit anna pyramidespel (?), nemleg i fast eigedom i samklang med både norsk sed og skikk og gunstige skattereglar.

Men det er så rart … med det. Fenomenet bitcoin har dels avla nyvinningar innanfor blokkjedeteknologi, dels auka den ålmenne interessa for korleis pengestellet skifter med tida og tilhøva.

Det er bokstavleg tala nærliggjande å skriva om norske kroner og øre, og eg har to tankerekkjer på hjarta i så måte:

I. Den norske pengeeininga er definert på konservativt bokmål i paragraf 1-9 i sentralbanklova: «[d]en norske pengeenhet er en krone. Kronen deles i hundre øre.»

Det er det, det er alt. Og som tidene skifter.

Eit talande idéhistorisk døme er «Lov om Pengevæsenet» dagsett 17. april 1875. Det grunnleggjande vart klårt målbore i paragraf 1 i lova: «Grundlaget for Rigets Myntsystem er Guld …».

Med andre ord: Myntar var den forma for pengar som utgjorde sjølve referanseramma for pengesystemet; setlar spelte andrefiolin.

Og dinest var ikkje 1 krone berre lik 100 øre, verdien av ei krone skulle per definisjon vera lik 0,40323 gram fint gull.

Talet med fem desimalar er i røynda ei avstytting, for i lova står det fyrst at krona er verd tjuefem sekstitodelar gram fint gull. I dag er derimot norske kroner – både kontantar og kontopengar – betalingsmiddel / kjøpekraft / økonomisk makt med frittståande verdi (sui generis).

Men koplinga til gull før og den maksimale mengda til bitcoinar no minner oss på ulike vis om at pengar må vera ei slags mangelvare om dei skal ha verdi. Det lyt vera ein viss skort på pengar for at dei skal vera verde noko. Dei kan ikkje vera for talrike.

Dersom mengda av pengar aukar over alle grenser, konvergerer pengeverdien asymptotisk mot null. Og det er den vegen det går: I dag må du ut med om lag 500 kroner for 0,40323 gram fint gull.

Verdien av ei norsk krone liknar meir og meir på kråkesylv.

GAMMAL MYNT: Ein 12-skilling gullmynt frå 1721.

II. Eit pengestell på gullmyntfot er for lengst «en saga blott», og på norske pengesetlar utferda etter andre verdskrigen står det ikkje lenger at setlane kan vekslast inn mot gull. Slik sett er ikkje kontantar lenger noka fordring på sentralbanken, sjølv om setel og mynt står lista opp som gjeldspost i balansen til Noregs Bank.

Som «erstatning» for gullinnløysingsplikta byrja sentralbanksjefane etter krigen å signera norske pengesetlar. Dei skreiv så å seia under på at setlane var verde vesentleg meir enn papiret dei var prenta på.

Men både underskrivne setlar og meir anonyme myntar kjempar på vikande front: Slike statlege pengar utgjer mindre enn 2 prosent av den breie pengemengda.

Resten av pengane er digitale kontopengar, og brorparten av desse har kome til i samband med långjeving frå bankar og sparebankar. Norske kroner er for det meste private pengar; gjeld med trygd i framtidig arbeid og tilhøyrande inntekststraumar.

I samtida no er statlege pengar som dueungar: Vi veit at dei finst, men vi ser dei sjeldan.

Bitcoin er ei velkjend stadfesting av at pengar slett ikkje treng å vera statlege.

Spørsmålet er like fullt om vi treng nettopp statlege pengar – ikkje minst med kontantane sine eigenskapar når det gjeld anonymitet, som jo òg er eit særtrekk ved nettopp bitcoin.

NOREGS GRUNNLOV: Heilt sidan 1814 har grunnlovsparagraf 75c lært at det høyrer Stortinget til «å føre oppsyn med pengestellet i riket».

Kva ei norsk krone bør vera verd, og i kva grad det bør finnast pengar som opnar for både anonyme og autonome økonomiske liv (innanfor rimelege og folkestyrte grenser), er djupast sett politiske spørsmål.

Eg skriv at Grunnlova er relevant i så måte òg: Heilt sidan 1814 har grunnlovsparagraf 75c lært at det høyrer Stortinget til «å føre oppsyn med pengestellet i riket».

Eidsvollsmennene visste at pengestellet lyt vera på stell, men ingen av dei hadde nok evna å sjå føre seg korleis det med kvart vart både privatisert og pengane stadig mindre verdt.

Over 200 år seinare er det mest underleg å sjå at korleis § 75 c søv ein slags konstitusjonell tornerosesvevn: Stortinget fører i liten grad noko kunnskapsrikt og kritisk oppsyn med pengestellet i riket.

I ei ideell verd hadde Satoshi Nakamoto vore norsk statsborgar.

Då kunne Stortinget ha nytta innkallingsretten sin (jf. grl. § 75 h) og fått han til å utdjupa tankane sine i stortingssalen om kva pengar er og korleis dei skifter med tid og teknologi.

Kven veit, kanskje hadde han lagt vekt på «talaspektet» ved pengar: 1 bitcoin kan nemleg delast i heile 100 millionar satoshidelar.

Dei strekar såleis under det sentrale i læra til Pytagoras (ca. 570–490 f.Kr.) og læresveinane hans: Alt er tal.

I stadig større grad gjeld dét reie pengar òg. Jamvel om dei byggjer på arbeid, kapital, teknologi og tillit, er det tala som ligg i dagen. Som nummer og siffer på ymse display, som talteikn i tida.

Les også

Dette er E24s nye spaltister

Les også

SPALTIST: «Monsterskatt» i strid med menneskerettighetene

Les også

SPALTIST: Ursula, - og kanskje jeg.

Publisert:
Gå til e24.no