Plast og vaksine bidrog til sterkt resultat for Veen-familien

Familieselskapet auka resultatet med over ein halv milliard frå 2019 til 2020.

Silje Veen er styreleiar og eig 36 prosent av TD Veen.

Jeanette Larsen, TD Veen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

TD Veen auka resultatet frå 202 millionar kroner før skatt i 2019 til 768 millionar kroner i 2020.

TD Veen er eit investeringsselskap som blei etablert i Stavanger i 1986. Familieselskapet blei starta av Skagen-gründer Tor Dagfinn Veen. Han og Tone Veen eig no 28 prosent av selskapet saman. Døtrene Camilla og Silje Veen sit på 36 prosent kvar. Sistnemnde er styreleiar i konsernet.

Eigenkapitalen auka med ein halv milliard og kom opp i over 2,5 milliardar kroner i 2020.

Kjell Skappel er dagleg leiar i selskapet som er eigd av Veen-familien.

TD Veen

Tre plastselskap

Dagleg leiar Kjell Skappel trekker fram videokonferanseselskapet Pexip, Quantafuel, som satsar på resirkulering av plast, og vaksineselskapet Vaccibody som eksempel på selskap som har bidratt til eit godt resultat.

– Alle desse er selskap som me har vore inne i i fleire år, og me blei med dei veldig tidleg, seier Skappel.

Han fortel at rundt ein tredjedel av investeringane deira går til selskap som er i startfasen, såkalla venture-investeringar. Dette krev at dei kontinuerleg må gjera nye investeringar.

– No er me i ferd med å gå inn i ei ny investering i Tyskland. Selskapet jobbar med å laga materiale som kan erstatta plast, og som har eit negativt Co2-fotavtrykk, seier Skappel, som ikkje kan røpa namnet på selskapet.

Nyleg har TD Veen blant anna gått inn i norske Onna Greens. Målsettinga til dette selskapet er å produsera kortreiste grønsaker med bruk av vertikale dyrkingsmetodar.

På lista over ferske investeringar står også Ocean Bottle som lagar nye flasker av flasker som blir plukka opp frå havet.

Les på E24+

Kø av grønne nykommere til Oslo Børs

To år med opptur

I 2018 var resultatet minus 85 millionar kroner før skatt. For Skappel har den bratte oppturen dei to siste åra ikkje kome som ei overrasking.

– Me ser at investeringar utviklar seg positivt før det viser igjen i rekneskapen. Dessutan er det litt tilfeldig at mange selskap listar seg (blir børsnoterte, journ. merk.) i løpet av året, seier Skappel.

Tor Dagfinn Veen har vore ein aktiv investor i Stavanger-regionen i over 30 år. Han var ein av dei tre gründerane bak Skagenfondene. I 2017 selde dei til Storebrand. Dei tidlegare eigarane fekk då til saman 1,6 milliardar kroner.

Veen-familien engasjerer seg i sosialt entreprenørskap gjennom arbeidsfellesskapet Samfunnssentralen. Dette engasjementet kostar konsernet rundt sju millionar kroner i året.

– Me har plass til endå fleire flinke folk med ambisiøse prosjekt i Samfunssentralen, seier Skappel.

Camilla Veen eig 36 prosent av selskapet.

Jarle Aasland
Publisert:

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Pexip
  3. Quantafuel
  4. Vaccibody

Flere artikler

  1. Frå milliarden i pluss til 351 millionar i minus for DSD

  2. Skeidar snudde til overskudd i 2020

  3. Hitecvision halverte resultatet - gir likevel utbytte

  4. Betalt innhold

    Hun skal styre Grieg-familiens milliardbutikk i Rogaland

  5. Bondeopprørarar om milliardkrav: – Offensivt og positivt