Statnett skal få fram meir kraft til bergensområdet. Ny høgspentlinje kan gi nye konfliktar.

Sju spørsmål og svar om kraftforsyninga til Bergen og omland.

Kraftlinja mellom Sima og Samnanger var omstridt. I 2011 vart Synnøve Kvamme og andre aksjonistar fjerna med makt av politiet.

Arne Hofseth (arkiv)
  • Ådne Lunde (Bergens Tidende)
Publisert:

Statnett vil bruka mellom fem og seks milliardar kroner på styrka kraftforsyning til Bergen og omland.

Innan ti år skal forsyninga til Kollsnes og Lindås meir enn doblast.

I førre veke kom ei utgreiing (KVU) om korleis dette kan løysast.

Statnett vil primært byggja ny linje til Kollsnes. Linja skal gå gjennom folkerike område. Då står konfliktsakene i kø.

1. Kvifor er ny høgspentlinje naudsynt?

Her på Kollenes i Øygarden kjem det store anlegget for CO₂-lagring. Det er planar om industri i tilknyting til dette som vil krevja store mengder vasskraft.

Bård Bøe

Forbruket i Bergen og omland er delt opp i tre. Alminneleg forbruk, landbasert industri og elektrifisering av oljeindustrien. Det står om ny industri og tusentals nye arbeidsplassar som kan koma på land - og klimatiltak i oljeindustrien.

Den kraftige auken Statnett reknar med kjem til landstraum til oljeinstallasjonar og til ny industri. Statnett skriv at dei har god oversikt over kor mykje kraft som er planlagt til Nordsjøen.

Når det gjeld ny industri er det meldt inn store behov, men det står att å sjå kva som blir noko av.

På Kollsnes er det mellom anna planar om storstilt hydrogenproduksjon og eit smelteverk i samband med lagringsanlegget for CO₂.

Mongstad er det mellom anna kraftkrevjande planar om hydrogenfabrikk og batterifabrikk. Dessutan er det fleire planar om datasenter. Alt dette krev mykje kraft.

2. Kvar skal den nye høgspentlinja gå?

Kraftnettet på Vestlandet. Dei blå strekane viser 300 kV nett, dei raude er 420 kV nett. Stipla linje er kabel. Statnett reknar Bergen og omland innanfor det stipla området.

Statnett

Statnett vurderer ei ny høgspentlinje frå Samnanger som det beste alternativet, men dei opnar også for å legga den nye linja frå Modalen til Kollsnes. Om den nye linja skal gå der dagens høgspentlinjer går, eller om det blir laga nye trasear, er ikkje avgjort enno.

I rapporten blir også hurtig opprusting av eksisterande anlegg vurdert som eit alternativ til nye linjer, men nye linjer blir altså rekna som ei betre løysing. Mykje av det gamle må uansett fornyast.

3. Kvifor blir det konfliktfylt?

Masteaksjonistar på lagerplassen for kraftmaster i Granvin. Synnøve Kvamme (i midten) og tvillingane Gudrun og Halldis Folkedal (til v.).

Jan M. Lillebø (arkiv)

Den bitre striden om dei nye kraftmastene frå Sima til Samnanger, der motstandarane hevda store naturverdiar gjekk tapt, viser at dette ikkje blir problemfritt.

No skal den nye linja ikkje berre førast i natur, men også gjennom område med mykje folk.

Statnett skriv sjølv i utgreiinga: «Siden utredningsområdet inneholder Norges nest største by med delvis tettbygde nærområder, legger vi til grunn at konseptene berører mange mennesker. Både tettbygde strøk, hytteområder, mye brukte friluftsområder og kulturminner/kulturmiljø vil berøres av konseptene.»

4. Kor mykje meir kraft trengst?

På denne tomta på Mongstad er det planar om ein fabrikk som skal laga hydrogen. Denne prosessen krev mykje kraft. No blir også eit gasskraftverk på Mongstad stengt. Det aukar behovet for vasskraft.

Bjørn Erik Larsen

Dei siste ti siste åra har forbruksveksten vore om lag 1,5 prosent årleg. No trur Statnett veksten i forbruket kan bli opp mot ti prosent årleg dei neste ti åra.

«En slik stor og rask vekst har Statnett aldri sett i planleggingen av nett tidligere.», står det i utgreiinga.

Bergensområdet har i dag eit maksimalt effektforbruk på rundt 2300 MW, fordelt på i underkant av 1600 MW alminneleg forbruk og rundt 700 MW til industri.

Om alle planar skulle bli realiserte, kan totalbehovet bli opp mot 5000 MW om ti år.

5. Kvar kjem krafta frå?

Kraftforsyninga til bergensområdet kjem i all hovudsak frå regulert vasskraft. Her er Sysendammen i Eidfjord tørkesommaren 2006. Det er bygd ny høgspentline for denne krafta fram til Samnanger.

Jan M. Lillebø (arkiv)

Dette er i hovudsak regulert vasskraft. Det blir ikkje produsert nok i Bergen og omland. Difor må Statnett også rusta opp og auka spenninga på overføringa frå Sogndal til Modalen. Det er gitt fleire konsesjonar til kraftutbygging av mindre vasskraftverk i området, men dette er langt frå nok.

Statnett skriv også at det er fleire store vindkraftplanar som kunne hjelpt på forsyninga. Men dei reknar desse planane som for usikre til å ta dei med som grunnlag i utgreiinga.

6. Når kjem dei nye kraftlinene?

Dei mørkeblå punkta viser oljeinnstalasjonar som har fått straum frå land. Dei lyseblå viser installasjonar som ligg i løypa.

Statnett

Det første som skjer er at den såkalla konseptutvalutgreiinga (KVU) skal ut på høyring. Der skriv Statnett: «Vi forventer at konseptet vil ta 10 år å gjennomføre fra konseptvalg, og at den nye ledningen settes i drift rundt 2030.»

7. Kva skjer om det ikkje kjem ny kraftforsyning?

Privat forbruk av straum kjem inn under det Statnett kallar alminneleg forbruk. Om det blir problem med forsyninga, blir industrien kopla ut først. Noko som kan gje verksemdene store tap.

Bård Bøe

Det er Statnett som har ansvar for det høgspente nettet som fraktar krafta inn i området.

BKK Nett har så ansvaret for nettet med lågare spenning som distribuerer krafta til sluttbrukarane. Om det ikkje kjem inn meir kraft, må BKK avslå nye søknadar om forbruk.

Det er også eit prinsipp om at forsyninga skal vera så god at om ein del av nettet fell ut, til dømes ved vedlikehald, så skal det vera alternativ forsyning. Ved bortfall blir industrien kopla frå før private heimar.

Her kan du lese mer om

  1. Elektrifisering
  2. Statnett
  3. Industri
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Satser på havvind i Sverige: Mener Norge henger etter i landskampen

  2. NVE venter høyere strømpriser mot 2040: Sør-Norge får dyrest strøm

  3. Vil gjera Noreg til ei grøn kjempe med store, statlege investeringar

  4. Annonsørinnhold

  5. Utfordrer Ap om økt eksport: – Hvor skal kraften komme fra?

  6. EUs klimaambisjoner gir norske konkurransefordeler