Ny rapport: Rekordvekst for fornybar energi

Den norske fornybarnæringa omsette for nesten 30 prosent meir i 2019 enn i 2018, ifølgje ein ny rapport.

Vindkraft på land var fornybarsektoren med størst vekst i 2019. Bildet er frå Høg-Jæren vindpark.

Jarle Aasland
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

– Det er gledeleg å sjå ein slik auke. Norsk industri har store moglegheiter. Dei må me ikkje skusla bort, seier Sjur E. Bratland, leiar av Norwegian Energy Partners (NORWEP).

Multiconsult har kartlagd den norske fornybarnæringa i 2019. Dei har tatt for seg vindkraft, vasskraft, solenergi og bioenergi. Eitt av hovudfunna er at alle sektorane auka omsettinga. Samla blei den delen av omsettinga dei såg på, rekordhøg, med 45,1 milliardar kroner mot 35,2 milliardar i 2018.

Produksjonen av varme og kraft, overføring og sal til sluttbrukar er ikkje er med i tala som er målte i rapporten. Dei tar i staden for seg omsettinga frå utstyr, utbygging og rådgjeving.

Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå NORWEP, Eksportkreditt og Olje- og energidepartementet. NORWEP, som er eit samarbeid mellom 300 bedrifter, jobbar med å kopla norsk teknologi opp mot kundar i utlandet.

Talet på sysselsette, 14.447 årsverk, har halde seg relativt stabilt i alle fornybarsektorane. Rapportforfattarane trur at aukande effektivitet og storskalafordelar som ofte oppstår i veksande næringar, er årsaka til at talet på årsverk ikkje aukar parallelt med omsettinga.

Total omsetting (milliardar kroner)Nasjonal omsetting (milliardar kroner)Eksportomsetting (milliardar kroner)Utanlandsomsetting (milliardar kroner)Årsverk i Noreg
Landbasert vindkrat14,210,512,71.821
Vasskraft11,3100,80,57.578
Havbasert vindkraft11,11,85,442.431
Solenergi6,31,72,42,11.859
Bioenergi2,21,90,20,2757
Totalt45,125,99,79,514.477
Kjelde: Multiconsult

Medvind for vindkraft

Den totale omsettinga består av nasjonal omsetting, eksport og dotterselskap i utlandet. Isolert sett var den nasjonale omsettinga 25,9 milliardar kroner, opp frå 20,5 milliardar kroner i 2018. Den største veksten stod vindkraft på land for.

Med ei total omsetting på 14,2 milliardar kroner overtok landbasert vindkraft fyrsteplassen frå vasskraft, i alle fall når det gjeld dei faktorane som er målte i denne rapporten. Det har aldri før blitt bygd ut så mykje vindkraft i Noreg på eitt år, med 780 megawatt med fordelt på ni anlegg.

Vindkraft til havs held fram med å veksa, og hadde ei samla omsetting på 11,1 milliardar kroner. Men her var det eksport og omsetting i utlandet som var størst, sidan det ikkje finst nokon kommersielle havvindparkar i Noreg endå.

I Europa blei det installert 11,7 gigawatt vindkraft på land, 25 prosent meir enn i 2018. Globalt blei det installert 54 gigawatt. Når det gjeld havvind, bygde Europa ut 3,6 gigawatt. Aldri før er det blitt installert meir i løpet av eit år. Globalt var det også rekord, med 6 gigawatt.

– Innan 2030 ser me føre oss 50 milliardar i eksport innan havvind. Godt over halvparten av partnarbedriftene våre er opptekne av vindkraft, og talet er stadig stigande, seier Bratland.

Innan fornybarnæringa var den totale eksportomsettinga 9,7 milliardar kroner i 2019, seks prosent meir enn i 2018. Det var berre havvind som opplevde eksportvekst. Omsettinga frå sal i utanlandske dotterselskap auka med 70 prosent frå 2018 til 2019, opp til 9,5 milliardar kroner. Over halvparten av denne veksten kom frå havvind.

Les på E24+

Guide til grønne investorer: Hvor mye er en megawatt?

Les også

På eitt år steig havvindoptimismen med 40 prosent

Rusta opp vasskraft

Den nest største sektoren i rapporten er vasskraft, med 11,3 milliardar kroner i total omsetting. Ti av desse milliardane kom frå den nasjonale marknaden.

I 2019 blei det sett i drift 100 megawatt i nye vasskraftverk i Noreg, under halvparten av året før. Men utviding og opprusting av eksisterande kraftverk auka med 35 prosent, til 266 megawatt i 2019. 900 megawatt var dessutan under bygging ved utgangen av året.

– Vasskraft er eit segment me burde satsa meir på internasjonalt enn me gjer i dag. Me har sett oss som mål at omsettinga frå eksport skal vera 10 milliardar kroner i 2030, seier Bratland.

Internasjonalt blei det installert 16 gigawatt ny vasskraft, noko som er nesten 80 prosent mindre enn i 2018.

Les også

Kraftbransjen etter statsbudsjettet: – Løser ikke det grunnleggende problemet

Olja er størst

Sjølv om fornybarnæringa er blitt stor, er olja framleis mange gongar større. Norske oljeserviceselskap omsette i fjor for 398 milliardar kroner, ifølgje ein fersk rapport frå Rystad Energy.

– Me ventar 150 milliardar i eksport frå norskbasert olje- og gasservicenæring i 2030. Men det å få aktørar innan olje- og gass til å jobba på tvers i andre sektorar, er nesten ei av dei viktigaste oppgåvene me har, seier Bratland.

Her kan du lese mer om

  1. Norwegian Energy Partners
  2. Utbygging
  3. Fornybar energi
  4. Vindkraft
  5. Multiconsult
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Over 200 norske selskap hadde havvind-inntekter i fjor

  2. Havvind-konferanse: Ordføraren bad folk bli heime

  3. SV hevdar regjeringa ikkje følgjer opp stortingsvedtak

  4. Annonsørinnhold

  5. Betalt innhold

    I framtida kan han få oppdrag på vindturbinar på størrelse med oljeplattformer

  6. Betalt innhold

    Tunge aktørar posisjonerer seg for norsk havvind-utbygging