Statsbudsjettet 2021

SV hevdar regjeringa ikkje følgjer opp stortingsvedtak

Havvindnæringa håpte på nye støtteordningar for å bygga opp industrien, men regjeringa meiner dei gamle er gode nok.

Medan Noreg foreløpig ikkje har nokon havvindparkar, har andre land hatt parkar i årevis. Bildet er frå eit anlegg i Danmark.

Fredrik Refvem
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:,

Før framlegginga av forslag til statsbudsjett for 2021 hadde havvind-næringa store forventningar til kva som skulle koma, og håpet var at det ville koma nye ordningar som kunne bidra til å bygga opp ein stor, norsk industri.

– Det kjem ingenting, seier Jon Evang i miljøstiftinga Zero.

Tidlegare i haust, uttalte han at det måtte koma verkemiddel som kan utløysa to havvindparkar på 500 megawatt kvar, eitt flytande og eitt botnfast. Dette ville ifølgje Evang vera ein veldig god start for eit heimemarknad der norsk leverandørindustri kan øva seg.

Teknologien for å bygga havvindparkar på fast grunn, er moden, men flytande havvindparkar er framleis i startgropa.

Andre grøne næringar kjem betre ut av det i forslaget til statsbudsjett. Regjeringa vil setja av 100 millionar kroner til ny hydrogensatsing og 2,7 milliardar kroner til fangst, transport og lagring av karbondioksid.

Les også

Minst 800 skal jobbe med prosjektet. I dag gikk startskuddet.

Les på E24+

I framtida kan han få oppdrag på vindturbinar på størrelse med oljeplattformer

Viser til eksisterande ordningar

I konklusjonen i kapittelet «Finansieringordningar for flytande vindkraft» skriv regjeringa at det allereie finst ulike støtteordningar som skal bidra til at norsk leverandørindustri skal kunna ta del i utviklinga og bidra til å få fram lønsam fornybar kraftteknologi.

«Støtte til bygging av flytande vindkraftverk ligg innanfor Enova og Klima- og energifondet sitt mandat for teknologiutvikling og er dagens hovudfinansieringsmodell for støtte til flytande vindkraft. Regjeringa vil følge utviklinga i teknologien og aktuelle prosjektplanar tett i tida som kjem, og vurdere situasjonen i lys av utviklinga.»

I mars bad Stortinget regjeringa om ei utgreiing og moglege finansieringsmodellar som kan sikra utbygging og realisering av prosjekt innan flytande havvind.

– Regjeringa skriv at dei reknar dette som utkvittert med støtteordningane til Enova. Desse har vist seg å ikkje vera gode nok. Me treng meir aktiv politikk frå regjeringa for å få i gang prosjekta i Noreg, hevdar Evang.

SV er overraska

Torgeir Knag Fylkesnes, nestleiar i SV, meiner ikkje at forslaget til statsbudsjett følgjer opp stortingsvedtaket godt nok.

– Det er rett og slett ingenting nytt å melda, og det overraskar meg. Dei gjer ikkje anna enn å peika på eksisterande ordningar. Bakgrunnen for vedtaket i vår, er at me treng noko meir om me skal kunna ligga i front, seier Fylkesnes.

I forslaget til statsbudsjettet gjer regjeringa ei vurdering av ulike støtteordningar som er gjennomført i andre land, utan å koma fram til at nokon av dei bør bli gjort til norsk politikk.

Når dei ser på eksisterande ordningar i Noreg, viser dei blant anna til at Enova har bidrege med store summar. Den flytande vindparken Hywind Tampen, som Equinor nyleg starta å bygga, har fått 2,3 milliardar kroner i støtte.

– Kvifor er ikkje slik Enova-støtte bra nok også til komande prosjekt?

– Hywind Tampen var meint som ein start. Skal dette verkeleg bli ein stor industri for Noreg, må støtta vera større enn det Enova er rigga for. Det me ber om, er ei finansieringsløysing som ikkje går ut over andre energiprosjekt, seier Fylkesnes.

Han håper at Noreg skal kunna ha ei leiande rolle internasjonalt.

– Men då treng ein nye, stabile rammevilkår som gjer det lukrativt for leverandørindustrien å gå i gang.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) ser på flytande havvind som ei av næringane Noreg bør satsa tungt på under omstillinga av økonomien.

Lise Åserud/NTB

– Legg til rette for vekst

Olje- og energiminister Tina Bru meiner verkemiddelapparatet allereie er godt rigga for å støtta havvindnæringa.

– Enova har bidrege med finansiering av fleire prosjekt dei siste åra, uttaler ho og trekk fram satsinga på Hywind Tampen som eksempel.

Ministeren viser også til at det er sett av over 500 millionar kroner til havvind i den nasjonale strategien for klimavenleg energiteknologi, Energi21.

– Store havvindprojsekt vil i næraste framtid krevja betydeleg statleg støtte. Det er per i dag ikkje ei lønsam næring, og derfor har me støtta ho med mykje pengar fram til no. Det er ingen tvil om at me med politikken vår legg til rette for at denne bransjen skal kunne veksa i framtida, hevdar ministeren.

Les også

Åpner for større havvindprosjekter

Olje- og energiminister Tina Bru fotografert då ho opna områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II for havvind i sommar.

Ørjan Deisz

Britisk satsing

Evang i Zero meiner norske aktørar no mistar verdifull tid i konkurranse med andre land.

– I går vedtok Storbritannia eit eige mål om 1 gigawatt frå flytande havvind innan 2030. På botnfaste anlegg skal dei opp på 40 gigawatt. Dette har regjeringa grunn til å ta på det største alvor.

Evang håper at budsjettet vil sjå annleis ut etter at Stortinget har behandla det.

– Eg har tru på at alle partia på Stortinget ser at ei satsing no vil kunna gje avkasting på sikt med god margin. Det er ei viktig omstillingsnæring der ein kan bygga på eksisterande kompetanse i petroleumsnæringa. Havvind vil bli ein sentral del av verdas fornybare energimiks.

Les også

Flytende turbiner er i vinden – venter femdobling

Her kan du lese mer om

  1. Statsbudsjettet 2021
  2. Havvind
  3. Statsbudsjettet 2021
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Ny rapport: Havvind for nær 85 milliardar i 2050

  2. Betalt innhold

    I framtida kan han få oppdrag på vindturbinar på størrelse med oljeplattformer

  3. Spent på havvind-planene i statsbudsjettet: – Ser stort potensial

  4. Annonsørinnhold

  5. Leiar milliardsatsing: Skal forsyna New York med Equinor-vind

  6. Sjeføkonom overraska over låg oljepengebruk