Vindkraft-utdanning kjempar for å overleva: Viktige underskrifter er på plass

– Linja har livets rett, slår Solveig Ege Tengesdal (KrF) fast etter at Dalane vidaregåande har signert avtalar med fleire vindkraftaktørar.

Her er ein kursdeltakar på veg ned øvingstårnet hos Egersund Energy Hub. Neste skuleår kan vindkraftlinja til Dalane vidaregåande skule koma til å flytta inn på senteret.

Jon Ingemundsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

«Landets einaste vindkraftlinje kjempar for å overleva», melde Aftenbladet/E24 tidlegare denne veka. Saka handla om energioperatørlinja på Dalane vidaregåande som utdannar vindteknikarar.

Rektor Tor-Magne Rotevatn fortalde at det har vore utfordrande å få nok læreplassar, noko som har hatt innverknad på søkartala. Dette skuleåret har linja berre tre elevar.

Rogaland fylkeskommune må spara pengar i dei vidaregåande skulane sine, og med så få elevar, står vindkraftlinja i fare for å bli nedlagd. Fylkestinget bad Dalane vidaregåande om å henta inn forpliktande utsegner frå bedrifter som dokumenterer behovet for læreplassar.

Minst ti læreplassar

Skulen har no inngått intensjonsavtalar som sikrar minimum ti læreplassar årleg. Desse kjem hos Espeland Energi, Equinor, Sira Kvina Kraftselskap, SRI Services, Vertikal Service og Vestas Norway. Ifølgje bedriftene vil behovet for lærlingar vil vera aukande i åra som kjem. Talet på intensjonsavtalar kan stiga dei komande vekene då fleire bedrifter som er blitt spurt, er i interne prosessar.

Fylkesrådmannen meiner etter dette at dei positive signala frå bransjen og dei forpliktande avtalane, tilseier at tilbodet bør bli vidareført. Han foreslår at det blir opna for søking til energioperatørfaget som eit Vg3-løp for neste skuleår. Om søkartalar viser at det er grunnlag for å starta tilbodet, vil linja kunna bli lagt inn igjen i tilbodsstrukturen.

Dette går fram av eit vedlegg til saka om tilbodsstruktur i vidaregåande skular som skal til politisk behandling i fleire utval i fylkeskommunen før jul.

Det er no over 1000 vindturbinar i drift på land i Noreg, og fleire er under bygging. Snart kan dessutan interesserte aktørar søka om å få bygga ut to norske havvindområde, og Equinor er i gang med bygginga av havvindparken Hywind Tampen.

Solveig Ege Tengesdal (KrF) trur det er politisk vilje i fylkeskommunen til å halda på utdanningstilbodet.

Rune Vandvik

– Bekreftar moglegheitene

Solveig Ege Tengesdal (KrF), som er leiar av opplæringstutvalet, meiner absolutt at linja har livets rett.

– Det arbeidet som no er blitt gjort overfor bransjen, er med på å bekrefta at det er moglegheiter her, seier ho.

Fylkesrådmannen har også prøvd å få til ei løysing som inneber at linja blir ei landslinje. Om elevar frå heile landet kan søka, vil heimfylka betala for elevane. Men dette har Utdanningsdirektoratet sagt nei til. Dei legg vekt på at det ikkje er dokumentert tilstrekkeleg mange læreplassar. Dessutan meiner dei at det eksisterande energioperatørfaget, som finst ved andre skular, også dekker vindkraft tilstrekkeleg.

Tengesdal håper no at underskriftene vil få Utdanningsdirektoratet til å snu. Gjer dei ikkje det, vil ho at saka skal bli vurdert av Kunnskapsdepartementet.

Les også

Ministeren om komande havvind-debatt: – Debatt med sprengkraft

Her kan du lese mer om

  1. Vindkraft
  2. Utdanning
  3. Rogaland fylkeskommune
  4. Videregående skole
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Landets einaste vindkraftlinje kjempar for å overleva

  2. Vindbransjen og kommunene med felles forslag: – Kan løse vindkraftfloken

  3. Høyre, Venstre, KrF og Frp vil gi kommunene vetorett over vindkraft

  4. Annonsørinnhold

  5. Hitecvision satser milliarder på grønt industriselskap

  6. Ny rapport: Rekordvekst for fornybar energi