Stavanger vil ta ei leiande rolle innan havvind

Med kommunal støtte går den fyrste havvind-konferansen i Stavanger av stabelen neste veke.

Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) håper havvind vil kunna bidra til framtidsretta arbeidsplassar i regionen.

Marie von Krogh
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

I juni i fjor vedtok bystyret i Stavanger at det skulle bli arrangert ein nasjonal konferanse om havvind i byen i løpet av 2019.

Etter to utsettingar, den fyrste gongen på grunn av ein konkurrerande konferanse i Oslo, og den andre på grunn av koronasituasjonen i vår, er det endeleg klart for High Wind 2020 onsdag 4. november.

Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) er fyrste talar på podiet.

– Det er viktig at me som energihovudstad og vertskommune for energibransjen tar ei leiande rolle på dette området. Med ein slik konferanse får ein samla næringa og avgjerdstakarar som tar oss vidare inn i eit fornybart energiskifte, seier ho til Aftenbladet/E24.

Stavanger kommune bidreg med 150.000 kroner til konferansen. Kommunen var også med på å bestilla ein havvind-rapport som blei lansert tidlegare i oktober.

– Me har ein unik kompetanse i regionen vår. Derfor vil me vera ein bidragsytar til ei berekraftig framtid og skapa framtidsretta arbeidsplassar, seier ordføraren og viser til FNs klima- og berekraftsmål.

Eitt av dei fyrste punkta på programmet er ein presentasjon av ein rapport om norske moglegheiter innan havvind i marknaden fram mot 2050. Denne er bestilt av Olje- og energidepartementet, Eksportkreditt og Norwep.

– Eg ser fram til at rapporten skal bli lagt fram. Men heile programmet ser veldig interessant ut, seier Nessa Nordtun.

Nyleg blei det også arrangert ein havvind-konferanse i Oslo.

– Treng ein to nasjonale konferansar så tett opptil kvarandre?

– Det var ikkje det som var planen. Men eg trur det er viktig å legga til rette for arenaar for å finna moglegheiter og satsa.

Her kan du lese mer om

  1. Havvind
  2. Fornybar energi
  3. Stavanger
  4. Kari Nessa Nordtun
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Havvind-konferanse: Ordføraren bad folk bli heime

  2. Ny rapport: Havvind for nær 85 milliardar i 2050

  3. Betalt innhold

    I framtida kan han få oppdrag på vindturbinar på størrelse med oljeplattformer

  4. Annonsørinnhold

  5. Ny rapport: Rekordvekst for fornybar energi

  6. Karbonfangst får statlege milliardar: – Ein historisk viktig dag