Havvind-konferanse: Ordføraren bad folk bli heime

Aukande smitte fekk ordføraren til å oppfordra til digital deltaking då Stavanger endeleg fekk arrangera havvind-konferanse.

Marius Holm Rennesund frå THEMA Consulting Group, presenterte hovudfunna i ein ny rapport på trygg, digital avstand.

Jon Ingemundsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:,

Onsdag blei den fyrste havvindkonferansen i Stavanger arrangert, etter å ha blitt utsett to gongar.

Heller ikkje denne gongen blei tidspunktet heilt perfekt for arrangørane av High Wind 2020. På bakgrunn av aukande smittetal oppfordra ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) deltakarar til å følgja konferansen digitalt. Dermed blei det opphavleg avgrensa talet på fysiske deltakarar, som var hundre, redusert ytterlegare. Men både dei som møtte opp, og dei som følgde med digitalt, fekk servert eit fyldig havvind-program, der ein ny rapport var ein av hovudingrediensane.

Les også

Stavanger vil ta ei leiande rolle innan havvind

Kan bli viktig industri

Rapporten ser på kva moglegheiter norsk industri har i havvindmarknaden fram mot 2050 og er laga av THEMA Consulting. Han var bestilt av Olje- og energidepartementet, Eksportkreditt og NORWEP. Heile rapporten blir ikkje offentleg før på fredag, men Marius Holm Rennesund presenterte hovudfunna.

– Kort sagt: Havvind har potensial til å vera ein av dei viktigaste industriane i Noreg i åra som kjem, sa han.

Innan 2050 ser rapportforfattarane føre seg at havvind vil generera nærare 1300 gigawatt på verdsbasis, meir enn ti gongar meir enn i dag. Den største marknaden er no i Europa, men i 2050 vil Kina vera størst.

Denne rapporten er ikkje den fyrste som konkluderer med optimisme for næringa. I ein relativt fersk rapport frå Menon Economics kan ein lesa at flytande havvind kan skapa store verdiar i Noreg om ein legg til rette for det.

Høyr fersk episode av podkasten Det vi lever av:

Sju milliardar euro i 2050?

Rennesund viste til både «European Green Deal» og kinesiske målsettingar om å netto nullutslepp innan 2060.

– Dette vil gje elektrifisering av nye sektorar, noko som igjen vil auka etterspørselen etter kraft. Havvind vil ta noko av denne veksten. Det vil vera ein nøkkelteknologi. Noreg må gripa moglegheitene.

I rapporten tar ein for seg tre ulike scenario. I det som blir kalla «base case», det mest realistiske, kan norske selskap ha ei omsetting på sju milliardar euro frå havvind i 2050. Ein av føresetnadane er at dei to områda som blei lyste ut i sommar, Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II, blir bygde ut. Andre føresetnadar er at ein får tak i tilstrekkeleg med finansiering.

Går utviklinga av havvind i Noreg fortare enn venta, kan summen bli ti milliardar euro. Ein treng då ein politikk som får utviklinga i leverandørkjeda til å skyta fart. Skulle utviklinga gå saktare enn venta, kan ein enda i det lågaste scenarioet, med tre milliardar euro i omsetting for norske havvindaktørar.

Rennesund illustrerte korleis størrelsen på turbinane har dobla seg i løpet av dei siste ti åra, frå 100 til 200 meter, med ein tilsvarande større kapasitet, frå tre og opp mot åtte megawatt.

– Denne framgangen har pressa kostnadane ned. I tillegg har tydelegare politiske mål ført til investeringar i havvind.

Les også

Ministeren om komande havvind-debatt: – Debatt med sprengkraft

Vil sørga for gode støtteordningar

Olje- og energiminister Tina Bru (H) sende ei digital helsing til konferansen. Ho skildra havvind som ein del av løysinga i kampen mot klimaendringane.

– Havvind kan bli eit nytt industrielt eventyr. Me må bruka det momentet me har no til å gå framover. Norske styresmakter vil støtta opp om dette, sa ho.

I ei pressemelding som blei sendt ut i samband med rapporten, peiker ho på at norske leverandørbedrifter med erfaring og ekspertise frå olje, gass og maritim næring har gode føresetnadar for å lykkast i den stadig veksande globale havvindmarknaden.

– For regjeringa er det viktig å sørga for at me har gode støtteordningar og rammevilkår som gjer at energibransjen er konkurransedyktig internasjonalt.

Her kan du lese mer om

  1. Havvind
  2. Fornybar energi
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Stavanger vil ta ei leiande rolle innan havvind

  2. Ny rapport: Rekordvekst for fornybar energi

  3. Ny rapport: Havvind for nær 85 milliardar i 2050

  4. Annonsørinnhold

  5. Betalt innhold

    Over 200 norske selskap hadde havvind-inntekter i fjor

  6. Betalt innhold

    Tunge aktørar posisjonerer seg for norsk havvind-utbygging