Vil gjera Noreg til ei grøn kjempe med store, statlege investeringar

Med økonomisk støtte frå blant anna Aker Solutions og Kværner, jobbar venstreside-tankesmia Manifest fram ein plan for ny, grøn industri.

Magnus Marsdal frå tankesmia Manifest diskuterte grøn økonomi med økonomane Ann Pettifor og Rainer Kattel på Kåkånomics torsdag kveld.

Anders Minge
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:,

– Hjartet til kjempa er store, statlege investeringar, seier Magnus Marsdal, leiar av tankesmia Manifest.

Manifest, som kallar seg for tankesmia til venstresida, jobbar for tida med prosjektet Grønn Industri 21. Målet er å finna ut korleis globale utsleppskutt kan skapa grøn industriutvikling nasjonalt.

I prosjektet møtest aktørar frå fagrørsla og miljøbevegelsen. Finansieringa kjem blant anna frå Aker Solutions og Kværner. (Sjå faktaboks.) Men konklusjonane er det Manifest som skal stå ansvarleg for.

– Dei klimaengasjerte er utolmodige, i og med at kloden krakelerer. Samstundes finst det frykt og utolmodigheit hos oljearbeidarar fordi arbeidsplassar forsvinn. Ofte blir desse energiane sette opp mot kvarandre. Men me ser moglegheita til å sameina dei i kravet om ei grøn industriutvikling, seier Marsdal idet han innleier ein debatt under økonomifestivalen Kåkånomics Stavanger.

Investeringar og eigarskap

Grønn Industri 21 ønsker å ha innverknad på stortingsvalet i 2021. Om nokon månadar skal dei lansera strategidokumentet «Den grønne kjempen». Marsdal er ikkje klar for å fortelja alt om kjempa allereie no. Men hjartet, som altså er dei statlege investeringane som skal pumpa pengar ut i resten av kjempekroppen, vil Marsdal gjerne visa fram.

– Det er snakk om milliardar. Staten skal opp på hesten og peika framover med heile armen, seier Marsdal som etterlyser eit nytt politisk leiarskap.

Han meiner også at omlegginga krev ein meir samla strategi for statleg eigarskap. Dagens eigarskap skildrar han som ukoordinert.

– Under debatten spurte du dei andre om det kunne vera lurt å bruka meir av oljefondet på investeringar innanlands i staden for å berre investera i utlandet. Meiner du sjølv at ein skal ta meir av fondet inn i Noreg?

– Me treng ein revidert handlingsregel for det grøne skiftet. Regelen er der for å skapa stabilitet, og me skal ikkje skapa ustabilitet med å ta for mykje inn i Noreg. Men handlingsregelen må ikkje bli ein regel mot handling. Me kan ikkje leva av handlingsregelen, seier Marsdal.

Les også

Vil ha grønn vekst etter coronakrisen: – Det Norge lever av, går ut på dato

Ikkje ein «Green Deal»

Under debatten diskuterte Marsdal grøn økonomi med økonomane Ann Pettifor og Rainer Kattel. Kattel er ein av samarbeidspartnarane til Grønn Industri 21, og visedirektør for Institute for Innovation and Public Purpose ved UCL i London.

– Noreg er i ein farleg situasjon når de er så låste til olja. Men de har også moglegheita til å gjera noko med det. De har ein privilegert posisjon og kan ta med dykk de det har, inn i nye nisjar. De er i ein unik situasjon, men det kjem an på om de har politikarar som handlar, seier Kattel.

Økonomen trur Noreg kan bli eit leiande land i arbeidet med å skapa berekraftig endring i verda.

– Det er både ei moralsk forplikting og ei forretningsmoglegheit.

– Nokon fryktar at store statlege investeringar stenger ute private investeringar, seier Marsdal.

– Det er ikkje anten eller. Styresmaktene og marknadane må jobba saman, seier Kattel.

Pettifor er direktør for Policy Research In Macroeconomics (PRIME), og har blant anna skrive boka «A case for a Green New Deal».

– Dette er ei meir alvorleg krise enn krig, for det gjeld heile verda. Ein må skapa ei kjensle av at dette hastar, seier ho.

Medan Marsdal og Kattel var einige om mykje, var det noko mindre samanfall mellom synet til Marsdal og Pettifor, som blant anna fremma heimleggjering av marknaden i staden for globalisering, og ein høgare grad av nasjonal sjølvforsyning.

På spørsmål om Grønn Industri 21 er ein Green New Deal for Noreg, svarer Marsdal at Grønn Industri 21 er eit veldig annleis prosjekt.

– Me er retta mot industriutvikling og er opptekne av å samla ein koalisjon. New Green Deal handlar om sosial utjamning og veldig mykje meir. Det er heile programmet til venstresida kamuflert som grønt, hevdar Marsdal.

Her kan du lese mer om

  1. Industri
  2. Omstilling
  3. Kåkånomics
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Ministeren om komande havvind-debatt: – Debatt med sprengkraft

  2. Havvind-konferanse: Ordføraren bad folk bli heime

  3. Ny rapport: Havvind for nær 85 milliardar i 2050

  4. Annonsørinnhold

  5. Solbergs hydrogen-strategi kan vere byrjinga på noko bra

  6. SV hevdar regjeringa ikkje følgjer opp stortingsvedtak