GÅR I RETTE MED ZERO: Sveinung Rotevatn (V) svarer Marius Holm i Zero.

Vidar Ruud
Det grønne skiftet

Noreg rir på den grøne bølgja

Utsleppa går ned og norsk næringsliv går føre med ny teknologi. Marius Holm tek feil.

  • Sveinung Rotevatn (V)
    Sveinung Rotevatn (V)
    Klima- og miljøvernminister
Publisert: Publisert:
Dette er en kronikk
Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til E24 her.

"Regjeringens grep er et gjennombrudd for hydrogen som drivstoff i sjøfarten, og dette kan bli et viktig startskudd på storskala hydrogenproduksjon i Norge."

Orda er ikkje mine. Dei ble sagt av Zeros leiar Marius Holm til NTB. Han responderte på regjeringas siste grep for å satse på hydrogen i Noreg, nemleg at vi no skal ha hydrogenferje på Vestfjorden.

I E24 skriv han førre veke likevel at «Norge faller av den grønne bølgen»

Les også: Marius Holms kronikk kan du se her

Han skriv om utanlandske ambisjonar og framstiller det som om det ikkje skjer noko i Noreg, at norsk næringsliv ikkje er med på å utvikle framtidas klimateknologi. Det er feil. Heilt feil.

På nokre område er Noreg allereie verdsleiande.

Det var på ein norsk fjord at den første heil-elektriske ferja blei sjøsett i 2015. Sidan den gong har utvikla skutt fart. Den norske maritime næringa utviklar teknologi som kuttar utslepp i dag og omstiller sjøfarten for framtidas lågutsleppssamfunn.

Det er på norsk sokkel at verdas største prosjekt for flytande havvind kjem på plass. Med over to milliardar kroner i støtte frå staten skal Equinor leie an i ei av dei viktigaste teknologisatsingane for fornybar energi, og no opnar vi havområde for nye prosjekt.

Det er i Noreg at vi har foreslått den største satsinga på karbonfangst- og lagring. Med prosjektet Langskip tek vi ansvar for å utvikle teknologien og infrastrukturen som vil vere naudsynt i lågutsleppssamfunnet og som vil kutte utslepp når anlegget er på plass.

Samstundes ser vi at nye næringar veks fram her til lands. Både regjeringa og næringslivet satsar på hydrogen. Det er store ambisjonar for batteriteknologi i Noreg. Så seint som førre veke inngjekk Hydro og Equinor ein intensjonsavtale med Panasonic, verdas største batteriprodusent, om å utgreie moglegheitene for ein batterifabrikk i Noreg.

E24+: De mistet jobben under oljekrisen. Nå vil geologene revolusjonere verdens betongindustri

Alt dette er med på å kutte utslepp og utvikle teknologi for heile verda.

Men ingenting av dette skjer av seg sjølv. Det skjer fordi vi gjennomfører ein klimapolitikk som er god næringspolitikk og ein næringspolitikk som er god klimapolitikk. Vi stiller klimakrav i offentlege innkjøp, gir økonomisk støtte til innovasjon og sikrar gode konkurransevilkår.

Eg er sikker på at viss Marius Holm satt i eit anna land i verda, ville han nemnt desse døma for å seie at styresmaktene der var dårlegare enn dei norske.

Han ville sikkert òg slengt på at Noreg har meir ambisiøse klimamål enn EU. Vi var eit av dei første landa som sendte inn forsterka mål under Parisavtalen, og vi skal overoppfylle vår EU-forplikting for ikkje-kvotepliktig sektor.

Mange har høge klimamål. Det har Noreg òg, men viktigast av alt: Vi har ein plan.

Snart skal regjeringa legge fram klimaplanen for dei neste ti åra. Den skal vise korleis vi skal kutte utslepp og omstille Noreg.

Publisert:

Her kan du lese mer om

  1. Det grønne skiftet
  2. Teknologi
  3. Hydrogen
  4. Utslipp
  5. Klimapolitikk

Flere artikler

  1. Miljøorganisasjoner skeptiske til Equinors karbonsatsing: – Sårbar strategi

  2. Utsleppa går ned, og vi har kontroll på dei

  3. Fersk Equinor-rapport: – Energiomstillingen går for sakte

  4. Annonsørinnhold

  5. Betalt innhold

    Studentar med tru på ei grøn framtid

  6. DFDS vil drive danskebåten med hydrogen fra 2027