Ladeselskap fullada med ferske millionar

Stavanger-selskapet Zaptec har fått nye investorar med på laget. Målet er å elektrifisera den europeiske bilparken.

Marknadssjef Lasse Hult og dagleg leiar Anders Thingbø i Zaptec er klare for vidare vekst.

Fredrik Refvem
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Stavanger-selskapet Zaptec Charger AS produserer ladarar til elbilar hos Westcontrol AS på Tau.

Etter å ha bygd seg opp i heimemarknaden, satsa Zaptec i fjor for alvor i utlandet. Dei selde elbil-ladarar for 14,5 millionar kroner i andre europeiske land.

No har dei økonomiske musklane til selskapet blitt vesentleg større.

– Me har henta inn 236 millionar kroner i ny kapital til selskapet, seier dagleg leiar Anders Thingbø.

Med fleire millionar å rutta med, ser Thingbø føre seg at selskapet kan veksa raskare, særleg internasjonalt. I fjor eksporterte dei 25 prosent av ladarane sine.

Les også

Europa-satsing bidrog til femti prosent auke i omsetting

Nye aksjonærar

Thingbø fortel at selskapet har fått 140 nye aksjonærar.

– Store tyske, amerikanske og svenske fond er representerte. Det er internasjonal interesse for selskapet. Det trur eg kjem av at me bidreg til raskare elektrifisering av bilparken i Europa. Kapitalen flyt no i retning av samfunnsnyttige, positive selskap som Zaptec.

Fem eigarar er det han kallar for nøkkelinvestorar. Desse er DNB Asset Management, Swedbank Robur Fonder, Nordea Investment Management, Delphi Fondene og Pareto Asset Management.

– Det betyr mykje at me har langsiktige, kapitalsterke investorar som stiller krav til selskapet, og som har meir kapital om me treng det.

På børs

Zaptec siktar seg no inn mot børsen, og er frå 6. oktober til stades på Merkur Market.

– Det er litt lågare krav til å bli børsnotert på Merkur enn på hovudlista til Oslo Børs. Det passar perfekt for Zaptec. Det gjev eigarane våre høve til å bestemma om dei vil eiga eller selja aksjane sine, og det gjev oss tilgang til kapital når me treng det, seier Thingbø.

Når selskapet har vekse seg større, ønsker Thingbø også å prøva å få selskapet inn på hovudlista til Oslo Børs.

Les på E24+

Stavanger-gründere har solgt elbil-ladere for over 100 millioner i år

Les også

Tesla lover billigere batteri og økt rekkevidde

Les også

Lovfester rett til å sette opp elbil-lader hjemme

Her kan du lese mer om

  1. Zaptec
  2. Elbil
  3. Delphi Fondene
  4. Swedbank
  5. Nordea Investment Management
  6. Pareto
  7. Elektrifisering
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Merkur Market eksploderer: Dette bør du vite før du investerer

  2. Betalt innhold

    Merkur-festen på Oslo Børs har en ekkel bismak

  3. Nysnø kan venta seg 700 ferske millionar i statsbudsjettet

  4. Annonsørinnhold

  5. Meglerhus rir børsbølge: Honorarfest på 870 mill.

  6. Betalt innhold

    Børsbølge i norsk tech: Fordelene og ulempene for startups