Leiar milliardsatsing: Skal forsyna New York med Equinor-vind

Equinor satsar stort på havvind i USA. Siri Espedal Kindem leiar prosjektet frå heimekontoret på Hinna.

Siri Espedal Kindem har 30 års erfaring frå Statoil og Equinor. No står New York for tur.

Marie von Krogh
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Vinden herjar rundt hjørna på Equinors hovudkvarter på Forus utanfor Stavanger. Men endå sterkare blåser det langs den nordaustlege kysten av USA der Equinor har sikra seg to store område til havvindutbygging.

Siri Espedal Kindem er leiaren som skal gje prosjektet vind i segla.

– Espedal, der er jo i Rogaland, seier ho tidleg i intervjuet for å understreka kvar ho kjem frå og kvar ho høyrer til.

Heile 30 år har ho vore tilsett i selskapet som no har gjeve ho ansvar for eit stort, framtidsretta prosjekt som ifølgje ho sjølv kan koma til å generera ein jamn kontantstraum 30 nye år fram i tid.

– Det er veldig spanande å få vera med no som me går mot å vera eit breiare energiselskap. Me skal bygga ein ny industri, seier havvind-leiaren som vaks opp i ein oljefamilie.

Ho er tydeleg oppteken av å få fram at sjølv om selskapet med dette tar endå eit symjetak ut i det fornybare, så er kompetansen frå oljehovudstaden framleis høgst relevant.

Les også

Equinors konkurrenter skjerper klimamål: – Da må vi også speede opp

Tomtekjøp til 177 millionar dollar

Området til Empire Wind ligg utanfor New York, medan Beacon Wind er lokalisert utanfor Massachusetts. Dei er ein del av fornybar-satsinga til Equinor, som blant anna også består av utbygginga av den store havvindparken på Dogger Bank utanfor den britiske kysten.

Kindem har frå før av ein fot innanfor både den fornybare og den tradisjonelle verksemda til Equinor.

– For fem-seks år sidan leia eg fornybarsatsinga vår, som då var i oppstartsfasen. Og så hadde eg gleda av å vera tilbake i olje og gass då eg var leiar for drifta i nord.

Lenge før byggestart er allereie store summar lagde ned i havvindsatsinga langs den amerikanske austkysten. For å få tilgang til det 128.000 acre (518 kvadratkilometer) store Beacon-feltet, la Equinor inn eit bod på 135 millionar dollar. Empire-området, som er 80.000 acre (324 kvadratkilometer), kosta dei 42 millionar dollar. På amerikansk heiter det at dei vann ein «lease» for dei aktuelle områda. Kindem omset dette til at dei har kjøpt seg tomter.

Equinor la til grunn ei venta investeringsramme på 3 milliardar dollar då dei la inn bod for fyrste del av Empire-prosjektet. Kor mykje Equinor totalt reknar med å bruka på Beacon og Empire, vil ikkje Kindem ut med.

– Men prosjekta skal vera lønsame, slår ho fast.

Les også

Dogger Bank kan måle seg med verdens største oljeprosjekter: – En håndsrekning til leverandørene

Straum til New York

Statar i New England er svoltne på fornybar energi. Det skal Equinor og andre store utbyggarar som satsar utanfor den same kysten, sørgja for at dei får. Berre frå Empire håper Equinor å kunna hausta to gigawatt som skal gje nok elektrisitet til éin millionar heimar.

Ifølgje nettstaden greentechmedia.com (GTM) har New York som mål at 70 prosent av elektrisiteten i byen skal koma frå fornybare kjelder innan 2030. Og innan 2035 skal dei ha sikra seg ni gigawatt frå havvind, noko som er det høgaste målet i landet.

– Til saman skal Empire Wind og Beacon Wind kunna levera fire gigawatt. Me har sikra oss kraftkontrakt for fyrste del av Empire-prosjektet som skal kunna forsyna 500.000 heimar med elektrisitet. Me jobbar med å få kontraktar for Empire to og Beacon, seier Kindem som ikkje vil svara på om Equinor vil kjempa om kontrakten på 2,5 gigawatt som New York lanserte i sommar.

Undersøker felta

Kindem fekk jobben i februar, og no skulle ho så gjerne ha vore i New York. Men det er ho altså ikkje, og årsaka er, ikkje overraskande, koronapandemien. På grunn av intervjuet har ho fått grønt lys til å koma til hovudkontoret på Forus, der ein må sprita hendene sine to gongar og lova å halda to meters avstand til andre før ein får koma inn.

– Før pandemien var eg på besøk i New York og møtte folk. Men sidan eg ikkje rakk å flytta ned, jobbar eg no herifrå. Eg er med på å utvikla einingane våre på den amerikanske austkysten frå heimekontoret på Hinna. Det er ein veldig spesiell situasjon, seier ho.

Begge prosjekta ligg på grunt nok vatn til at ein kan bruka konstruksjonar som er festa i havbotnen. Dermed kan Equinor basera seg på teknologi som allereie er i bruk på fleire store anlegg.

– Det nye er at dette skjer i ein ny marknad.

Kindem koordinerer arbeidet til tilsette som jobbar med prosjektet i Stavanger, Oslo og USA.

– Mykje av kompetansen frå oljeverksemda er mogleg å overføra til havvind. Det gjeld blant anna løfteoperasjonar, målingar og vêrforholda til havs. Men så er det noko som er nytt terreng for oss, blant anna det som gjeld det å få offentlege godkjenningar i USA.

På sida til Empire-prosjektet kan ein lesa at Equinor skal levera to omfattande planar til amerikanske styresmakter, før styresmaktene sjølve skal gjera ei vurdering av innverknadane prosjekta vil ha på miljø og samfunn.

– Området i USA blei tidleg ramma av covid-19. Me har hatt nokon tilbakeslag på grunn av det. Men no har me sendt ut fartøy som er i gang med undersøkingar på begge felta.

Les på E24+

På Long Island er fiskerfamilien klar til kamp mot Equinor

Skaper arbeidsplassar

– Det er tydelege forventingar om at me skal skapa lokale arbeidsplassar, seier Kindem

Equinor trur Empire kan skapa 1.000 direkte og 4.000 indirekte arbeidsplassar i New York.

Fleire statar i området, mellom anna New York, New Jersey og Connecticut, konkurrerer om å kapra arbeidsplassane som dei ventar at vil koma med den nye havvindindustrien.

Staten New York tilbyr 200 millionar dollar i offentleg støtte til oppgradert hamneinfrastruktur for å freista havvind-aktørane til seg. Og New Jersey har varsla at dei planlegg å bygga ei stor hamn til havvind-næringa. Også dette ifølgje GTM.

Her kan du lese mer om

  1. Equinor
  2. Havvind
  3. Fornybar energi
  4. Empire Wind
  5. Beacon Wind
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    På Long Island er fiskerfamilien klar til kamp mot Equinor

  2. Betalt innhold

    Nye leiarar hos Øglænd: – Me kom inn midt i ein perfekt storm

  3. Betalt innhold

    Eit av landets største gartneri investerer i kunstig intelligens

  4. Annonsørinnhold

  5. Med dette verktøyet vil dei spara skattebetalarane for milliardar

  6. Advokat mener Equinor ikke bryr seg om fiskekonflikt