Ministeren om komande havvind-debatt: – Debatt med sprengkraft

Straumen frå havvind vil truleg bli for dyr for det norske fastlandet. Likevel kan staten koma til å gjera nye milliardinvesteringar.

Olje- og energiminister Tina Bru saman med Gunnar Birkeland, styreleiar i Norwegian Offshore Wind Cluster, då ministeren annonserte at områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II blir opna for havvind.

Ørjan Deisz
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

– Nettopp fordi eg vil at me skal lykkast, vil eg at me skal ha dei litt tøffe diskusjonane no, seier olje- og energiminister Tina Bru (H).

Havvind-næringa håper staten vil bidra med store summar for at Noreg skal kunna bygga opp ein heimemarknad for flytande havvind. Ein slik marknad skal bidra til at norsk industri står godt rusta i den internasjonale konkurransen i ein havvind-marknad i vekst.

Staten har allereie bidrege med 2,3 milliardar kroner til bygginga av Hywind Tampen, som vil bli den største flytande havvindparken i verda når han står ferdig. Det er debatten som vil koma dersom regjeringa i framtida vil støtta nye, store utbyggingar, ministeren no vil snakka om.

Nøyaktig kor mykje pengar som trengst, er uvisst. Men i fjor rekna bransjeorganisasjonen NORWEA seg fram til at det vil krevja tre til fire milliardar kroner i året i statsstøtte om ein vil bygga ut tre større prosjekt for flytande havvind i Nordsjøen. Same år kom dessutan ein rapport frå Menon Economics, der dei ser føre seg at ei utbygging av to større vindparkar på norsk sokkel på 500 megawatt kvar, vil krevja støtte på 36 milliardar kroner.

Les også

Stavanger vil ta ei leiande rolle innan havvind

For dyr straum for fastlandet

– Straumen som blir produsert frå flytande havvindparkar, vil vera mykje dyrare enn straumen me har i Noreg i dag, for vindkraft på land og vasskraft er billigare. Å mata inn dyr havvindstraum på eit nett der straumen er billigare, er ei dyr løysing for samfunnet, seier Bru.

Det trengst mykje ny, fornybar energi om Noreg skal klara å kutta utslepp i industrien.

– Det kan godt henda at me treng havvind i Noreg for å nå måla våre, men per i dag er den straumen derifrå så dyr et det ikkje gjev meining før ganske langt fram i tid.

Bru trur derfor det er godt mogleg at ein må satsa på eksport av straumen.

– Men det vil bli ein debatt med sprengkraft i, spår ho.

Så kva kort har Bru då på handa om ho skal overtyda skattebetalarane til å gå med på investeringane?

– Me må snakka om kva ei satsing på flytande havvind gjev av industriutvikling, inntekter og arbeidsplassar for Noreg. Me må synleggjera kva me får att i andre enden.

Les også

På eitt år steig havvindoptimismen med 40 prosent

To nye område

Frå nyttår kan interesserte aktørar søka om konsesjon for å bygga havvindparkar i områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II.

– Det er for så vidt eit ope spørsmål kvar straumen frå desse felta skal gå. Utsira-feltet kan det vera aktuelt å knyta opp til ein oljeinstallasjon, medan Sørlige Nordsjø II nok er meir knytt opp mot eksport, seier Bru.

Då Bru deltok på ein debatt under Havvind-konferansen i Oslo nyleg, sa ho følgjande:

«Eg ser litt med bekymring på korleis ein faktisk skal ta ei avgjerd der ein skal bruka mykje av pengane til skattebetalarane på å bygga ut noko som gjev ei kraft som ein nesten skal betala for at andre land skal bruka.»

– Det var eit forsøk på ei forenkling, svarer ho då ho får spørsmål om å utdjupa dette.

Bru held fram:

– Ein av finansieringsmodellane som er blitt løfta fram, er differansekontraktar. Då bygger ein ein park som skal levera straum til ein avtalt pris. Om marknaden ikkje vil betala den prisen, dekker staten mellomlegget. Dersom parken eksporterer til eit land med lågare straumpris, så subsidierer me straum til andre land.

Ho meiner sjølv det er for tidleg å konkludera med kva finansieringsmodell som er best eigna til å støtta havvindnæringa.

Straum til sokkelen og Europa

Espen Barth Eide, som representerer Arbeidarpartiet i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, har også engasjert seg i havvind-debatten.

– Ein må forstå dette meir som industripolitikk enn som energipolitikk for Noreg. Me treng ikkje straumen frå havvind i Noreg no. Men me snakkar om å løfta ein ny eksportindustri, seier han.

Han meiner at det fyrste kapittelet i norsk havvind-historie bør vera knytt til elektrifisering av olje- og gassnæringa, som Hywind Tampen er eit eksempel på.

– Slik kan ein kombinera bransjen sitt mål om å halvera utsleppa frå produksjonen, samstundes som ein utviklar ny teknologi. Og ein slepp å bruka straumen som Vestlandet treng til industribygging på land. Straumprisen ein konkurrerer mot på sokkelen, er dessutan mykje høgare enn prisen på land.

Ei slik utbygging ønsker han å få til ved at staten inngår eit samarbeid med næringa. Men også Barth Eide er open for at neste kapittel vil handla om eksport.

– Staten kan opna område og sørga for at det finst innovasjonsmiddel. Men ein skal ikkje bygga ein stor park for moro skuld. Det må vera ein marknad i andre enden. Føresetnaden er at Europa har eit stort behov for energien på sikt. Det blir ein norsk industripolitikk bygd på europeisk energipolitikk.

Auka støtte til havvind er ein del av utkastet til nytt partiprogram for Ap, fortel Espen Barth Eide.

Fredrik Solstad
Les også

Ap: Nordsjøen skal bli fremtidens industriverksted for å gjenreise Norge etter coronaen

Les også

Alternativene til vindkraft: Dette kan det koste

Les også

Aker BP og Aker Offshore Wind i allianse: Vil bygge store havvindparker

Her kan du lese mer om

  1. Havvind
  2. Vindkraft
  3. Fornybar energi
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Tunge aktørar posisjonerer seg for norsk havvind-utbygging

  2. SV hevdar regjeringa ikkje følgjer opp stortingsvedtak

  3. Ny rapport: Havvind for nær 85 milliardar i 2050

  4. Annonsørinnhold

  5. Betalt innhold

    Lyse og IVAR vil fanga karbon for å få ned utsleppa

  6. Havvind-leiar: – Me er eit nisselueland