Opning for statleg lånegaranti tar havvind-aktørane eitt steg nærare gigantutbygging

GIEK har fått grønt lys til å bidra til å finansiera flytande vindkraft i Noreg. Dei norske aktørane er med dette nærare ei utbygging av Utsira Nord. Men kva som kjem i statsbudsjettet til hausten, vil bli avgjerande, ifølgje styreleiaren for Havvindklynga.

Gunnar Birkeland, styreleiar for Norwegian Offshore Wind Cluster, var av dei som møtte olje- og energiminister Tina Bru då ho besøkte Haugesund og Karmøy for å annonsera opninga av havvind-områda. Her er dei framføre den flytande turbinen Zefyros.

Ørjan Deisz (Bergens Tidende)
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Den 12. juni opna regjeringa områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II for havvind. Ein av dei som er glade for dette, er Gunnar Birkeland, styreleiar for Norwegian Offshore Wind Cluster, som ein på norsk kan kalla for Havvindklynga.

Onsdag arrangerte klynga konferanse i Haugesund. Her hadde GIEK, ein statleg etat som skal stimulera norsk næringsliv til økt internasjonal handel og eksport, med seg godt nytt til næringa.

– Me har no anledning til å vera med på å finansiera flytande vindkraft også i Noreg. Det har ikkje vore avklart før no, seier Ivar Rekve, avdelingsdirektør for energi og industri hos GIEK, til Aftenbladet/E24.

– Dette er eit fantastisk bidrag til å få til ei utbygging, og særleg for å bygga pilotar. Me i klynga har jobba mykje for å få dette på plass. Eg er veldig happy. Samarbeidet med verkemiddelapparatet har vore heilt fantastisk, seier Birkeland.

Bidreg på vegen til full kommersialisering

Rekve håper GIEK med dette kan vera med på å bygga opp ein norsk leverandørindustri innanfor flytande havvind.

– Me skal bidra til at kjøparar av norske leveransar får finansiert kjøpa sine. Det gjer me ved å stilla lånegarantiar på vegner av staten, seier Rekve.

Han fortel at GIEK allereie har vore med på å finansiera kjøp av norske leveransar til botnfaste anlegg i Skottland og Taiwan.

– GIEK har det siste halve året vore med på finansieringar innanfor vind offshore på rundt 4 milliardar kroner.

Men førebels er det eitt element som kompliserer deltakinga i flytande vindprosjekt.

– Flytande havvind er ikkje heilt kommersielt endå, fordi det er for dyrt å bygga. Deltakinga vår vil alltid vera på kommersiell basis. Oppgåva vår er å utvida bankmarknaden, og hjelpa bankane til å gje finansieringa som trengst. Me skal derfor kunna rekna heim at lånet me garanterer for, blir betalt tilbake. Dei reine støtteordningane til Staten er lagde til andre institusjonar, som Enova. Men sjølv om ikkje flytande vindkraft er kommersielt endå, kan me likevel vera med på bidra. Det vil til dømes kunna skje dersom utbyggaren får subsidiar, slik at den lånefinansierte delen kan reknast heim, eller dersom prosjekta blir tildelte faste kraftprisavtalar gjennom låneperioden. På denne måten kan den kommersielle finansieringa henga saman, slik at den finansielle risikoen ved å delta i finansieringa kan vera akseptabel. Slik kan me ha ei rolle i brytningstida fram til flytande havvind er heilt kommersielt, forklarer Rekve.

Håper på støtte i statsbudsjettet

I havvindklynga, som har kontor i Egersund, Stavanger, Haugesund og Stord, har Birkeland med seg 125 norske bedrifter.

– Kva skal til for at ein kjem i gang med ei utbygging av dei nye felta?

– Det er «det golden question». Me har teknologien og er interesserte i å investera, men ikkje om det ikkje kjem subsidiar. Utan slik hjelp er ikkje mange av dei norske aktørane, om nokon i det heile tatt, i stand til å hiva seg på. Det må koma noko i statsbudsjettet i haust. Feltet på Utsira Nord blir opna for søknadar i januar, seier Birkeland.

Han viser til at vindkraftanlegg som er festa til havbotnen, er blitt lønsame ved hjelp av statleg støtte frå Tyskland, England og Nederland.

– Marknaden er mykje større for flytande havvind enn for botnfaste anlegg no. I parkane sør i Nordsjøen ser ein at dersom ein skal utnytta botnfast havvind meir, vil kapasiteten gå ned fordi turbinane står i vegen for kvarandre. Me treng minst 10.000 flytande møller i Nordsjøen for å nå måla landa i Europa har for fornybar energi.

70 prosent norsk

Birkeland er også administrerande direktør i Unitech Energy Group.

– Me eig den einaste flytande havvindturbinen i Noreg. I september startar bygginga av nummer to, Flagship OO Star, med støtte frå EU. Det som er kult med dette prosjektet, er at det er norsk design. Det beviser at me kan produsera opptil 70 prosent av ein flytande vindturbin i Noreg. Det er berre toppen me ikkje kan laga her.

I april godkjende olje- og energiminister Tina Bru utbygginga av Hywind Tampen, som skal bli verdas største flytande vindkraftverk. Dette skal forsyna Snorre- og Gullfaksfelta med vindkraft. Birkeland fortel at nesten halvparten av det som trengst til kraftverket, vil bli produsert i Noreg.

– Dersom me får sett i gang Utsira Nord, der me kan ha opptil 150 turbinar, får me bygd den infrastrukturen me treng for å bygga ut store vindfelt. Når me får bygd opp kapasiteten i Sunnhordaland, står norsk industri sterkt til å ta utbyggingar innan flytande havvind. Om dette ikkje skjer fort, får Skottland bygd opp ein heimemarknad før oss. Norsk deltaking i botnfaste prosjekt er mindre enn fem prosent. Håpet er at me i Utsira Nord kan ta 70 prosent, og vidare 50 prosent i Europa og 20 prosent i verda, seier Birkeland.

– I koronatida har oljebransjen argumentert for støtte med å hevda at dei er nødvendige for å få til eit grønt skifte i Noreg. Kor mange av dei som er med i klynga dykkar, er knytte til oljenæringa?

– Når eg ser over lista, ser eg ingen som ikkje er knytte til olje og gass.

Her kan du lese mer om

  1. Havvind
  2. Fornybar energi
  3. Giek
  4. Utsira
  5. Utbygging
  6. Tina Bru
  7. energi
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Satsar 200 millionar kroner på teknologisenter med yrkesskule

  2. Europa-satsing bidrog til femti prosent auke i omsetting

  3. 30.000 geiter blir kasta, men her går salet av kjøt unna

  4. Annonsørinnhold

  5. Med dette verktøyet vil dei spara skattebetalarane for milliardar

  6. Matfylket Rogaland er dårlegast i landet på jordvern