Europa-satsing bidrog til femti prosent auke i omsetting

Zaptec har fått smaken på eksport og satsar vidare for å selja endå fleire elbil-ladarar frå Rogaland i Europa.

Marknadssjef Lasse Hult og dagleg leiar Anders Thingbø tener no gode pengar på elbil-ladarar.

Fredrik Refvem
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Stavanger-selskapet Zaptec Charger AS produserer ladarar til elbilar hos Westcontrol AS på Tau.

I 2019 vaks omsettinga til Zaptec Charger med heile 56 prosent, frå 100 til 156 millionar kroner. Etter å ha bygd seg opp i heimemarknaden, satsa Zaptec i fjor for alvor i utlandet. Dei selde elbil-ladarar for 14,5 millionar kroner i andre europeiske land.

– Nesten ti prosent av omsettinga vår i fjor var utanfor Noreg. Sveits, Holland og Sverige er dei store landa for oss. Det er fyrst i år at den store auka i omsettinga har skjedd utanfor Noreg, seier dagleg leiar Anders Thingbø.

Han håper og trur at så mykje som ein tredjedel av omsettinga for 2020 vil koma frå sal av ladarar i utlandet.

Zaptec Charger AS20192018Endring
Inntekter156,3100,356 %
Driftsresultat2219,612 %
Resultat før skatt21,418,715 %
Tal i millionar kroner.

Dotterselskap i Sverige

I 2019 etablerte Zaptec eit dotterselskap i Sverige. Elles baserer dei verksemda i utlandet på agentar, ifølgje Thingbø.

– Me kjem i fyrste omgang til å rekruttera fleire agentar som vil selja Zaptec utanfor Noreg. Men me tenker at når me blir store i eit land, så kan det bli snakk om fleire dotterselskap.

Han fortel at det foreløpig ikkje er nokon konkrete planar om å starta produksjon i utlandet.

– På Tau vil me kunna veksa saman med Westcontrol. Dei har kjøpt seg tilleggsareal slik at dei kan utvida. Men ambisjonen vår er å vera ein betydeleg aktør i Europa. Då er det store volum, så det vil vera ei løpande vurdering om me skal starta produksjon i andre land også.

Thingbø takkar styresmaktene i Noreg for at dei har satsa på elbil.

– Satsinga har lagt til rette for at lading kan bli ei ny eksportinntekt. Me i den norske bransjen har eit forsprang på to-tre år på dei utanlandske konkurrentane våre. Det forspranget må me behalda.

Ventar elbil-boom i Europa

Thingbø trur bedrifta vil få draghjelp frå utviklingstrekk i elbil-marknaden.

– Det neste året kjem store bilfabrikantar med fleire ulike modellar. Det blir både større og mindre bilar, bilar som passar for familiar, og fleire som har lang rekkevidd, seier han og nemner nye modellar som er lova frå Volkswagen, Volvo og Tesla.

– Mange av bilane me har sett til no, er vanlege bilar der ein har sett inn elmotor. Det gjev ikkje så effektiv straumutnytting. Men modellane som kjem, gjev sterkare konkurranse opp mot bensin- og dieselbilar. Det vil gje ein eksplosiv auke i elbil-salet i Europa, spår Thingbø.

I tillegg kjenner Thingbø til at London og ein del tyske byar vil gjera det dyrare å bruka bilar som slepp ut karbondioksid.

– Dette tvinger fram ei elektrifisering.

Han viser til at dei norske støtteordningane har bidrege til at det har vore rimelegare å ha elbil i Noreg enn i andre land.

– I utlandet må ein i dag vera oppteken av elbilar for å ha det. Men i 2022 viser prognosane at det vil vera like rimeleg å ha ein elbil som ein bensinbil fordi batteriprisane går ned. Då kjem det til å ta heilt av.

Vil inn i ny nisje

Teknologien Zaptec så langt har hatt suksess med, rettar seg hovudsakleg inn mot burettslag og bedrifter der fleire bilar står til lading over ein god del timar på eit svakt straumnett.

– Me har utvikla ein teknologi som heiter fasebalansering. Alle ladepunkta er kopla til ei skyløysing som optimaliserer utnyttinga av straumen, slik at kunden slepp å investera i større straumkapasitet. Når folk ladar heime eller på jobb, står dei i snitt kopla til i 13 timar, medan ladinga berre skjer i to timar. Systemet smør ladinga utover fleire timar, forklarer Thingbø.

Zaptec har ikkje satsa på hurtiglading. Men dei siktar seg no inn på ein marknad som ligg mellom den langsame heimeladinga og det kjappe kraftpåfyllet langs vegen.

– Det er få løysingar for lading når folk er innom daglegvarebutikkar og kjøpesenter. Dette er ein marknad me vil gå inn i. Me har 12 ingeniørar som jobbar med å utvikla eit ladesystem som kjem i løpet av dei neste 12 månadane. Det vil opna for rimeleg og enkel lading.

Investerte i programvare

Veksten i omsetting har resultert i nye arbeidsplassar.

– I starten av 2019 var me 19. No er me 32 tilsette i Zaptec Charger. I tillegg kjem dei 25 som jobbar fulltid med produksjonen vår hos Westcontrol. Dessutan er det kvar dag 50–100 elektrikarar som er i gang med å installera anlegg for oss. Me har 12 installasjonar i døgnet.

Thingbø trur at den nye teknologien dei utviklar, vil føra til endå fleire nye tilsettingar i Zaptec.

I tillegg til utanlandssatsinga, har selskapet også lagt til rette for vidare vekst med kjøp av ein ny programvare.

– Me investerte eit tosifra millionbeløp i Charge 365. Det skal gjera det enklare å bruka elbil-ladar i burettslag. Programmet fordeler straumrekninga automatisk mellom brukarane. Det administrerer no 30.000 ladingar kvar månad. Det er inga stor økonomisk omsetting, ho ligg på 1,5 millionar kroner i året, men for oss er det ei langsiktig satsing.

25 millionar i støtte

I 2019 fekk Zaptec 1,3 millionar i offentleg tilskot til forsking og utvikling frå Skattefunn-ordninga.

– Ser ein stort på tala, så er det investert cirka 170 millionar kroner i selskapet. Cirka 25 millionar av desse er støtte frå det offentlege til ulike formål. I ein tidleg fase har offentleg støtte vore avgjerande. Me hadde ikkje fått lån om me ikkje hadde hatt tryggleiken me fekk frå Innovasjon Norge, seier Thingbø.

Gjennombrotet for Zaptec kom i 2018. Då selskapet i januar 2018 blei regionvinnar i konkurransen «Made in Norway», uttalte Zaptec-representant Fredrik Lima at målet for 2018 var å dobla omsettinga frå 2017 på 40 millionar kroner. Det klarte dei, og vel så det.

Thingbø fortel at selskapet har satsa på mykje anna før dei landa på elbilbransjen.

– Men straum og lading har vore ein raud tråd me har tatt med oss frå oljebransjen. Då oljeprisen fall, blei det meir elbilar.

Den største eigaren av Zaptec er Valinor AS, som er eigd av Lars Helge Helvig. Han har tent seg rik på vindparkar, og tener også pengar på solparkar.

Foreløpig har eigarane ikkje tatt ut utbytte frå Zaptec. Fjorårets overskot gjekk med til å dekka tidlegare udekt tap.

– Underskotet frå utviklingsåra vil nok vera i null i løpet av to år, seier Thingbø.

Les på E24+

Batterimilliardæren som er nøkkelen til Teslas suksess i Kina – og resten av verden

Her kan du lese mer om

  1. Elbil
  2. Lading
  3. Elektrifisering
  4. Skattefunn
  5. Teknologi
  6. Innovasjon Norge
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Nasjonalt mål om meir norske grønsaker, men då må forbrukarane styra unna billig import

  2. Med dette verktøyet vil dei spara skattebetalarane for milliardar

  3. Kraftfôr er blitt milliardbutikk

  4. Annonsørinnhold

  5. Fleire investerer i tilleggsnæringar: Bondebrør satsa på kjøtskjering

  6. Hevdar store kjeder vil hit: – Må endra dei konservative handelsreglane