Ole Berg-Rusten / NTB

Utsleppa går ned, og vi har kontroll på dei

Noreg var det tredje landet i verda som meldte inn oppjustert klimamål til FN, og Noreg har full kontroll på utsleppa frå norsk territorium. Vi styrer såleis ikkje i blinde, slik Klimapartnere hevdar i ein kronikk på E24. 

  • Sveinung Rotevatn (V)
    Klima- og miljøminister
Publisert:
Dette er et leserinnlegg
Innlegget gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kroniker og debattinnlegg til E24 her.

I februar auka Noreg sitt klimamål for 2030 frå minst 40 prosent utsleppsreduksjon til minst 50 og opp mot 55 prosent. EU er framleis i prosessen med å forsterke sitt klimamål for 2030, noko både underteikna og statsminister Erna Solberg har oppmoda dei til ved ei rekke høve. Det er difor ikkje riktig å seie at vi kjem halsande etter EU. Kva EU sitt endelege klimamål blir, er ikkje bestemt, men eg håpar det blir så ambisiøst som mogeleg.

Noreg er heldigvis tett knytt til EU sin klimapolitikk, og vi ønskjer ambisiøse mål og tydelege rammer. EU stiller konkrete krav til utsleppsrapportering frå land. No skjerpar dei også krava til verksemder si utsleppsrapportering, og det er positivt. 

Klimapartnere hevdar at Noreg styrer i blinde fordi vi ikkje har eit klimarekneskap. Det må nok vere ei misforståing. Tvert imot – vi har full kontroll på utsleppa frå norsk territorium. Kvart år rapporterer Noreg utsleppsrekneskapen vår til FN, som viser kva dei norske utsleppa er. Om lag halvparten av norske utslepp er også omfatta av EUs kvotesystem, som krev detaljerte utsleppsrapportar frå alle verksemdene som er med i systemet.

I tillegg vil Noreg i perioden 2021–2030 også få eit detaljert utsleppsbudsjett for den andre halvdelen av utsleppa, dei frå transport, jordbruk, bygg og avfall. 

Norsk næringsliv har ei viktig rolle i å bidra til den grøne omstillinga. Det er heilt sentralt at selskapa integrerer klima- og miljøomsyn i den overordna styringa og rapporterer på korleis deira aktivitetar påverkar klima og miljø. Selskap bør òg rapportere på korleis klimaendringar, teknologiutvikling og strammare klimapolitikk kan påverke dei.

Les også

Styrer vi i blinde?

Rekneskapsloven stiller allereie i dag krav om at store føretak skal gjere greie for kva dei gjer for å innfri samfunnsmessige omsyn som miljø i den daglege drifta. Regjeringa er òg tydeleg på at store norske selskap skal informere om korleis deira selskap blir påverka av og handterer klimarisiko, og at dei bør følgje internasjonale standardar i si selskapsrapportering. Rammeverket som er utvikla av ei arbeidsgruppe med finanstilsynsmyndigheiter i G20-landa, Task Force on Climate-related Financial Disclosures, TCFD, er her sentralt. 

Når alt dette er sagt: Eg kan vere samd med Klimapartnere Vestland i at det kan vere utfordrande for verksemder å føre klimarekneskap. Noreg er ein liten open økonomi, og EU er vår viktigaste handelspartnar. 

EU gjer no eit viktig arbeid med å forbetre rammeverket for rapportering om klimarelaterte forhold, mellom anna gjennom revideringa av direktivet om ikkje-finansiell rapportering. Dette skal bidra til meir samanliknbar og relevant rapportering frå selskap om klimarelaterte forhold. Dei venta regelverksendringane vil vere EØS-relevante og vil bli gjennomført i norsk rett. Dagens rapporteringskrav vil dermed bli skjerpa. 

Vi må alltid jobbe for å bli betre på dette, og i så måte er eg veldig glad for at Klimapartnere Vestland ønskjer tydelege krav og høge ambisjonar. Det gjer eg også.

Ikkje desto mindre er eg nok meir skeptisk til at Noreg skal utvikle sine heilt eigne standardar for rapportering. Det vil etter mi meining vere lite hensiktsmessig. Det beste er felleseuropeiske standardar.  

Les også

Forsker om landbrukets klimaplan: Bygger på uferdig teknologi

Les på E24+

Statsbudsjettet: Norge når klimamålet 20 år for seint

Her kan du lese mer om

  1. Debatt
  2. Klimapolitikk
  3. Klima
  4. Utslipp
  5. CO2
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Styrer vi i blinde?

  2. Noreg rir på den grøne bølgja

  3. Ny kalkulator skal gje meir klimavenleg norsk mat

  4. Annonsørinnhold

  5. Solbergs hydrogen-strategi kan vere byrjinga på noko bra

  6. – En bistandsorganisasjon ville aldri gått med på en slik avtale