Satsar 200 millionar kroner på teknologisenter med yrkesskule

Veidekke skal bygga teknologisenter med yrkesskule for Siva, Unitech Energy Group og Los-Elektro.

Gunnar Birkeland, leiar av Unitech Energy Group, representerer ein av aktørane i den nye skulesatsinga.

Jarle Aasland
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

– Me skal plassera ein ny type yrkesskule i eit flunkande nytt teknologisenter på Rubbestadneset på Bømlo, seier Gunnar Birkeland, administrerande direktør i Unitech Energy Group.

Fredag blei det offisielt at Veidekke skal stå for bygginga. Birkeland reknar med at bygget, inkludert det kostbare, teknologiske innhaldet, kjem til å kosta over 200 millionar kroner.

– Senteret er bygd for tida som kjem, med elektrifisering av havrommet. Det blir mellom anna ei heilt ny havbrukslinje.

Han fortel at Siva eiendom skal eiga 51 prosent av senteret.

– Los-Elektro og Unitech er med på eigarsida, og så er det mogleg me får inn ein fjerde investor. Me har ein intensjonsavtale med Vestland fylke som skal leiga cirka halve bygget. Unitech og Los-gruppa skal ha plass, og så blir det kontorplassar for andre som skal inn i periodar.

Slik planlegg Veidekke at senteret skal sjå ut.

Veidekke

Oppdrett, vind og båt

– Framtidas oppdrettsanlegg treng ein heilt annan kompetanse. Den skal me vera med på å bygga opp, seier Birkeland, og viser til at Bremnes Seashore, som nyleg opna verdas fyrste heilelektriske oppdrettsanlegg, er med som samarbeidspartnar.

Dei to andre pilarane det nye senteret er bygd på, er vindsatsing offshore og målet om nullutslepp innan skipsfart.

– Me skal sørga for at elevar får ta del i problemstillingane som tar dei inn i den nye verda. Samstundes skal teknologisenteret utvikla produkt.

Birkeland vil nytta høvet til å skryta av initiativtakaren til senteret, Bernt Hellesøe.

– Han har mellom anna erfaring frå teknologisenteret til Nasa i Houston.

Gründerar med praktisk kunnskap

Birkeland håper senteret vil bidra til at Noreg får fleire av ein type gründerar som han synest han ser stadig færre av.

– Dei som verkeleg får noko til, har gjerne yrkesskule-utdanning før dei tar ingeniørutdanninga. Me ønskjer å få fram ein ny generasjon med slike gründerar.

Nøyaktig kor mange skuleplassar det blir, veit han ikkje, men foreløpig ligg det an til å bli rundt 180. Senteret skal romma linjene elektro, automasjon, teknikk- og industriell produksjon, maritim og havbruk. Skulen skal kunna flytta inn våren 2022.

Linda Farestveit, seksjonsleiar for kompetanse i Vestland fylkeskommune, fortel at ungdommar frå heile landet kan søka om å få plass på skulen dersom det er ledige plassar om hausten. Vestland fylkeskommune er i gang med å laga ny inntaksforskrift. Det er uvisst om dei kjem til å vidareføra regelen om at elevar frå Rogaland kan søka om plass i Sunnhordaland på same vilkår som hordalendingar.

Solceller, vind og hydrogen

Byggestart er sett til oktober.

– Bygget skal ha eit unikt energisystem med solceller og to vindturbinar på taket, samt hydrogenlagringssystem, seier Birkeland.

Medeigaren Siva (Selskapet for industrivekst) er eit statleg føretak som eig og finansierer ein nasjonal infrastruktur for innovasjon og næringsutvikling.

– Kravet frå Siva er at testinfrastrukturen som blir bygd opp, skal kunna brukast av alle, seier Birkeland.

Les også

Opning for statleg lånegaranti tar havvind-aktørane eitt steg nærare gigantutbygging

Les også

Havvind-testing i Rogaland får 290 millionar kroner av EU

Les på E24+

Unitech satsar stort på havvind på Stord

Her kan du lese mer om

  1. SIVA
  2. Bømlo
  3. Bremnes Seashore
  4. Los
  5. Utdanning
  6. Elektrifisering
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Opning for statleg lånegaranti tar havvind-aktørane eitt steg nærare gigantutbygging

  2. Oljebase-selskap vil satsa på lakseoppdrett

  3. Matfylket Rogaland er dårlegast i landet på jordvern

  4. Annonsørinnhold

  5. Hevdar store kjeder vil hit: – Må endra dei konservative handelsreglane

  6. Nysnø får USA-partner: – Norge langt framme i skoene