BKK blir Eviny

BKK blir delt opp. Nettselskapet skal framleis heita BKK, medan resten av konsernet byter namn til Eviny innan årsskiftet.

Konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland, seier det nye namnet er ein kombinasjon av evig og ny, Eviny.
  • Ådne Lunde (Bergens Tidende)
  • Marita Aarekol (foto, Bergens Tidende)
Publisert:

– Det nye namnet talar veldig til meg. Det er ein kombinasjon av det fornybare i evig og det nye. Det opnar for vidare utvikling av selskapet som skal ta ein viktig rolle i elektrifiseringa av Noreg, seier konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland.

Ho seier kulturen og verdiane i BKK blir tatt med vidare i Eviny, og at dei tilsette slik sett ikkje vil merka stor endring.

– Vi kjem likevel til å få ein boost for elektrifisering og nye fornybarløysingar, seier ho.

Vurderer utanlandssatsing

Hilland peikar på at Eviny først og fremst er eit vestlandsselskap, men at det også kan bli ei internasjonal satsing etter kvart.

– Vi utviklar teknologi for heimemarknaden, som vi også kan ta med ut, seier Hilland.

Hoi peikar på ladeløysinga for elbil, og annan teknologi innan elektrifisering, som løysinga for landstraum som BKK-selskapet Plug leverer.

EU-krav

Namnebytet kjem fordi styresmaktene krev eit tydeleg skilje mellom nettselskapet og den andre verksemda. NVE grunngir pålegget med at nettselskapet har monopol på å føra fram kraft til 450.000 kundar på Vestlandet. Bak kravet frå NVE ligg eit EU-direktiv som krev funksjonelt skilje mellom nett- og kraftselskap.

Namneendringa er resultat av ein intern konkurranse, og vil ifølgje BKK kosta mellom 40 og 50 millionar kroner.

– Konsernet tar kostnaden med dette, seier Hilland.

Konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland, slapp det nye namnet under ein pressekonferanse i Solheimsviken i Bergen.

Eigd av 17 kommunar

Fleire andre av landets kraftselskap er splitta opp og har fått nye namn av same grunn.

Den kommersielle verksemda i BKK med kraftproduksjon, sal av kraft, breiband, billading, fjernvarme osv. held fram i Eviny.

Konsernet har over hundre års historie bak seg på Vestlandet. Namnet BKK kjem av Bergenhalvøens kommunale kraftselskap. BKK er eigd av Statkraft, Bergen kommune og 16 andre kommunar på Vestlandet, og har over 1300 tilsette.

Nettselskapet vil altså ta BKK-namnet med vidare.

– Kundane våre vil ikkje merka endringa, og denne oppdelinga vil ikkje påverka nettleiga, seier administrerande direktør Ketil Tømmernes i BKK Nett.

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. BKK
  2. NVE
  3. EU-direktiv
  4. Kraftproduksjon

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Får ikkje ladestøtte til hurtigbåtar. No stoppar arbeidet med nye båtanbod. – Dette er krise.

  2. Stavanger-ordføraren seier nei til havvind på auksjon

  3. Betalt innhold

    Norge har strøm, men mangler store master til det grønne skiftet

  4. Energi Norge: Over halvparten av all energi i Norge er fornybar

  5. Råvareanalytiker foreslår 100 mrd. i året til havvind: – Vi må tenke mye, mye større