Det grønne skiftet
Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet
Hydro investerer 105 millionar kroner i Høyanger for å gjenbruka majonestubar, brukte lakseformer, og anna skrapaluminium.
Fabrikkhallen er kald og tom, men snart blir det atter varme og liv i dei gamle produksjonslokala til felgfabrikken Fundo. Frå første halvår 2023 skal aluminiumsskrap resirkulerast til verdifullt nytt metall her.
– Dette prosjektet er svært viktig for aluminiumsverket og Høyanger. Det aukar produksjonen vår og reduserer samstundes klimaavtrykket kraftig, seier Arne-Martin Kjærland.
Han er fabrikksjef ved Hydro Høyanger, som er konsernets minste aluminiumsverk.
«Kvalitet vår fremtid» står det med enorme bokstavar på fabrikkveggen, eit slagord frå Fundos tid.
No er det over ti år sidan Fundo produserte sin siste felg. Felgfabrikken i Høyanger gjekk konkurs i 2009 etter mange år med økonomiske problem. 350 mista jobben.
No skal Hydro skapa nye årsverk i dei gamle fabrikklokala, 20 i første omgang. Omsmeltinga av aluminium skal gå sin gang døgnet rundt. 33.000 tonn i året.
– Vi resirkulerer ikkje berre aluminium, vi resirkulerer ein fabrikk i dette prosjektet, seier leiar for primærproduksjon i Hydro, Ola Sæter.
Han gler seg over dette prosjektet som på sett og vis er dobbelt opp av sirkulærøkonomi.
Den kalde gamle smelteomnen gaper mot oss. Snart skal den fyrast opp igjen med LNG-gass. Det skal byggast nytt lager for skrapaluminium på utsida. Skrapmetallet skal reinsast for lakk og annan ureining, og det skal byggast eit nytt reinseanlegg for røyken frå denne prosessen.
Gjennom det siste året har aluminiumsverket i Høyanger leia eit pilotprosjekt for å auka bruken av resirkulert aluminium. Målet er at brukt aluminium skal bidra til å auka selskapets totale aluminiumsproduksjon i Noreg med 100.000 tonn i året, om lag ti prosent.
Pilotprosjektet har vist at det går an. Verket i Høyanger skal altså først i gang. Planen er at den resirkulerte aluminiumen frå det gamle Fundo-anlegget etter kvart også skal til Hydros andre anlegg i Årdal, Sunndal, på Karmøy og Husnes.
Her blir det smelta om i store omnar og blanda med helt ny aluminium, såkalla primæraluminium. Det gir eit sluttprodukt med langt lågare karbonfotavtrykk.
– Vi har merka ei kraftig endring, berre dei siste åra. Kundane våre blir stadig meir opptekne av berekraft, seier Kjærland.
Han fortel at resirkulert aluminium har langt lågare CO2-avtrykk enn ny aluminium. Ved å blanda metall frå det nye resirkuleringsanlegget i aluminiumen som blir produsert i Høyanger vil det går frå fire kilo CO2 pr. kilo aluminium til tre kilo.
– Vi er alt i dag svært konkurransedyktige når det gjeld klimaavtrykk. Dette vil styrka oss ytterlegare, seier Kjærland.
Hydro er framleis ei hjørnesteinsbedrift i Høyanger. Om lag 165 av kommunens vel 4000 innbyggarar jobbar ved verket.
– Det som no skjer er svært positivt for Høyanger, og viser at Hydro vil satsa her, seier ordførar Petter Sortland (AP).
Han viser oss veg innover i det 22.000 kvadratmeter store spøkelsesbygget som kommunen no eig. Hydros planar er ifølgje ordføraren berre byrjinga. Han ser for seg eit senter for resirkulering i resten av bygget, der også spelvarmen frå omnane kan utnyttast til fulle.
Men aluminium først, altså. Og det som gjer aluminium unikt, er at kvaliteten er like god anten det er resirkulert eller kjem frå primærproduksjon. Når det brukte metallet blir smelta om, har det alle dei same eigenskapane: det like lett, lett å forma og sterkt som nytt aluminium.
Hydrofolka i halvmørket ved den steinkalde omnen frå fundotida er ikkje i tvil, all aluminium er velkomen tilbake til Høyanger.
– Absolutt alt kan brukast. Det beste er om folk resirkulerer brukte kaviartubar og slikt i metallavfallet. Men også aluminium som blir reinsa ut av oska i bosbrenningsanlegg kan brukast her, seier Ola Sæter.