Investeringsfond satsar i Bergen: – Vi ønskjer ei industriell satsing på tre

Ny, stor treindustri med hovudkontor i Bergen og internasjonale ambisjonar. Dette er målet når investeringsfondet Investinor satsar på ein elementfabrikk på Frekhaug.

I haust har Sindre Frotjold og Chris Joachimsen vore glade for å få bygga vegger innandørs.
  • Ådne Lunde (Bergens Tidende)
  • Eirik Brekke (foto)
Publisert:

I 2019 opna Erna Solberg Norske Elementfabrikker AS (NEFA) på Frekhaug i Alver. No har det statlege investeringsfondet, Investinor, kjøpt seg opp til 48 prosent eigarskap i Alvergruppens fabrikk.

Saman stiftar Alvergruppen og Investinor selskapet med det ambisiøse namnet Store Norske Elementfabrikker AS (SNE) som får hovudkontor i Bergen. Og går det som dei vil, blir det stadig færre tømrarar som legg inn isolasjon og slår opp kledning i regn og vind på europeiske byggeplassar.

Dei satsar på treindustri frå Bergen. Frå venstre: Stig Andersen frå Investinor, Johnny Gangsø som er styreleiar for NEFA, direktør i Alvergruppen, Thomas Nesheim og fabrikksjef Robert Stavenes.

Byggindustri av tre

– Vi har 500 millionar kroner som skal investerast i skogrelatert sektor. Her skal vi jobba mot ei industriell satsing på tre, seier Stig Andersen frå Investinor.

Investinor eig også ein stor del av massivtreprodusenten Termowood AS (TEWO) i Hurdal som også blir med i satsinga. Denne verksemda leverer mellom anna vegger i gran til det nye regjeringskvartalet.

Målet er kraftig vekst i eksisterande verksemder. Men også vekst gjennom oppkjøp av, eller fusjonar med, andre verksemder. Satsinga siktar mot ein internasjonal milliardmarknad.

Norske Elementfabrikker gjer også spesialarbeid. Videoen viser ein fres som jobbar med eit boga hjørne.

– Leiande industriaktør

– Tre er langt meir berekraftig enn andre materialar, og i sterk vekst. Vi skal bygga ein leiande industriaktør, seier Andersen.

Ute i fabrikken på Frekhaug jobbar no elleve mann i eit skift. Ferdige veggelement, med isolasjon, dører og vindauge blir laga i stor fart på samleband. No står ferdige vegger til nybygget på meieritomta på Minde i Bergen på geledd for enden av produksjonslina.

Fabrikksjefen, Robert Stavenes, peikar på ei rekke fordelar ved denne måten å bygga på: Ein får raskt tett bygg, sparar tid på byggeplassen og treng færre tømrarar ute.

– Det er mykje lettare med HMS her enn på ein byggeplass, seier fabrikksjef Robert Stavenes. I denne produksjonslina kan NEFA laga element som er elleve meter lange og fire meter høge.

– Får ned kostnaden

– Dette er ikkje minst viktig i ei tid med mangel på handverkarar, seier Stavenes.

Dagleg leiar i Alvergruppen, Thomas Nesheim, fortel om stor interesse i marknaden, og listar opp fleire av dei store entreprenørselskapa på kundelista.

– Produksjonen vår bidreg til meir klimavenlege bygg og får ned kostnaden i industrien. Bygg i tre får dessutan betre inneklima som er bra for folkehelsa, seier Nesheim.

Partane peikar på at den nye regjeringa i Hurdalsplattformen varslar ei kraftig satsing på skogressursane våre.

Norske Elementfabrikker ligg på Frekhaug i Alver.

Ønskjer meir foredling

Andersen frå Investinor seier at Noreg er langt framme når det gjeld skogindustri, men at målet heile tida er å auka foredlinga.

Investinor kjøper seg opp i nye verksemder, ofte med høg risiko. Så utviklar dei selskapa gjennom fem til ti år, før dei sel seg ut.

Berekraft og klima er sentralt for investeringane dei gjer, men Andersen er klar på at alle investeringar må lønna seg.

– Vi ville aldri ha investert i noko som ikkje er berekraftig i dag. No er bygg i tre og foredling av skogen i vinden, og den reisa vil vi vera med på, seier Investinors mann.

Andersen peikar på at elementproduksjon lenge har vore rådande i betongindustrien, og meiner treindustrien må ha same utviklinga.

– Driftige folk i vest

– Vi kjenner miljøa, og det skjer mykje spennande når det gjeld bygging med tre. Samstundes aukar etterspurnaden. Derfor er det viktig å bygga ein stor, norsk aktør no.

– Kvifor fall valet på denne fabrikken på Frekhaug når det skal satsast stort?

– Vi har hatt kontakt gjennom eit par år, og dette er dyktige folk. Det har dei har bevist gjennom fabrikken her, som har gode ordrebøker og er på god veg mot lønsemd etter kort tid, at dette får dei til. Og at dei vil bli svært gode partnarar.

– Mykje av treindustrien har tradisjonelt vore på Austlandet. Er det ikkje då litt rart med denne satsinga på Vestlandet?

– Eg meiner det er ein kulturskilnad, og at vi ofte finn meir driftige folk her vest. Og det viktigaste for oss er å ha dei rette folka med, seier Andersen.

Les på E24+

Corvus planlegger å flytte til Bjørnafjorden

Les også

Mener Norge har reddet regnskog tilsvarende 50 prosent av norske utslipp hvert år

Les også

Mowi betaler ut 724 millioner i utbytte – øker slaktemål

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Investinor
  2. Alver
  3. Fabrikk

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Veit ikkje kor mykje klimavenlege byggeplassar vil kosta kommunen

  2. Her pakkar dei ut motoren som kan gjera global skipsfart meir berekraftig

  3. Betalt innhold

    Oljebransjens krav til ny regjering

  4. Nysnø med gevinst på 118 millioner

  5. Ny studie: «Luksus-utslipp» fra de rikeste truer 1,5-graders målet