Havvind-selskap med milliard-ambisjonar flyttar frå Oslo til Rogaland

Norseman Wind kjempar om å få bygga ut havvind for milliardar av kroner. Då meiner den utflytta rogalendingen Harald Dirdal at det beste er å flytta hovudkontoret til heimfylket sitt.

For over 20 år sidan flytta Harald Dirdal frå Rogaland til Oslo. No gler han seg over moglegheitene som veks fram i heimfylket.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Ei diskret kunngjering i Brønnøysundregistera: Norseman Wind AS med forretningsadresse Oslo får ny forretningsadresse i Skurvemarka i Gjesdal, Rogaland.

Norseman Wind er selskapet som saman med Norgesgruppen og det tyske energiselskapet EnBW vil konkurrera om å få bygga ut havvind i området Sørlige Nordsjø II. Dei vil søka om å få bygga ut 1400 megawatt.

30–35 milliardar kroner er ein foreløpig prislapp på prosjektet, og ifølgje Norseman skal minst halvparten av kontraktane gå til norsk leverandørindustri. Vidare reknar dei med eit vedlikehaldsbudsjett på 600 til 800 millionar kroner.

– Mykje av aktiviteten vil skje i Rogaland og Agder, derfor flytter me det formelle kontoret vestover, seier Harald Dirdal i Norseman Wind.

Les også

Enorm interesse for norske havvindutbygginger

– Fleire tusen arbeidsplassar

Noko av straumen skal gå til daglegvaregiganten Norgesgruppen, som er med i prosjektet gjennom selskapet Asko. Og det er nettopp nabolaget til Asko Norseman Wind no skal etablera seg i.

Dirdal har sjølv adresse i Oslo, og det har han hatt dei siste 20 åra. Men han vaks opp på Randaberg.

– Hjartet er jo der ein blei fødd, seier Dirdal som ikkje har noko imot å flytta vestover sjølv på sikt.

Men i fyrste omgang blir han verande i hovudstaden for å vera i nærleiken dei som skal ta dei store avgjerdene om framtida til norsk havvindindustri.

– Kva synest du som rogalending om at du kan ta med deg bedrifta heimover for å vera med på utvikla ei ny næring?

– Det er spanande! Rogaland har vore heilt i front i olja, og at dei no tar ein sentral posisjon på havvind, er heilt naturleg. Det ligg i genane til rogalendingar å gå i front.

Foreløpig er det ikkje store boltreplassen selskapet treng, då gjengen på rundt ti medarbeidarar som no er direkte involvert i prosjektet, sit geografisk spreidde.

Men om dei vinn auksjonen og får ein konsesjon i Sørlige Nordsjø II, vil behovet for arbeidskraft veksa bratt.

– I ein utbyggingsfase vil det vera fleire tusen arbeidsplassar direkte og indirekte. I driftsfasen vil det vera mange hundre. Det viktige er kompetansemiljøet ein bygger opp rund det.

Les også

Rapport: Havvind kan gi mer enn 50.000 jobber i Norge – uten subsidier

Vil bygga eksportindustri

Norseman Wind har tru på at dei kan bygga ut botnfaste havvindanlegg på ein så lønsam måte at prosjektet kan bli gjennomført heilt utan statlege støttekroner.

– Me vil bruka Sørlige Nordsjø II til å bygga opp ein eksportindustri knytt til drifta av anlegga. Verdien av drifts- og vedlikehaldsmarknaden er underkommunisert når det kjem til havvind, seier Dirdal.

Denne industrien vil Norseman vera med på å bygga opp saman med Energy Innovation som vil laga ein base for vindkraftindustrien i Egersund.

Fleire europeiske land har skaffa seg langt meir erfaring enn Norge når det gjeld botnfaste havvindanlegg. Ein har derfor gjerne hevda at flytande konstruksjonar, som det framleis finst få av, er vegen norsk industri bør satsa på, for der kan dei framleis ha fordelen av å vera tidleg ute. Korleis ser Dirdal føre seg at norske aktørar skal ta igjen forspranget europeiske land har skaffa seg når det gjeld botnfaste konstruksjonar?

– Då vil eg svara omtrent som Elon Musk ville ha svart om nokon hevda at bilindustrien var for moden til å kunna ha rom for nye aktørar. Dei 350.000 megawattane med havvind som EU skal bygga ut fram til 2050, er i all hovudsak botnfast. Lykkast me med å bygga opp ein leverandørindustri for botnfast vindkraft, kan ein enkelt bygga opp ein for flytande vindkraft også.

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Norseman
  2. Asko
  3. Havvind
  4. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. Tysk energikjempe på jakt etter norske leverandørar: – Gjeld å ikkje koma for seint til festen

  2. Havvindrapport: – Norske bedrifter må tilpassa seg kostnadsnivået

  3. Betalt innhold

    Høge prisar på kraftfôr og kunstgjødsel betyr ingenting for denne bonden

  4. Vårgrønn får med seg internasjonale muskler i havvind-kampen

  5. Her testar Shell og co. framtidas havvindteknologi