UiS vil lada opp batteri-industrien med nytt studietilbod

Beyonder skal bygga opp batteri-industri, men saknar norsk kompetanse. Det vil Universitetet i Stavanger (UiS) gjera noko med.

Svein Kvernstuen i Beyonder satsar på batteriproduksjon der sagflis er eitt av råstoffa.

Kristian Jacobsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

– Det blir dessverre utdanna få batterifolk i Norge. Me hentar ekspertise der det er ekspertise. Asia har 20 års forsprang, seier Svein Kvernstuen.

Han er grunnleggar av Beyonder som held til på Forus. Dette er eit av selskapa som ønsker å bidra til at batterifabrikkar blir eit grønt bein som norsk industri kan stå på i framtida.

Kvernstuen har tidlegare fortalt at dei innan 2024 skal vera klare med ein fullskala fabrikk der dei skal produsera titals tusen battericeller kvar dag. Og dei vil aller helst etablera seg i Rogaland, om dei finn den rette plassen å gjera det på.

Kvernstuen hevdar at pengane som trengst for å gjennomføra dette, finst. Den rette kompetansen er det vanskelegare å få tak i.

Les også

82 aktører vil kjempe om ny batterifabrikk og 2000 jobber

Batteri og energi

Beyonder-sjefen har drøfta utfordringa med Universitetet i Stavanger. Og no kan han med entusiasme fortelja at det ser ut til at utdanningstilbodet han ønsker seg, blir ein realitet.

Dette bekreftar Øystein Arild, som er instituttleiar for energi- og petroleumsteknologi ved UiS.

– Me har fått spørsmål frå både bedrifter og politikarar som ønsker at me skal få dette på plass for å halda tritt med bedriftene som blomstrar i segmentet berekraftig teknologi, seier Arild.

Instituttleiaren fortel at universitetet jobbar med å få på plass ein bachelor som har batteri og energiteknologi som arbeidstittel. Målet er å få tilbodet på plass til hausten 2022. På sikt ønsker dei også å kunna tilby ei masterutdanning.

Instituttet har allereie fire faste vitskaplege stillingar innan berekraft, i tillegg til fleire doktorgrad-stipendiatar og postdoktorar. Arild fortel dessutan at tre doktorgrad-stipendiatar er i sving hos Beyonder i samarbeid med universitetet. Dette er stillingar som er delvis finansierte av Forskingsrådet som ein del av ordninga kalla nærings-ph.d.

Publisert:
mail

DET GRØNNE SKIFTET

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Batteriproduksjon
  3. Universitetet i Stavanger
  4. Energi

Flere artikler

  1. Utvikler nytt ladesystem for elbiler: Beyonder får EU-støtte

  2. Energibransjen i Rogaland må kjempa om slike som Martine

  3. Batteriselskapet Beyonder skal bygge ny fabrikk - også de vil trolig til Kalberg

  4. Er nærmest sikret jobb: Norge mangler batteri-ingeniører som Ingvild

  5. Betalt innhold

    Flor- og Fjære-paret vil tena pengar på det grøne skiftet. Det er dei ikkje aleine om