Marte Mjøs Persen i Øygarden: – Nye arbeidsplassar er avgjerande for det grøne skiftet

Staten satsar 10,4 milliardar kroner her. Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen meiner det er viktig for Europas klimamål.

Ein av Marte Mjøs Persens første reiser som statsråd gjekk til Kollsnes. Frå venstre prosjektdirektør Sverre Overå, olje- og energiminister Marte Mjøs Persen og direktør for Northern Lights Børre Jacobsen.
  • Ådne Lunde (Bergens Tidende)
  • Eirik Brekke (foto)
Publisert:

– Fangst og lagring av CO₂ er viktig for landet vårt og viktig for EU. Det er heilt nødvendig for å nå klimamåla, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen.

Toppmøtet om klima er i gang i Glasgow. Det er etter kvart brei semje mellom fagfolk om at verda ikkje kan nå 1,5-gradersmålet utan fangst og lagring av klimagassen CO₂. Måndag besøkte Persen Noregs prestisjeanlegg for lagring av CO₂ i Øygarden for første gong som minister.

– Eg er veldig glad for at akkurat du fekk denne jobben. Du veit at olje og gass ikkje er ein motsats til det grøne skiftet, seier Øygardens Høgre-ordførar, Tom Georg Indrevik.

I dette området kjem mellom anna tankane som skal mellomlagra CO₂, før den blir pumpa til lagring i porøs sandstein under havbotnen.

Olja i det grøne skiftet

Medan vestlandsregnet piskar heftig inn over anleggsområdet, legg ministeren vekt på at dette anlegget viser kor viktig oljeindustrien er for det grøne skiftet.

– Northern Lights er eit stjerneeksempel på korleis vi kan bygga nye næringar på dei gamle. Eg er veldig glad for at dette skjer i heimfylket mitt, Vestland. Sjefen min, Jonas Gahr Støre, har sagt at om Vestland lykkast, så lykkast Noreg, og det sluttar eg meg til, seier Persen før ho går ut i det travle anleggsområdet.

Ventar på EU-støtte

– Sterk anerkjenning

Då hadde sjefane i Northern Lights forklart korleis CO₂ skal fangast på sementfabrikken Norcem i Brevik, og på Fortums bosbrenningsanlegg i Oslo. Det siste er avhengig av at prosjektet får støtte av EU. Dette blir avgjort i løpet av november.

Så skal klimagassen fraktast på skip hit til Øygarden, mellomlagrast her, før den blir pumpa i eit 100 kilometer langt røyr ut i Nordsjøen for permanent lagring under havbotnen.

Skanska driv anlegget og store mengder fjell er no sprengt ut for å gi plass til anlegget.

I første fase skal anlegget ta imot 1,5 millionar tonn CO₂. I neste omgang skal det utvidast til fem millionar tonn årleg, og denne utvidinga er alt i arbeid. Dette er langt meir enn 800.000 tonn CO₂ som no skal fangast ved dei to anlegga i Noreg.

Direktør for Northern Lights, Børre Jacobsen, seier at det tidlege ministerbesøket er ei sterk anerkjenning av Langskip og Northern Lights.

– Det viser at den nye regjeringa er opptatt av det vi gjer her, seier Jacobsen.

Han fortel dessutan det nyleg er bestilt to nye spesialskip for transport av CO₂ frå Brevik og Oslo. Skipa skal i drift frå 2024 då anlegget skal opnast.

Vinden står stri inn frå fjorden då Persen blir vist rundt på området. Store flater er sprengt ut. Kaianlegget der CO₂-skipa skal legga til er i arbeid. Administrasjonsbygget er reist.

– Det er lenge sidan sist eg fekk så mykje frisk luft, sa Marte Mjøs Persen i møte med klassisk vestnorsk haustvêr.

Rikeleg med frisk luft

– Det er lenge sidan eg sist fekk så mykje frisk luft, seier Persen på taket av bygget.

Ho legg vekt på at Langskip vil skapa mange arbeidsplassar.

– Nye arbeidsplassar er avgjerande for det grøne skiftet. Folk skal ha noko å leva av i framtida og, seier ho.

– Kan det vera aktuelt for regjeringa å gå inn med meir pengar, dersom bosbrenningsanlegget i Oslo ikkje får støtte frå EU?

– No ventar vi, og håpar på avgjerda frå EU. Det er ein svært sterk søknad og eg har god tru på den. Om den ikkje skulle gå inn, får vi koma tilbake til dette spørsmålet, seier Persen.

– Stor interesse i Europa

Anlegget i Øygarden er også avhengig av å få på plass kommersielle avtalar med europeisk industri om lagring av klimagass. Dette for å fylla opp kapasiteten.

– Vi registrerer veldig stor interesse, seier Børre Jacobsen som trur dei første kontraktane kjem neste år.

Også desse er avhengige av støtte frå EU for å dekka den ekstra kostnaden ved fanst og lagring CO₂.

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Langskip
  2. Karbonfangst
  3. Northern Lights
  4. Marte Mjøs Persen

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Dei fangar CO₂ rett frå lufta på Island. No vurderer dei eit klimagass-sug på Kollsnes.

  2. Skal gjøre CO₂-lagring til butikk: – Vi øker ambisjonene

  3. Regningen eser ut for skattebetalerne

  4. CO₂-fangstanlegg sprekker med nær én milliard

  5. Betalt innhold

    Her kommer landets første fabrikk for blått hydrogen