Gjer seg klare for oppdrag på Norges fyrste havvindanlegg

I år blir Norges fyrste havvindanlegg sett i drift. Eit kurssenter i Egersund merker stor pågang av folk som vil læra seg å jobba med vindkraft til havs.

Kursleiar Kjetil Bentsen instruerer Amalie Lande, Per Kristian Holmetun, Maria Hapnes von Schack og Andrea Angela Bedón Vasquez i korleis dei sikrar seg når dei skal klatra.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

– I dag skal me læra korleis me evakuerer frå ein heis, seier Kjetil Bentsen.

Han er ansvarleg for vindkraft-kursinga hos Energy Innovation i Egersund. No er han er i gang med å instruera ei gruppe som skal jobba på Norges fyrste havvindanlegg, Hywind Tampen.

Framtida ser ut til å bli endå travlare for opplæringssenteret. Behovet for havvind-kompetanse ligg an til å veksa drastisk.

Onsdag lanserte regjeringa eit nytt mål for norsk havvindsatsing. Dei vil dela ut konsesjonar til om lag 30 gigawatt havvind innan 2040. Dette svarer til rundt 1500 vindturbinar.

I dag finst det berre to vindturbinar som produserer straum av havvind i Norge. Dermed ligg det an til ein veldig auke i talet på havvindturbinar i norsk farvatn.

Allereie i år kjem det fyrste bykset: Dei elleve flytande turbinane på Hywind Tampen-prosjektet til Equinor skal bli sette i drift.

Øvingstårnet i Egersund er 30 meter høgt. Tårna på Hywind Tampen ragar 104,5 meter over havoverflata.

Øver på tryggleik

Øvingsheisen, som er av det noko vinglete slaget, er plassert på innsida av eit tårn som liknar det kursdeltakarane kjem til når dei skal ut på oppdrag på Hywind Tampen. Bortsett frå den ikkje uvesentlege detaljen at tårna på Hywind Tampen er rundt 70 meter høgare.

Per Kristian Holmetun, som jobbar i Equinor, skal vera med på å testa og ferdigstilla turbinane. Han har tidlegare erfaring frå installasjonar offshore, men dette blir hans fyrste møte med havvind.

– Eg synest det er spanande med fornybar energi. Eg er utdanna elektrikar og har hatt elbil sidan 2012, seier han.

I tillegg til Holmetun er ein sjukepleiar og tre prosjektingeniørar på plass på innsida av tårnet.

– Eg er veldig spent, seier sjukepleiar Amalie Lande som skal jobba om bord på Stril Server i sommar.

Det er ho som må til pers dersom nokon skulle bli sjuke eller skadar seg mens dei jobbar på turbinane. Å evakuera frå ein turbin langt frå land, er ikkje berre-berre, så ho følgjer nøye med på instruksjonane.

Dei tre ingeniørane er frå Subsea 7. Oppgåva deira blir å få straumkablane på plass i turbinane.

– Me skal vera ute på båt i cirka ein månad i sommar, seier Maria Hapnes von Schack, som har tidlegare arbeidserfaring frå olje- og gassprosjekt.

Maria Hapnes von Schack øver seg på kva ho må gjera dersom heisen stoppar opp.

Utvidar kurstilbodet

– Havvind-kursa har tatt av i år. No ser me korleis talet på folk som skal offshore, eksploderer, seier Bentsen.

Hos Energy Innovation har dei ulike vindkraft-kurs fem dagar i veka året rundt. Stadig fleire av kursdeltakarane ønsker seg kunnskapen som trengst for å jobba med havvind-turbinar.

Rundt 70 deltakarar har til no tatt tryggleikskurs for havvind hos Energy Innovation. For å møta etterspørselen til kompetanse på Hywind Tampen, vil dei oppretta eit mellombels opplæringstilbod i Gulen i Vestland.

– Den dagen dei norske utbyggingane startar, vil det bli endå større behov, spår kursleiaren.

I fyrste omgang er utbygging av Utsira Nord og Sørlige Nordsjø som står på programmet. Desse områda er lyste ut, men ein har framleis ikkje kome så langt at selskap har fått høve til å søka om å få bygga ut.

Kjetil Bentsen instruerer i tryggleik. Det er viktig å ha rutinane på plass når ein skal på oppdrag på turbinar som står langt frå land.

I drift i haust

Betongfundamenta som Hywind Tampen-turbinane skal flyta på, blir laga hos Aker Solutions på Dommersnes i Vindafjord. Herifrå skal dei vidare til Gulen der ei 205 meter høg kran set delane saman. Tårna, turbinhusa og blada, er laga i utlandet.

Planen er at den fyrste komplette flytande vindturbinen skal bli slept til havs den siste veka i mai. Kvar turbin skal bli festa i tre ankerpunkt på havbotnen. Desse sugeankera er allereie på plass. I løpet av sommaren skal alle dei elleve turbinane bli kopla til ankera.

– Me startar opp straumproduksjon i tredje kvartal. Me skal ha ei gradvis innfasing av éin og éin turbin, seier Gisle Ledel Johannessen, pressetalsperson i Equinor.

Prosjektet har ein samla prislapp på rett under 5 milliardar kroner. Staten bidrar med inntil 2,3 milliardar kroner gjennom Enova. Næringslivet sitt NOx-fond støttar prosjektet med inntil 566 millionar kroner. Resten av rekninga deler Equinor og dei andre partnarane på Snorre og Gullfaks.

Hywind Tampen vil gje arbeid til ein plass mellom 1500 og 3000 norske årsverk, ifølgje ein studie gjort av Multiconsult.

– Hovuddelen av desse høyrer til i utbyggingsfasen. Når turbinane er i drift, vil det vera arbeid knytt til kontrollrom og vedlikehald, men turbinane er ubemanna, seier Johannessen.

Han fortel at dei fleste som no jobbar med Hywind Tampen, har bakgrunn frå olje- og gassindustrien.

– Overføringsverdien av kompetansen er veldig høg. Det ser ein både når det gjeld glidestøyping, marine operasjonar, oppankring, tunge løft og det å driva store, industrielle prosjekt med ulike leverandørar.

Equinor har frå tidlegare erfaring med flytande havvind frå Hywind Demo, som no står på testsenteret til Metcentre utanfor Karmøy, og Hywind Scotland, verdas fyrste flytande havvindanlegg. For kvart av desse prosjekta har kostnadane per megawatt gått ned, ifølgje Equinor.

Her blir vindturbin nummer to av elleve montert med hjelp av den 205 meter høge krana i Gulen.
Les på E24+

Fleire oljefelt kan bli elektrifiserte med havvind

Les også

SV trur hurtigspor for havvind kan gje 200 nye turbinar

Ikkje for dei med høgdeskrekk

Hos Energy Innovation kan ein også læra seg å halda ved like turbinblada. Til havs vil nok dette bli ein jobb for dei av oss med aller minst høgdeskrekk. Diameteren på Hywind Tampen-turbinane er 167 meter og tårnet er 104 meter høgt.

– Tilkomst-teknikarane må fira seg ned på bladet for å gjera vedlikehaldet, seier Bentsen.

I tillegg til kursa for eksterne bedrifter, er Bentsen involvert i opplæringa av dei åtte elevane som går på energioperatørlinja på Dalane vidaregåande. Dette er landets einaste utdanningstilbod på vidaregåande nivå der ein kan spesialisera seg innan vindkraft.

Bentsen kan dessutan røpa at norsk vindkraft-HMS er blitt eksportvare.

– Me har avtalar om å oppretta Energy Innovation-konsept i USA, Polen og Tyrkia.

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Havvind
  2. Hywind
  3. Equinor
  4. Energy Innovation
  5. Subsea 7

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Her monterer monsterkrana dei første havvindmøllene

  2. Betalt innhold

    Fleire oljefelt kan bli elektrifisert med havvind

  3. Havvind-industrien utolmodig: No er det tid for «speed dating»

  4. Oppgraderer kapasiteten med 7,5 prosent: Equinor øker på Hywind Tampen

  5. Listhaug åtvarar mot statlege klimamilliardar