Det grøne skiftet kan gje høgare nettleige

– Ei storstilt nettutbygging vil føra til auka nettleige for alle, seier olje- og energiministeren, som ikkje vil bygga meir enn nødvendig.

Olje- og energiminister Tina Bru besøkte Lyse i fjor. Bildet er ikkje tatt i samanheng med denne saka.

Kristian Jacobsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

– Det er fleire som har planar om elektrifisering og etablering av ny industri, og me ser at kapasiteten i straumnettet enkelte stadar kan vera ei utfordring, skriv olje- og energiminister Tina Bru (H) til Aftenbladet/E24.

Avisa melde nyleg at ti nettselskap roper varsku. Utbygginga av straumnettet går for treigt til å kunna møta etterspørselen som er skapt av det grøne skiftet. «I dag har me område i straumnettet der me må seia nei til nye næringslivsaktørar som vil kopla seg på», sa Håvard Tamburstuen frå Lyse Elnett i saka.

Nettselskapa etterlyser ein statleg strategi for vidare utbygging. Eitt av spørsmåla dei ønsker svar på er dette: «Store nettanlegg er kostbare og regningen dekkes av våre kunder – hvordan sikre at finansieringen av mer elektrifisering og tilhørende nettløsninger oppfattes som rettferdig blant landets nettkunder?»

Les på E24+

Bremsekloss i det grøne skiftet: Næringslivet må venta i årevis på straum

Kan bli behov for store investeringar

Bru fortel at regjeringa vil sjå på kapasiteten i straumnettet i stortingsmeldinga om langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar, som er venta til våren.

– NVE sin analyse frå i fjor, viste at me framleis vil ha eit kraftoverskot i normalår, men at elektrifiseringa vil kunna krevja store investeringar i kraftnettet.

Ministeren bruker ordet «spleiselag» om nettleiga som straumkundane betaler. Leiga bidreg til å finansiera utbyggingane.

– Ei storstilt nettutbygging vil føra til auka nettleige for alle. Det er derfor viktig at me utnyttar nettet best mogleg slik at me ikkje må bygga meir enn nødvendig.

Bru skriv vidare at nettleiga ikkje er eit næringspolitisk verkemiddel, og at eventuell støtte til elektrifiseringa må bli gjeve på anna vis.

Om ein næringslivsaktør ønsker å etablera seg ein stad der det ikkje er nok straum tilgjengeleg, må han betala eit anleggsbidrag for å få det straumnettet han treng.

– Dette gjev signal om at det løner seg å etablera seg der det er eksisterande kapasitet i nettet, skriv Bru.

Utbygging av nett har konsekvensar for naturen og legg beslag på areal. Ministeren meiner derfor det er viktig med grundige konsesjonsprosessar. Slike prosessar tar tid. Ho oppfordrar dei som veit at dei vil ha behov for straum, til å varsla nettselskapa tidleg.

Les også

Mener industrivekst kan kreve mer vindkraft: – Her ligger noen utfordringer

Lars Haltbrekken (SV) håper regjeringa kjem opp med gode løysingar på utfordringane i den varsla stortingsmeldinga.

Christian Breidlid

Ønsker «rushtidsavgift»

Lars Haltbrekken (SV) meiner Norge treng ein heilskapleg, statleg plan for utbygging av straumnettet.

– Me bør sjå på kvar det kan vera smartast å etablera nytt, stort kraftforbruk. Det vil redusera behovet for nye utbyggingar. Ein statleg plan kan dessutan spara oss for naturinngrep, seier Haltbrekken, som representerer Sosialistisk Venstreparti i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

– Skal dei som bur i område der ein skal bygga ut, måtta betala for dette over nettleiga, mens nettleiga held seg lågare andre stadar?

– Me må gå inn og sjå korleis ein kan få fordelt nettkostnadar meir likt over heile landet.

– Bør staten ta meir av rekninga for utbyggingane?

– Då blir det i realiteten skattebetalarane som betaler utbygginga. Dermed hamnar rekninga same stad, berre på ulik giro, svarer Haltbrekken.

SV-politikaren trur også det finst løysingar som kan redusera behovet for utbyggingar noko.

– Om ein får ei rushtidsavgift for straum, kan ein ha større moglegheit til å styra forbruket. Og så bør ein ha meir desentralisert energiproduksjon, som for eksempel solceller på offentlege og private bygg.

Publisert:
mail

DET GRØNNE SKIFTET

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Elektrifisering
  3. Utbygging
  4. Lars Haltbrekken
  5. Tina Bru

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Bremsekloss i det grøne skiftet: Næringslivet må venta i årevis på straum

  2. Flyttar tilkopling for oljeplattformer til Samnanger, meir kraft til industri på land

  3. Betalt innhold

    Kraftdirektør slår alarm: Straumnettet taklar ikkje elektrifiseringa av Noreg

  4. Energibransjen i Rogaland må kjempa om slike som Martine

  5. Ber Høyre bygge ut kraftnettet raskere: – Næringslivet begynner å bli bekymret