Norge bak Sverige på fornybar-pallen

På vegen mot eit endå meir fornybart samfunn ventar milliardar av kroner i investeringar og titusenvis av arbeidsplassar, ifølgje ny rapport.

Mykje ny vindkraft bidrog til kraftoverskot i fjor. Måkanuten vindkraftverk med 22 vindmøller sto ferdig i november. Anlegget ligg i Gjesdal og Bjerkreim, og her ser ein det frå Bryne i Time.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Kor langt er Norge kome på vegen mot lågutsleppssamfunnet? spør forfattarane av Fornybarometeret 2021, som har leita fram svaret: 50,5 prosent av energiforbruket vårt var fornybart i 2019. Ein oppgang frå 47 prosent i 2010.

Eit steg i rett retning, men langt frå langt nok, ifølgje Energi Norge, som står bak Fornybarometeret. Dei representerer selskap som driv med fornybar energi i Norge. Skal Norge nå målet om å kutta 55 prosent av klimagassutsleppa innan 2030 og bli eit nullutsleppsamfunn innan 2050, inneber det auka forbruk og produksjon av straum, minner dei lesaren om.

50,5 prosent plasserer Norge på pallen globalt, men me må sjå oss slått av Island (79,2) og Sverige (50,6). Sverige og Norge har vore nokså jamne dei siste åra. Vindmølle-landet Danmark ligg nede på 33, 3 prosent.

Bil, heim og industri

Det er særleg innan transport og industri at bruken av fornybar energi aukar i Norge. Eit synleg uttrykk for dette, er alle elbilane som rullar på vegane. Men transportsektoren har framleis ein veg å gå. Berre 15 prosent av energibruken var fornybar.

I industrien, og då reknar ein ikkje med olje- og gassnæringa, kom 62 prosent av det totale forbruket på 90.197 gigawattimar frå fornybare kjelder. Ser ein på talet for olje- og gass, var det 12 prosent av 68.055 gigawattimar.

75 prosent av dei 65.632 gigawattimane som me brukte i heimane våre, var fornybare.

Les også

Nyhetsbrev om det grønne skiftet: Hva har Røkke, kraftkabler og elbiler til felles?

Vatn og vind

Norge produserte 154 terawattimar fornybar kraft i 2020. Denne rekordproduksjonen kom av meir nedbør og auka vindkraftproduksjon. Dette gav oss kraftoverskot.

Men Energi Norge peiker på at det vil vera behov for å halda fram med å investera i fornybar kraft slik at ein har nok til å erstatta olje, kol og gass. Dei viser til langsiktige prognosane frå NVE som legg til grunn at ein innan 2040 vil ha eit årleg forbruk på 163 terawattimar.

Ein kan nemna stadig fleire elektriske bilar, skip på landstraum, flunkande nye batterifabrikkar og oppdrettsanlegg på land som nokon av eksempla på kva all denne energien skal eller kan bli brukt til.

Men kvar skal all straumen koma frå? NVE har rekna med at det realistiske potensialet for ny vasskraft i Norge er på 22,7 terawattimar, inkludert 15,1 frå nye anlegg og 7,6 frå opprusting og utviding.

Politisk blåser det friskt rundt vindkrafta, så her kan ein ikkje skriva noko i stein. Men om stormen skulle stilna tilstrekkeleg, finst det ifølgje NVE stort potensial for å hausta kraft frå vinden. Dei meiner ein kan bygga ut 26 terawattimar på land, og mellom 18 og 44 til havs.

Les på E24+

Bremsekloss i det grøne skiftet: Næringslivet må venta i årevis på straum

Les også

82 aktører vil kjempe om ny batterifabrikk og 2000 jobber

Milliardane og menneska

Skal ein investera og bygga ut, treng ein folk. Over 15.000 årsverk er allereie sysselsette innan fornybar energi. I 2019 var verdiskapinga per tilsett på 4,9 millionar kroner, noko som er den høgaste verdiskapinga per tilsett i norsk fastlandsindustri, ifølgje tala Energi Norge formidlar vidare. Den samla verdiskapinga for næringa i Norge var på nærare 85 milliardar kroner, og dei bidrog med 63 milliardar kroner i inntekter til det offentlege.

Energi Norge er naturleg nok interesserte i å finna ut kor mange arbeidsplassar og kroner næringa kan skapa i framtida, og dei sette Thema Consulting i gang med å rekna på tala fram mot 2040. Dei kom fram til at dersom ein bygger ut 24 til 38 terawattimar med kraftproduksjon frå vatn og vind, kan det skapa 40–50.000 årsverk og gje 35 til 48 milliardar kroner i verdiskaping.

Ei slik utbygging kan gje samla investeringar på 105–175 milliardar kroner. Ein god del vil bli importert, blant anna fordi vindturbinar ikkje blir produserte i Norge. Dei ser føre seg at dette vil gje kjøp av varer og tenester på mellom 47 og 65 milliardar kroner frå norske leverandørar.

Men alt dette skjer ikkje av seg sjølv, og næringa avsluttar Fornybarometeret sitt med å etterlysa kraftfulle politiske tiltak. Ein fyldig elektrifiseringsstrategi står på ønskelista.

Les også

Alternativene til vindkraft: Dette kan det koste

Les også

Avviser at det går for tregt med havvind: – Må gjøre en ordentlig jobb

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Fornybar energi
  2. Kraftproduksjon
  3. Energi Norge
  4. NVE
  5. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. Onsdag sette Sør-Rogaland straumrekord

  2. Betalt innhold

    Bremsekloss i det grøne skiftet: Næringslivet må venta i årevis på straum

  3. Her møtest oljeleverandørane for å bli grønare

  4. Betalt innhold

    Starta havvind-protest: – Urørt natur er livsnødvendig

  5. Energibransjen i Rogaland må kjempa om slike som Martine