Skottane tildelte havvindområde: – Norge kjem ikkje ut av startblokka

17 skotske havvindlisensar og 53 norske olje- og gassutvinnigsløyve kom med éin dags mellomrom. Åslaug Haga meiner dette er talande.

Tidlegare Sp-leiar Åslaug Haga er no leiar av Norwea, ein organisasjon som talar fornybar-bransjen si sak.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Den 18. januar fekk 28 olje- og gasselskap tilbod om andelar i totalt 53 utvinningsløyve på norsk sokkel.

Dagen før blei det kjent at skotske styremakter tildelte 17 havvindlisensar med ein total produksjonskapasitet på nesten 25 gigawatt.

– Dette er talande, seier Åslaug Haga, leiar av Norwea, ein bransjeorganisasjon for fornybar elektrisitetsproduksjon.

Ho utdjupar:

– I Europa er grøn omstilling konkret handling. Ei rekke land er godt i gang med satsinga på havvind. Mens i Norge har me fullt trykk på det me skal slutta med. Samstundes kjem me ikkje ut av startblokka på det som har potensial til å bli eit nytt, fantastisk industrieventyr.

Les også

Rekordhøyt beløp i europeisk havvind: Skal bygge for 270 milliarder

Les også

Store havvindtildelinger i Skottland – Equinor og Aker Offshore Wind utelatt

Støre går for 20-talet

I Norge er to område opna for havvind, Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II. Opninga var det tidlegare olje- og energiminister Tina Bru (H) som stod for sommaren 2020. Her kan ein bygga ut inntil 4,5 gigawatt.

Interessa for å få bygga ut, er stor, men ingen har så langt søkt om å få gjera det. For det er nemleg ikkje mogleg. Regjeringa har ikkje fastsett dei nødvendige retningslinjene.

Olje- og energidepartementet arbeider for tida med å vurdera innspela til rettleiaren som kom inn under i høyringa i sommar.

– Det manglar ikkje på prat om at havvind er eit satsingsområde i Norge. Men havvindtoget har forlate perrongen i Europa, seier Haga.

Les også

Enorm interesse for norske havvindutbygginger

Under spørjetimen på Stortinget den 12. januar sa statsminister Jonas Gahr Støre at regjeringa ønsker at havvindnæringa skal opp og stå på «2020-talet og ikkje på 2030-talet, slik det har vore skissert i andre planar».

Dette har Haga bite seg merke i.

– Dette er ikkje mogleg dersom me ikkje ser raskare framdrift, seier ho.

Les også

NVE: Trolig ingen store havvindprosjekter før 2030

Eit flytande kappløp

Dei to norske havvindområda er ulike. Sørlige Nordsjø er rekna som eit reint kommersielt prosjekt, som skal bli bygd utan støtte frå staten. Dette fordi ein her baserer seg på botnfaste havvindturbinar, som det allereie finst mange av i andre land.

Utsira Nord er djupare, og turbinane må her kunna flyta.

– Det er her me meiner me har dei største moglegheitene til å utvikla ny industri, skapa nye jobbar og ta ein stor del av ein global marknad i vekst, sa Bru under ein havvindkonferanse i fjor.

Ti av dei 17 skotske tildelingane gjekk til flytande prosjekt, i tillegg til eitt som er blanda.

– Me må bestemma oss for kva kappløp me skal vinna. Kappløpet om den siste olja, eller kappløpet om ny og framtidsretta teknologi. På flytande havvind er me ikkje så langt i bakleksa som me er på botnfast havvind. Derfor må me hiva oss rundt for å greia å henga med i teknologikappløpet, seier Haga.

For dei som får bygga i Utsira Nord, ventar det ei form for statleg støtte. Størrelsen på støtta er ikkje fastsett fordi teknologien for flytande havvind er i rask utvikling.

Så kanskje den norske stat kan spara noko kroner dersom skottane går eit steg framføre oss?

– Det kan gå heilt gale om ein tenker på den måten. For me treng jo å bygga kompetanse og vår eiga leverandørkjede. Me meiner at Utsira Nord vil vera viktig for teknologiutvikling, men også for krafttilførsel til land, seier Haga.

Straum frå flytande havvindturbinar blir foreløpig rekna som langt dyrare enn prisane ein normalt betaler for norsk vasskraft.

– Ein må læra å krabba før ein kan gå. Per i dag vil det vera nødvendig å subsidiera flytande vind, seier Haga som har stor tru på at teknologiutviklinga på sikt vil føra til lågare kraftprisar frå flytande vindturbinar.

Les også

Nordiske hamner samarbeider for å bli best på havvind

Les også

Her testar Shell og co. framtidas havvindteknologi

Kabeldebatt

Regjeringa vil legga til rette for ei storstilt satsing på havvind, ifølgje Hurdalsplattforma. I det same dokumentet kan ein lesa at regjeringa ikkje vil godkjenna nye kraftkoplingar til andre land.

Dette byr på ei utfordring for Sørlige Nordsjø, då næringa hevdar at såkalla hybridkablar, som koplar anlegget både til Norge og til utlandet, er nødvendige for at ei utbygging skal bli lønsam.

Er dette i strid med Hurdalsplattforma? Vel, eit klart svar på kva regjeringa meiner om dette, er ikkje gjeve, men svaret kan koma når regjeringa legg fram ei tilleggsmelding til stortingsmeldinga «Energi til arbeid». Denne tilleggsmeldinga jobbar regjeringa med parallelt med retningslinjene for havvindutbygging.

– Diskusjonane om nett bør ikkje hindra at ein gjer arealtildelingar. Men me meiner at uenigheita om nett er mogleg å løysa, og at ein kan finna løysingar for hybridnett som er gunstige også for forbrukarar i Norge, seier Haga.

Les også

Ny forvirring rundt regjeringens strømkabel-politikk: – Ganske utrolig

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Havvind
  2. Utsira Nord
  3. Åslaug Haga

Flere artikler

  1. Havvind-industrien utolmodig: No er det tid for «speed dating»

  2. SV trur hurtigspor for havvind kan gje 200 nye turbinar

  3. Ønsker byggestart for havvind i 2027: Vindbransjen vil tredoble statens mål

  4. Betalt innhold

    Ny rapport: Havvind utanfor Bergen kan gje billigare kraft på heile Vestlandet

  5. Nordiske hamner samarbeider for å bli best på havvind