Tina Bru si høgre hand: – Føler eg er med i ein ny episode av Lykkeland

Då ho jobba i havvind-bransjen, trudde ho at det berre var å setja i gang med utbygging. Som rådgjevar i departementet forstår ho kvifor ting tar tid.

Karoline Sjøen Andersen har bakgrunn frå havvindbransjen. Bildet er tatt i 2019 då jobba for Unitech Offshore.

Marie von Krogh
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

– Eg føler eg er med i ein ny episode av Lykkeland, seier Karoline Sjøen Andersen, med referanse til tv-serien om starten på det norske oljeeventyret.

Den 25 år gamle Høgre-politikaren blei i januar ny politisk rådgjevar for olje- og energiminister Tina Bru. Andersen kom frå Norwegian Offshore Wind Cluster som jobbar for bedrifter som vil satsa på havvind.

No sit ho sjølv midt i prosessane som skal resultera i ein rettleiar for havvind som tunge aktørar, som til dømes Equinor og Aker, ventar utolmodig på.

Industri før energi

I fjor lyste regjeringa ut to område for havvind, Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II. Fleire selskap ønsker å konkurrera om å få starta opp energiproduksjon i områda. Men før dei kan få å senda søknadane, skal staten legga fram ein rettleiar for prosessen.

– Då eg jobba i havvind-bransjen, tenkte eg at alt var klart og «good to go». No begynner eg å forstå kor omfattande det er å legga til rette for ei heilt ny næring i havet, seier Andersen.

Regjeringa har varsla at rettleiaren vil bli lagt fram samtidig med ei stortingsmelding om verdiskapinga frå norsk energiproduksjon.

– Det siste me har sagt, er at rettleiaren kjem i månadsskiftet mai-juni. Etter det skal han ut på høyring i seks veker.

Andersen er klar over at havvind ikkje vil kunna gje like store inntekter som olje, men at det vil kunna skapa mange arbeidsplassar, er ho ikkje i tvil om.

– Dette er ei industrisatsing. Me gjer det altså ikkje for å få meir fornybar energiproduksjon i Norge. Mange land i Europa skrik etter fornybar kraft, men den situasjonen er ikkje me i endå.

På lengre sikt, når straumforbruket vårt har vekse betrakteleg, trur ho at også havvind vil spela ei viktig rolle for energimiksen på land.

Les også

Statnett venter høyere strømforbruk

Utsira Nord er 1010 kvadratkilometer stort, og Sørlige Nordsjø strekk seg over 2591 kvadratkilometer.

Viktor Klippen

Kven skal bruka straumen?

Til saman kan 4.500 megawatt bli produsert i dei to områda. Kvar straumen skal bli brukt, er ei av utfordringane departementet no jobbar med. Skal han gå til oljeindustrien sine anlegg offshore? Til Europa? Til Norge?

– Me kjem nok ikkje til å lukka døra for nokon moglegheiter med mindre me finn hinder som gjer dei umoglege.

Det mest kompliserte vil ifølgje Andersen vera om ein skal ha ei løysing der straumen går både til Norge og til utlandet. Kva avtalar med utlandet må på plass? Kan me bruka denne krafta utan å få ei høgare straumrekning?

– Det er mange tekniske ting som må på plass slik at me ikkje går på ein smell. Eg kan lova deg at det er komplisert. Me må finna ei løysing som kan stå seg i mange år, og som gjer at me ikkje blir sittande med svarteper.

– Kvifor blei ikkje dette gjort før områda blei lyste ut?

– Det er eit godt spørsmål som eg ikkje har eit like godt svar på. Men i politikken handlar alt om prioriteringar.

Ho peiker på at interessa frå næringa har variert dei siste åra, både i Norge og internasjonalt.

– Norske aktørar var engasjerte i havvind under oljekrisa. Men så gjekk dei tilbake til olja då prisen steig. No ser dei at dei må ha fleire bein å stå på, og at det er mange fellestrekk mellom det å levera til petroleumsbransjen og havvind.

Andersen fortel at departementet prøver å finna svar på så mange spørsmål som mogleg før rettleiaren blir publisert.

– Men eg trur me allereie no kan seia at me ikkje kjem til å ha alle svara, og at nokon problemstillingar må bli løyste fortløpande. Til dømes er fleire problemstillingar avhengige av internasjonale regelverk som no er under utarbeiding.

Les også

Ministeren om komande havvind-debatt: – Debatt med sprengkraft

– Må læra på vegen

Personleg synest Andersen konfliktane mellom klima og miljø, som kan oppstå når ein tar i bruk eit stykke urørt natur for å bygga ut fornybar kraft, er krevjande.

– Me må sikra gode prosessar for sameksistens. Får me frontkollisjon mellom miljøvern, fiske og havvind, kan det bli bom stopp slik ein har sett med vindkraft på land.

I Sørlige Nordsjø II er det grunt nok til at ein kan bygga vindturbinar som står på havbotnen. Slike anlegg finst det mange av utanfor andre europeiske land. I Utsira Nord er det så djupt at ein må ty til flytande turbinar. Dette er ein ferskare teknologi med få anlegg i drift.

Forskar Karen de Jong ved Havforskingsinstuttet peikte på at det er store kunnskapshol når det gjeld kva påverknad havvind har på livet i havet. Særleg gjeld dette for flytande anlegg. Korleis skal de ta gode nok miljøomsyn når ein veit så lite om konsekvensane?

– Det er ikkje så mykje kunnskap om dette no, men det blir viktig med grundige konsekvensutgreiingar. På flytande anlegg har ein peikt på at sjølve lina ned til ankringa kanskje kan vera i vegen for større pattedyr. Dette er ting aktørane må gjera grundige vurderingar av i modninga av dei ulike prosjekta. Nokon ting vil me måtta læra på vegen, som ein alltid gjer når ein gjer ting for fyrste gong.

Les også

Første del av Hywind-prosjektet ferdigstilt

Publisert:
mail

DET GRØNNE SKIFTET

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Havvind
  2. Fornybar energi
  3. AftenbladetE24
  4. Klima og miljø
  5. Karriere

Flere artikler

  1. Motvind seier nei til havvind

  2. Betalt innhold

    Flor- og Fjære-paret vil tena pengar på det grøne skiftet. Det er dei ikkje aleine om

  3. Vi må snakke meir om kraftbehovet og elektrifiseringa av Noreg

  4. Betalt innhold

    Denne roboten skal på oppdrag blant italienske vinranker

  5. Betalt innhold

    Ernst styrer testsenteret på Mongstad: – Vi er rockestjerner i utlandet, men blir fort ein vits i Norge