Flyttar tilkopling for oljeplattformer til Samnanger, meir kraft til industri på land

Statnett går no inn for elektrifisering av oljeindustri i Nordsjøen frå Samnanger. Oljeselskapa må ta kostnaden.

Dei omstridde hardangermastene fraktar kraft til Samnanger. No vil Statnett elekstrifisera sokkelen her i frå.
  • Ådne Lunde (Bergens Tidende)
Publisert:

– Vi har bestemt at NOA/Krafla-feltet bør elektrifiserast med sjøkabel frå Samnanger, seier Håkon Borgen.

Han er konserndirektør for teknologi og utvikling i Statnett.

Equinor og Aker BP har søkt om elektrifisering av desse felta i Nordsjøen. Dei ønskte å få denne krafta frå Kollsnes i Øygarden.

No har altså Statnett bestemt at denne elektrifiseringa skal skje frå Samnanger der det er rikeleg med kraft. Dermed kan også meir kraft reserverast for ny industri på land på Mongstad og i Øygarden. Det betyr samstundes ein lenger sjøkabel for oljeselskapa.

Konserndirektør Håkon Borgen forsikrar om at ekstrakostnaden ved sjøkabel til Samnanger ikkje fell på straumkundane i området.

– Eg er takksam

– Eg er både lykkeleg og taksam. Her har mykje hardt arbeid gitt ei god løysing, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Han vart informert om Stanett si kreative løysing tysdag ettermiddag.

Problemet er nemleg at medan det blir produsert store mengder kraft i indre delar av Vestland, er overføringsnettet til kysten og bergensområdet for svakt.

BT har tidlegare skrive at ti industriprosjekt er sett på vent grunna kraftmangel. Bergensområdet vart også truleg sjalta ut av kampen om ein ny batterifabrikk grunna kraftmangel.

– Tilsvarande Trondheim

Ifølgje konserndirektøren har Stanett og BKK-nett alt planar som gjer 400 MW ekstra kraft tilgjengeleg. Elektrifisering frå Samnanger frigir 200 MW i tillegg til dette. Samla er det 600 MW, like mykje som effekten til ein by som Trondheim.

Krafta blir tilgjengeleg ved utbygging og utbetring av eksisterande nett før 2026. Statnett jobbar også med ei ny kraftlinje mellom Samnanger eller Modalen og Kollsnes som blir løysinga på lang sikt.

– Elektrifisering av NOA/Krafla-feltet frå Kollsnes ville spist store delar av krafta som no kan øyremerkast ny landbasert industri. Vi ønskjer med dette å gje eit tydeleg signal om at slik tilknyting til nettet må skje nær der krafta blir produsert, seier Borgen.

Illustrasjonen viser området der kraftforsyninga er for svak.

Oljeselskapa må ta kostnaden

– Ein sjøkabel frå Samnanger til Nordsjøen blir lengre og dyrare. Er det straumkundane som må betala for dette med auka nettleige?

– Nei, heile kostnaden med kabelen fell på oljeindustrien, seier konserndirektøren.

Samstundes med at denne elektrifiseringa blir flytta til Samnanger planlegg ein elktrifisering av Troll B og C og Oserberg frå Kollsnes.

Håkon Borgen meiner at dette ikkje er eit paradoks, fordi Troll og Oseberg koplar seg til på heilt spesielle vilkår.

– Dersom det oppstår forsyningsproblem, mistar dei straumen, og dei må derfor ha gasskraft som backup. Det er få industriverksemder som kan ha slike vilkår, og dei konkurrerer slik sett ikkje med industri på land, seier Borgen.

NOA/Krafla-feltet har ikkje slik backup.

Det grøne skiftet kom brått

– Korleis har det seg at Vestland er kome i ein slik forsyningssituasjon der tilgangen på kraft er så knapp?

– Det grøne skiftet har slått inn for fullt, og ingen har kunna sjå det som er skjedd på førehand. I 2019 hadde vi kjente planar om 660 MW, som stort sett var knytt til elektrifisering av sokkelen. I dag er det totalt planar som krev 2800 MW. Vi må ha ein tett dialog med næringslivet for å løysa dette, seier Borgen.

Også direktør i BKK nett, Ketil Tømmernes ser lysare på situasjonen: «En endring av tilknytningspunkt fra Kollsnes til Samnanger betyr at vi får mer til de ti selskapene som venter på kapasitet ute ved kysten. Vi vil innkalle dem til dialogmøte like over påske.» Dette skriv han i ein epost til BT.

– Det har heile tida vore ein god og ryddig dialog med Stanett, seier Jon Askeland.

– Målretta, samla innsats har ført til at me no har tatt eit viktig steg vidare mot ei løysing på nettkapasiteten i bergensregionen. Det er verkeleg grunn til å gje Statnett stor honnør for at dei har kome med ei løysing, seier Jon Askeland.

Han understrekar samstundes at arbeidet for ei permanent løysing med ei nyframføring av kraft frå Samnanger eller Modalen må gå vidare med full styrke.

Les på E24+

Kraftmangel stoppet trolig 2000 nye arbeidsplasser i bergensområdet

Les også

Frp vil si nei til mer elektrifisering av oljefelt: – Dette vil koste skjorta

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Elektrifisering
  2. Samnanger
  3. Statnett

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Kraftdirektør slår alarm: Straumnettet taklar ikkje elektrifiseringa av Noreg

  2. Betalt innhold

    Kraftmangel stoppet trolig 2000 nye arbeidsplasser i bergensområdet

  3. Det grøne skiftet kan gje høgare nettleige

  4. Betalt innhold

    Bremsekloss i det grøne skiftet: Næringslivet må venta i årevis på straum

  5. Klimakrasj, gigaregning og vindbein i betong