To steg nærare karbonlagring og skattejakt på havbotnen

– Dette er norsk sokkel i versjon 2.0, seier olje- og energiministeren. No tar ho steg på vegen til meir karbonfangst og ny mineralutvinning.

Olje- og energiminister Tina Bru frå Høgre vil legga til rette for ny industri som bygger på industrien me allereie har.
Stortingsvalget 2021
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Snart vil stortingsvalet visa om Tina Bru (H) får halda fram i det ho sjølv kallar «verdas mest spanande jobb», altså norsk olje- og energiminister.

Det er unekteleg spanande når ein skal legga til rette for at ein oljenasjon skal finna plassen sin i ei verd som har som mål å bli driven på meir fornybar energi.

No vil Bru fortelja om to nye steg regjeringa tar på vegen som ho trur vil føra oss inn ei framtid som er god for både klimaet og norsk industri.

Hennar val av møtestad er Geoparken utanfor Oljemuseet. Også det ho no vil lansera, skal ifølgje statsråden bygga vidare på alt det me allereie kan i Norge fordi me kan så mykje om olje og gass.

Det eine steget handlar om karbonfangst. Det andre om mineraljakt på havbotnen.

– Dette er norsk sokkel i versjon 2.0, seier Bru, som også har lista opp hydrogen og havvind for å skryta av det regjeringa held på med for å sikra ein framtidig, norsk industri.

To område for lagring

Olje- og energidepartementet lyser no ut to område for injeksjon og lagring av karbondioksid på norsk sokkel. Tanken bak karbonfangst er at karbondioksid som er konsekvensen av fossile energikjelder ein framleis bruker, skal kunna gøymast bort slik at klimaet ikkje blir påverka av gassen.

Det eine området er i Nordsjøen, det andre i Barentshavet. Begge er lyste ut på bakgrunn av interesse frå aktørar i industrien. Kva for aktørar det er snakk om, vil ikkje Bru gå offentleg ut med. Ho understrekar at utlysinga er open for alle kvalifiserte søkarar.

– Dette viser at det å bygga ny næring på skuldrene på det som allereie finst, ikkje lenger er eit eventyr. Det er eit svært potensial på sokkelen, seier Bru.

Uavhengig av kva ministeren vil seia om kven som har meldt interesse, er det er frå tidlegare kjent at Northern Lights ønsker å lagra karbondioksid i Nordsjøen, og at prosjektet Barents Blue siktar seg inn på lagring i Barentshavet.

Les også

Skal gjøre CO₂-lagring til butikk: – Vi øker ambisjonene

Les også

Equinor og Vår Energi vurderer gassrør til ammoniakkanlegg

Mineralutvinning møtt med protest

Regjeringa har tidlegare meldt at dei vil legga til rette for utvinning av mineral på havbotnen. No er det fyrste steget tatt: Eit konsekvensutgreiingsprogram er fastsett. Dette er det noko som må til for at ein skal kunna gjera ei konsekvensutgreiing. Og så følgjer fleire ledd som me ikkje skal gå inn på i detalj her, men …

– Dette viser kor omstendelege slike prosessar er. Konsekvensutgreiinga vil visa om ein kan gjera dette på ein måte som tar omsyn til miljøet og andre interesser, seier Bru.

Utkastet til programmet blei sendt ut på høyring i vinter. 53 innspel kom inn. Eitt av dei var signert WWF, Greenpeace, Naturvernforbundet, Natur og Ungdom, Framtiden i våre hender og Sabima.

Organisasjonane krev at regjeringa stansar noverande opningsprosess av mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel. Dei skriv at regjeringa har starta prosessen «på tross av advarslene fra forskere som sier at vi ikke har tilstrekklig kunnskap om disse områdene, og at dette vil føre til irreversible skader på helt unik natur».

– La oss no få laga ei konsekvensutgreiing og finna ut meir. Dette kan bli ein stor industri for Norge, og dette er mineral som verda treng. Teknologien er i rivande utvikling, seier Bru om kritikken.

– Eg ønsker ikkje å rasera havbotnen. Det er derfor me skal ha ei konsekvensutgreiing, legg ho til.

Ho viser til IEA, det internasjonale energibyrået, som fremmar at det trengst mykje mineral for å bygga ut meir fornybar energi og batteri.

– Behovet for mineral vil mangedobla seg, seier Bru.

Organisasjonane bak høyringssvaret viser blant anna til at gjenbruk av mineral er noko ein bør gjera mykje meir av ein enn gjer i dag.

– Det vil aldri i verda vera nok til å dekka behovet. Men eg er også tilhengar av å tenka sirkulært, seier Bru.

Høyringssvar som er komne frå forskingsinstitusjonar som har peiling på livet i havet, peikar også på mangel på kunnskap. Senter for Dyphavsforskning ved Universitetet i Bergen skriv at «antagelsen om at leteaktiviteter vil ha minimale miljøkonsekvenser (...) støttes ikke av vår nåværende kunnskap».

Konsekvensutgreiinga skal etter planen bli sendt ut på høyring i slutten av 2022. Om forskarar og miljøvernorganisasjonar då er nøgde med svara dei har fått, gjenstår å sjå.

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Stortingsvalget 2021
  2. Karbonfangst
  3. Olje- og energidepartementet
  4. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Oljebransjens krav til ny regjering

  2. Fiskarar om havvind: – Me druknar i ein sterk lobby

  3. Ap om straumnett som bremsar grøne ambisjonar: – Uhaldbart

  4. Her møtest oljeleverandørane for å bli grønare

  5. Stavanger-ordføraren seier nei til havvind på auksjon