Desert Control henta inn 200 millionar kroner

Då Desert Control opna for nye investorar, vart lista fullteikna etter to dagar. Blant dei lokale investorane er sykkelstjerna Alexander Kristoff, Jakob Hatteland og Einar Jansen.

Ole Kristian Sivertsen viste i haust fram prototypen som blei produsert i ein industrihall på Jæren. No har prototypen bevist at han fungerer i felt, og selskapet gjer seg klar for full kommersiell satsing.

Fredrik Refvem
  • Jonas Vikingstad (Stavanger Aftenblad)
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

I ei børsmelding heiter det at ein rekke høg-kvalitets norske, nordiske og internasjonale investorar var blant dei som investerte.

– Me er særleg stolte av dei mange lokale investorane som me har fått med oss på denne emisjonen. Det er bra oppslutning frå eksisterande aksjonerer og dessutan nokre lokale i tillegg. Dette er ei god Stavanger-historie, slår Ole Kristian Sivertsen fast.

Selskapet henta inn 200 millionar kroner.

Blant investorane dei ønskjer å offentleggjere no, er sykkelstjerna Alexander Kristoff. I tillegg har milliardæren Jakob Hatteland teikna seg, noko han også gjorde sist runde. Det same har Kristian Falnes og barnehage-byggaren Einar Jansen.

– Inspirerande dagar

I same børsmelding presiserer bedrifta at dei vil bruka pengane til å finansiera kapitalkrava i forretningsplanar, bygga organisasjonen og akselerera utviklinga av prosjekta deira.

– Det var verkeleg inspirerande dagar. I ei veke som vart prega av overskrifter som «sur marknad» og «vinden har snudd». Det vi møtte var det heilt motsette. Interessa var verkeleg ei kjærkomen stadfesting på det me gjer, og på at mange ønsker å vera med på denne reisa, seier Ole Kristian Sivertsen.

Blant investorane er sykkelstjerna Alexander Kristoff.

Carina Johansen

Sivertsen fortel at dei brukte nokre månadar på å henta 42 millionar ved den førre emisjonen. Denne gongen vart det fullteikna med investorar på to dagar.

– Dette set Stavanger på kartet som ein drivkraft innan grøn innovasjon.

Made in Stavanger

Sivertsen legg vekt på den store positiviteten dei har opplevd rundt prosjektet. Han har opplevd den siste tida som ein slags lykkerus.

– Det er berre daud fisk som følgjer straumen. Ein kjenner at me har fått ei god stadfesting på at vi er på rett kurs. Det er også ei svær interesse frå utlandet. Eg får stor energi av dette og gler meg til framtida, slår Sivertsen fast.

For Sivertsen har den lokale forankringa vore det viktigaste. Sjølv er han frå Stavanger og flytta tilbake til byen i 2019 etter fleire år i håp om å bygga ei meir berekraftig verd.

– Me frå denne byen er framoverlente, og inkluderande. Når me døyper om Stavanger frå Oljehovudstaden til Energihovudstad så er dette eit teikn på flott utvikling; men me bør vera endå meir ambisiøse og gå for å vera Fornybarhovudstaden, slår han fast.

– Eg ønskjer å ha eit prosjekt som er «Made in Stavanger» og som blir tatt vidare ut i verda og bidrar til å løysa store globale utfordringar og skapa håp for ei betre framtid. Eg ønskjer å væra ein aktiv bidragsytar til å setta Stavanger og Norge på verdskartet for grøn innovasjon, legg han til.

Børsnotering neste

Desert Control har som mål å gjera ørken til dyrkbar jord. Lykkast dei kan dei bidra til livsviktig matproduksjon i ei verd der ørkenen breier om seg, og der vatn mange stadar er ein knapp ressurs.

– 12 millionar hektar produktiv matjord blir kvart år til ørken, viser tal frå FN, fortel Ole Kristian Sivertsen i Desert Control.

Også gründer Jakob Hatteland er blant investorane i den nyaste emisjonen, noko han også var sist gong.

Jon Ingemundsen

Produktet deira er ei flytande nanoleire som gjer ørkensand om til jord som held på vatn. Dette har fått internasjonal merksemd, blant anna på CNN og BBC. Nanoleira kan også bidra til at grøne landskap, som for eksempel parkar og idrettsanlegg, skal kunna bli haldne ved like med bruk av mindre vatn.

– Den flytande leira vår har vi fått god validering på av seriøse tredjepartar. Dette har vist veldig gode resultat for landbruk. Da vi sist henta inn pengar var det for å vidareutvikla selskapet, nokre vi gjorde med suksess. Nå har vi sett at vi kan produsera dette på et storskala-plan derfor hentar vi nye millionar, seiar Sivertsen

Aftenbladet/E24 besøkte dei i ein industrihall på Jæren i oktober i fjor. Dei var då i gang med å setja i stand prototypen av maskinen som skal produser leira. Selskapet har tidlegare sikra seg 42 millionar kroner til utvikling av teknologi for industriell volumproduksjon og uttesting. Aksjonærane er i denne runden var alle frå Sørvestlandet.

– Regionens kompetanse, historie og drivkraft har vist at vi evnar å fornye oss. Vi bør sette oss i førarsetet for akkurat dette, seier Sivertsen i Desert Control.

Også Kristian Falnes har teikna seg som investor i Desert Control.

Alf Ove Hansen

No har prototypen vist at han fungerer i felt, og Desert Control er klare for neste fase. Då trengst meir pengar. Målet var å henta inn 150 til 200 millionar kroner. Desse millionane skal sørgja for at selskapet skal kunna satsa kommersielt i Dei sameinte arabiske emirata og deretter vest i USA. I tillegg til desse to kommersielle satsingsområda, håper Desert Control også på å kunna bidra i FN-prosjektet The Great Green Wall i Sahel-regionen i Afrika.

Neste steg er børsnotering på Euronext Growth, noko som truleg vil skje midt i april. Dette er ein del av Oslo Børs der krava til å bli tatt opp er noko lågare enn på hovudlista.

Nyleg fekk også selskapet 26 millionar kroner i støtte frå Innovasjon Norge.

Les på E24+

Nokon grønne selskaper kan tene store pengar. Andre vil tape når bobla sprekk

Publisert:
mail

DET GRØNNE SKIFTET

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Desert Control
  3. Alexander Kristoff
  4. Kristian Falnes

Flere artikler

  1. Sterk børsdebut for Desert Control

  2. Betalt innhold

    Denne roboten skal på oppdrag blant italienske vinranker

  3. Energibransjen i Rogaland må kjempa om slike som Martine

  4. Sandnes-selskap får med seg amerikansk gigant på laget

  5. Kverneland Energi med prestisjeprosjekt på Svalbard