Her testar Shell og co. framtidas havvindteknologi

Havvind er ein viktig ingrediens i regjeringa sin plan for det grøne skiftet. Tina Bru besøkte eit havvindlaboratorium i vekst.

Tina Bru fekk kjenna på den energiskapande vinden til havs.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

– Eg kan ikkje seia nei til ein båttur! seier olje- og energiminister Tina Bru frå Høgre.

Ho er om bord då ein båt legg frå kai i Haugesund og set kursen mot havområdet utanfor Karmøy der Metcentre testar ut flytande havvindturbinar.

I juni i fjor var ho også på ein båttur som blei godt dokumentert. Den gongen skulle ho fortelja at regjeringa ville opna to område for havvind, Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II.

Sidan den gong har næringa mobilisert for å posisjonera seg for å få bygga ut dei norske områda. Kven det blir, er framleis uvisst.

I Utsira Nord er det så djupt at ein må ha flytande turbinar. Denne teknologien er fersk, og det er her testkapasiteten til Metcentre kjem inn i bildet.

TetraSpar og Unitech Zephyros er turbinane som no blir testa ut. Fleire kjem.

Shell testar turbin

Ute i sjøen ventar dei flytande havturbinane Unitech Zephyros og TetraSpar. Dei er plasserte med 1,5 kilometers mellomrom.

– Mange lurer nok på om det er denne teknologien me vil ta i bruk dersom me får bygga i Utsira Nord. Men det er det for tidleg å seia. Erfaringa me haustar herifrå vil uansett vera gull verdt, seier Fredrik Celius i Shell som er prosjektleiar for havvindsatsinga til Shell, BKK og Lyse.

TetraSpar er eit samarbeidsprosjekt mellom Shell, Stiesdal, RWE og TEPCO. Turbinen kom på plass for to veker sidan, og fyrst neste veke vil norske Unitech sørgja for at ein kabel kjem på plass slik at turbinen kan produsera straum.

Fredrik Celius i Shell presenterer turbinen TetraSpar som nyleg er komen på plass utanfor Karmøy.
Les også

Tina Bru varsler grønt skatteskifte

– Turbinen er sett saman i Danmark. Men norske IKM har fått servicekontrakten, seier Celius.

Diameteren til turbinen, som kan generera 3,6 megawatt, er 120 meter. Som fleire av representantane til Shell påpeiker, så er dette lite samanlikna med kva ein kan venta seg av framtidige turbinar i produksjon. Ein snakkar då om i alle fall 10 megawatt.

Testsenteret vil veksa

Testsenteret Metcentre har store planar framover. Dei to turbinane dei har ute no, bruker den konsesjonskapasiteten dei har. Derfor har dei søkt om å få utvida til 85 megawatt, ein søknad som no skal ut på høyring.

– Neste år kjem Flagship, eit prosjekt som er leia av Ibedrola med fleire norske samarbeidspartnarar. Løysinga er utvikla av norske dr. techn Olav Olsen. Turbinen er på meir enn 10 megawatt. Det blir verdas største flytande vindturbin, seier Mads Arild Vedøy som er prosjektleiar ved Metcentre.

Les også

Tina Bru med gladmelding til havvind-senter

Mads Arild Vedøy var stolt over å kunna visa fram verksemda til Metcentre for minister Tina Bru.

Målet til senteret er ifølge Vedøy å tiltrekka seg internasjonale aktørar for å kopla på norske bedrifter.

– Me har eit eige punkt i kontrakten om at dei skal prøva å bruka norske aktørar der det er eit alternativ, seier Vedøy.

Les på E24+

I framtida kan han få oppdrag på vindturbinar på størrelse med oljeplattformer

Veteranen på feltet

Unitech Zephyros, som er god for 2,3 megawatt, er for ein veteran å rekna. Han blei installert i 2009, då under namnet Hywind Demo med eigaren Equinor. Med Unitech som eigarar utgjer Zephyros no ein del av testutstyret som katapultsenteret Sustainable Energy har til disposisjon.

– No blåser det 7–8 meter per sekund. 40 prosent av produksjonskapasiteten på 2,3 megawatt er i bruk. På eitt døgn produserer turbinen då årsforbruket til tre hus, seier Gunnar Birkeland i Unitech.

Sustainable Energy testar blant anna overvakingsutyr frå selskapet Spor som skal kartlegga fuglelivet rundt turbinane. For sjølv om produksjon av fornybar energi blir gjort til fordel for miljøet, så vil store turbinar kunna ha konsekvensar for miljøet der dei står, og desse er bransjen opptatt av å kartlegga.

Les også

Analytiker: Vil ta årevis før Equinor tjener på fornybarsatsingen

Les også

Støre vil satse grønt med kraft og nett

Les også

Venstre advarer mot rødgrønn næringspolitikk: – Vil kvele det grønne skiftet

Les også

Synes ikke oljekjempene kutter nok: – På kollisjonskurs med Parisavtalen

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Havvind
  2. Tina Bru
  3. Shell
  4. Utsira Nord
  5. IKM
  6. Olav Olsen
  7. Hywind

Flere artikler

  1. Stavanger-ordføraren seier nei til havvind på auksjon

  2. Betalt innhold

    Fyrst Eigerøy, så Kreta: Får hovudrolle i grønt millionprosjekt

  3. Tina Bru varsler grønt skatteskifte

  4. Her pakkar dei ut motoren som kan gjera global skipsfart meir berekraftig

  5. Havvindrapport: – Norske bedrifter må tilpassa seg kostnadsnivået