Tysk energikjempe på jakt etter norske leverandørar: – Gjeld å ikkje koma for seint til festen

Sjølv om andre europeiske land har 20 års erfaring med havvind, trur tyske EnBW at også norske aktørar kan få ein bit av kaka. Men då har dei dårleg tid.

Atle Beisland (Norseman Wind), Harald Dirdal (Norseman Wind), Hanne Multhaupt (EnBW), Jakob Bollwinkel (EnBW), Ronny Johnsrød (Asko Fornybar) og Anja Greenshields (EnBW) ved Asko sin turbin på Skruvenuten i Gjesdal.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Tre representantar frå den tyske energikjempa EnBW er på besøk i ASKO sine lokaler i Gjesdal. Her er dei fordi EnBW saman med norske Norseman Wind og ASKO-eigar Norgesgruppen skal søka om å få bygga ut 1400 megawatt med botnfast havvind i Sørlige Nordsjø.

Investeringssummen dei ser føre seg, er mellom 30 og 35 milliardar kroner. Minst halvparten av kontraktane skal gå til norske leverandørar.

Målet tyskarane har med besøket i Noreg, er å møta flest mogleg selskap som ønsker å bli leverandørar i den fyrste store havvindutbygginga på norsk sokkel.

Les også

Vil legge 35 milliardar i havvindprosjekt

Les også

Enorm interesse for norske havvindutbygginger

Rundt hundre interesserte møtte opp då Hanne Multhaupt i EnBW besøkte tre norske byar for å finna moglege leverandørar.

20 års forsprang

I Noreg trur både aktørar frå næringslivet og politikarar at havvind er ei næring som kan skapa nye arbeidsplassar og store inntekter. Dette gjer dei blant anna fordi norsk industri allereie kan veldig mykje om det å setja opp og driva store konstruksjonar til havs.

Men korleis ser dei norske havvindmoglegheitene ut frå eit tysk perspektiv?

– Det er overraskande kor mange gode idear dei har, og kor mykje som kan bli overført av kunnskapen dei har frå olje og gass, seier Jakob Bollwinkel, prosjektleiar i EnBW, som dagen før har vore på hurtigdating med rundt 30 bedrifter i Kristiansand, før dei snart skal vidare til Egersund og til slutt Ålesund.

– Men leverandørane må skunda seg og bli klare så fort som råd. Havvindmarkanden i Europa har eksistert i 20 år, og det er nok av konkurrentar. Alle vil ha ein bit av kaka, og det gjeld å ikkje koma for seint til festen, seier Bollwinkel, som også er styreleiar i Norseman Wind.

Han meiner at olje- og gassindustrien må driva med masseproduksjon og konkurranse basert på pris i større grad enn i dag om dei skal lykkast innan havvind. Utvikling av havvind på norsk sokkel, trur han er ein viktig nøkkel til suksess.

– I EU skal ein installera 400- 500.000 megawatt havvind innan 2050. 90 prosent av dette er botnfast. Den store utfordringa til norsk industri er å utvikla ei leverandørkjede som kan produsera både botnfaste og flytande løysingar billig, seier Harald Dirdal i Norseman Wind.

– Inntrykket mitt er at interessa blant norske leverandørar er stor, men dei treng tid til å førebu seg, seier Hanne Multhaupt, leiar for offshore-innkjøp i EnBW.

Ho fortel at det i nokon prosjektfasar er ein særleg fordel å ha med seg lokale leverandørar. Dermed vil norske selskap kunna stilla sterkt i delar av utbygging av Sørlige Nordsjø. Men dei vil også kunna bruka prosjektet til EnBW og Norseman Wind som eit springbrett til å få tilgang til den internasjonale marknaden.

– Nokon av dei me har møtt her, leverer svært spesialiserte ingeniørtenester. Logistikk og leverandørkjeder ser me også at mange er gode på, seier ho om møta dei har hatt så langt.

Les også

Tror på norsk havvindomsetning på 80–100 mrd.: – Satser ganske betydelige ressurser

Turbinen til Asko er god for 3,45 megawatt. Dette er småtteri samanlikna med turbinane Harald Dirdal ønsker å få å på plass i Nordsjøen.

35 år med drift

Lokalet til ASKO, der også Norseman Wind har adresse, ligg mellom to toppar der til saman fem vindturbinar er plasserte. Dei er ASKO sine og kan levera 3,45 megawatt kvar om vinden blåser sterkt nok.

Turbinane som kan koma på plass i Nordsjøen, vil vera vesentleg større. Det er snakk om 15–20 megawatt. Dirdal viser til det briske havvindanlegget Doggerbank for å illustrera kor kraftige desse turbinane er.

– Her sørgjer éi omdreiing på ein turbin på 15 megawatt for straum til ein britisk husstand i to døgn, seier Dirdal.

Ifølgje Dirdal vil ein truleg skriva 2030 og vel så det før turbinane i Sørlige Nordsjø er klare til å produsera straum. Derfor håper han at den tyske partnaren vil vera open for å ta med seg norske leverandørar i andre prosjekt som er komne lenger.

– Me har 6 gigawatt med havvind som skal bli bygde ut, seier Bollwinkel.

Sjølv om dei tyngste enkeltinvesteringane ligg i etableringa av anlegga, understrekar han at det også er store moglegheiter når turbinane er i drift.

– Dei er operative i rundt 35 år. Når det gjeld drift og vedlikehald av installasjonar til havs, ligg olje- og gassnæringa langt framme, seier han.

– Her er Energy Innovation i Egersund veldig interessante sidan dei vil etablera ein base for dette, seier Dirdal.

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Havvind
  3. Norseman
  4. Asko

Flere artikler

  1. Havvind-selskap med milliard-ambisjonar flyttar frå Oslo til Rogaland

  2. Vårgrønn får med seg internasjonale muskler i havvind-kampen

  3. Equinor konkurrerer om fransk havvind

  4. Fiskarar om havvind: – Me druknar i ein sterk lobby

  5. Gartneri fryktar ny klimaavgift: – Vil ha store konsekvensar for oss