Milliardprosjekt skal gjera Barents-gass til ein del av klimaløysinga

Prosjektet Barents Blue skal bruka 100 millionar kroner i 2021. Den endelege prislappen kan bli hundre gongar større.

Bjørgulf Haukelidsæter Eidesen i Horisont Energi har fått sin tidlegare arbeidsgjevar Equinor med seg på laget.

Fredrik Refvem
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

– Anlegget vil omtrent ikkje vil ha utslepp. Dermed vil gassen frå Barentshavet bli ein del av klimaløysinga i staden for å bli oppfatta som eit problem, seier Bjørgulf Haukelidsæter Eidesen, administrerande direktør i Sandnes-selskapet Horisont Energi.

Dei har som mål bygga den fyrste fabrikken i Europa med karbonnøytral produksjon av ammoniakk i stor skala. Produktet vil vera såkalla «blå ammoniakk». Det inneber at han er laga av naturgass, og at karbondioksidet blir fanga opp og lagra.

Ammoniakk blir blant anna brukt i gjødsel i landbruket. Men i framtida kan det også bli eit viktig drivstoff, særleg innan skipsfart.

Fabrikken skal ligga i Finnmark, anten i Hammerfest eller Nordkapp, og gassen skal koma via Melkøya.

I år har Horisont Energi brukt tid på å finna ut om prosjektet, som heiter Barents Blue, er mogleg å gjennomføra. Sist veke kunne dei konkludera med at svaret er ja, både når det gjeld teknologi og økonomi.

Høg karbonfangst

Horisont Energi har blant anna funne ut at det er mogleg å fanga mellom 99,3 og 99,9 prosent av karbondioksidet frå ammoniakk-produksjonen. Karbondioksidet frå gassen vil dei lagra under havbotnen i eit reservoar med namnet Polaris.

– Det blir det mest karboneffektive ammoniakkanlegget i verda, hevdar Eidesen.

Petter Nekså er sjefforskar ved Sintef Energi AS. Om ein fangstgrad opp mot 99,9 prosent er realistisk, kan han ikkje svara på når han ikkje har detaljerte opplysningar om prosessen. Men på generelt grunnlag kan han seia at det vil krevja meir energi dess lågare konsentrasjon av karbondioksid ein skal oppnå.

– Ei prinsipiell utrekning viser at avkarbonisert restgass med dette konsentrasjonsnivået, vil svara til CO₂-nivået ein har i lufta i dag. Og det er jo nokon som tenkar på å fanga CO₂ frå lufta.

Nekså kan heller ikkje gje eit bastant bekreftande svar på om dette anlegget vil bli verdsleiande dersom det blir sett i produksjon.

– Det blir realisert veldig mange prosjekt som gjeld lågkarboen-hydrogen og hydrogenberarar for tida.

Ammoniakk har den kjemiske formelen NH₃, noko som betyr at molekyla har eit høgt innhald av hydrogen.

100 millionar kroner før nyttår

Horisont Energi vil produsera 3000 tonn per dag. Dette gjer dei ifølgje Eidesen til eitt av dei største anlegga i verda.

Neste steg i prosjektet inneber å bruka 100 millionar kroner før nyttår. Rundt årsskiftet vil dei velja eit konsept, og mot slutten av 2022 vil dei ta den store investeringsavgjerda. Eidesen reknar med ein total prislapp på rundt ti milliardar kroner.

Horisont Energi har store selskap med seg på laget. Dei har inngått ein intensjonsavtale med amerikanske Baker Hughes om Polaris. Tidlegare i vår signerte dei ein samarbeidsavtale med Equinor om offshore-delen av prosjektet, og dei to selskapa har ein intensjonsavtale for samarbeid på land.

– Equinor har mykje kompetanse som vil koma prosjektet til gode, og som prosjektpartnar vil dei også betala sin del av kostnadane, seier Eidesen.

Enova har gjeve 10 millionar kroner i støtte til konseptfasen. Barents Blue er dessutan med i eit europeisk prosjekt der målet er å etablera ein verdikjede for hydrogen.

I framtida vil Horisont Energi også utvikla «grønt hydrogen» som ikkje blir produsert av gass, men som blir laga med fornybar elektrisitet og elektrolyse. Kvar dette blir, er ikkje bestemt, men uansett kvar tomta ligg, er tilgang på store mengder fornybar energi avgjerande for produksjonen.

Les også

Spetalen og KLP satsar på karbonfangst

Publisert:
mail

DET GRØNNE SKIFTET

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Karbonfangst
  2. AftenbladetE24
  3. CO2

Flere artikler

  1. Leder Yaras ferske satsing på ammoniakk: – Et vell av nye muligheter

  2. Yara satser på ammoniakk i Japan: – Banebrytende

  3. Håper Porsgrunn blir Ernas demoprosjekt på hydrogen: – En sterk kandidat

  4. Questerre og Zeg Power samarbeider om blått hydrogen

  5. LO og NHO går sammen med kraftaktører: Vil ha storsatsing på grønt hydrogen