Starta havvind-protest: – Urørt natur er livsnødvendig

Vindturbinar i Utsira Nord vil vera synlege frå land. Men det er ikkje den viktigaste grunnen til at Synneva Margrethe Frøynes og fleire med ho protesterer mot den store industrisatsinga.

Synneva Margrethe Frøynes ved Hagland festning på Haugalandet. Ho fryktar utsikta i framtida vil vera forstyrra av vindturbinar.

Privat
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)

– Eg er redd for at me satsar på noko me ikkje kjenner konsekvensane av, seier Synneva Margrethe Frøynes.

Ho har starta Facebook-gruppa «NEI til havvind ved Utsira, Bokn og Karmøy på Haugalandet!», som har rundt 1400 medlemmar.

– Planen min med gruppa var å informera folk, slik at alle kan få ein sjanse til å vera med i debatten.

Og debatten er ikkje ukomplisert.

Mens Bellona ser på vindkraft er nødvendig, meiner Norges Miljøvernforbund at vindkraft aldri er svaret, uansett korleis ein stiller spørsmålet.

Forskarar ved Havforskningsinstituttet har foreløpig kome fram til at ein ikkje har nok kunnskap til å kunna slå fast om effekten av havvindanlegg er positiv eller negativ for livet i havet.

Les hele saken med abonnement

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Tina Bru si høgre hand: – Føler eg er med i ein ny episode av Lykkeland

  2. Motvind seier nei til havvind

  3. Tina Bru med gladmelding til havvind-senter

  4. Enorm interesse for norske havvindutbygginger

  5. Havvindrapport: – Norske bedrifter må tilpassa seg kostnadsnivået

  6. Espedal om havvind-satsing: - Tro på høy avkastning

mail

DET GRØNNE SKIFTET

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet