96 prosent av nykjøpte lastebilar går på diesel. Ikkje denne

3,7 millionar kroner for ein liten el-lastebil. Sjølv med Enova-støtte, freistar det ikkje for Tor Magne Tjemsland å investera i meir enn éin.

Tor Magne Tjemsland med den nye el-lastebilen til Stillaspartner. I tillegg har dei meir enn ti som går på diesel.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Ein flunkande ny lastebil står parkert utanfor Stillaspartner på Klepp stasjon. Med sine 16 tonn er han ikkje av dei største lastebilane ein ser på vegane, men han er akkurat passe stor til å køyra stillas til og frå byggeplassar.

– Normalt kostar ein slik lastebil 800.000 kroner, seier Tor Magne Tjemsland som er dagleg leiar i bedrifta som sysselset 35 årsverk.

Men denne kosta 3,7 millionar kroner. Og det gjorde han fordi dieselmotoren er bytta ut med batteri.

– Me fekk 1,2 millionar kroner i støtte frå Enova, seier Tjemsland, som sjølv med millionstøtte måtte punga ut vesentleg meir enn han ville ha gjort for ein tilsvarande dieselbil.

Les på E24+

Ny rapport: Verden når ikke klimamålene

Langt bak personbilane

62, 5 prosent av personbilane som blei selde i Norge fram til 30. september i år, var elbilar.

Berre 4 prosent av lastebilane som blei selde i det same tidsrommet, gjekk på noko anna enn diesel.

Ved årsskiftet var 37 av 70.670 lastebilar i Norge elektriske, ifølgje tal frå Norges bilbransjeforbund.

– Me trur ikkje teknologien vil vera utfordringa for kor eigna el-alternativa er framover, men økonomien vil vera ei stor utfordring. El-lastebilar er cirka tre gongar så dyre som dieseldrivne lastebilar, seier Egil Steinsland, kommunikasjonssjef i Norges bilbransjeforbund.

Foreløpig er det dei minste lastebilane som køyrer kortare ruter, som er mest eigna for å gå på elektrisitet. Steinsland trur også at det nærmar eit tidspunkt der trekkvogner på 50–60 tonn kan bli el-køyretøy.

– Men rekkevidde og infrastruktur for lading vil vera ei utfordring.

I fyrste omgang berre éin

– Eg veit ikkje om det lønner seg på sikt, seier Tjemsland om nybilkjøpet.

Men likevel gjorde han investeringa. For han håper at el-lastebilen kan bli eit konkurransefortrinn for bedrifta dersom det offentlege begynner å stilla krav om grønare transport inn til anleggsområda.

– Då er det kjekt å vera tidleg ute, seier Tjemsland som berre kjenner til éi anna bedrift i Rogaland som har gjort liknande innkjøp, og ingen i same bransje som han sjølv.

Skulle Stillaspartner trenga lenger rekkevidde enn dei 20 mila lastebilen skal vera god for, kan dei ty til nokon andre av dei 12–13 dieseldrivne alternativa dei har.

Nokon snarleg elektrifisering av resten av lastebilparken, reknar Tjemsland ikkje med.

– Då må prisen i alle fall halverast. No blir det blir med denne eine.

Tor Magne Tjemsland bak rattet i den nye doningen.

NHO-bøn til regjeringa

– Transportsektoren har i dag ganske store utslepp. Eg opplever at dei sjølve ønsker å gjera noko med det, seier Tone Grindland, regiondirektør i NHO region Rogaland.

Saman med blant anna miljøstiftinga Zero, ber NHO om eit eige Co₂-fond retta mot næringslivstransport. Dei meiner dette vil gjera det mogleg for næringa å forplikta seg juridisk til å nå utsleppsmål, samstundes som dei kan bruka fondet til å investera i nye, grøne køyretøy.

Organisasjonane viser til at den norske elbil-satsinga retta mot privatbilismen vekker internasjonal oppsikt. Dei meiner det vil ha stor effekt om Norge også får til noko for el-lastebilar.

– Eg ser det har ein effekt når det offentlege stiller tøffe miljøkrav. Men det er viktig at dei også følgjer dei opp, seier Grindland.

NHO har også kome med innspel til statsbudsjettet. Her ber dei om at Grønt landtransportprogram skal inn i budsjettet med fem millionar kroner. Dette skal då utløysa ein tilsvarande innsats frå næringslivet.

Grønt landtransportprogram har som mål å bidra til ei halvering av klimagassutsleppa frå transport innan 2030. Dei vil legga til rette for auka bruk av el-transport, men også for biodrivstoff og hydrogen som energiberarar.

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Elbil

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Veit ikkje kor mykje klimavenlege byggeplassar vil kosta kommunen

  2. Betalt innhold

    Miljøtopp møtte industrien i parterapi: – Me har gått bort frå ein sluttdato for olja

  3. Betalt innhold

    Felleskjøpet-eigd selskap utviklar vegansk mat

  4. Kan gulrotplukking bli ein draumeferie? Ja, meiner desse

  5. Meiner Northern Lights i Øygarden viser kor viktig oljeindustrien er for det grøne skiftet