Nysnø investerer i eit smartare straumnett

700 millionar kroner ekstra over statsbudsjettet gjer at fornybarfondet Nysnø, med Siri Kalvig i spissen. kan halda dampen oppe.

Eivind Egeland Olsen er investeringsdirektør i Nysnø, som held til i Stavanger.
Publisert: Publisert:

Det statlege fondet Nysnø investerer i selskap som skal bidra til å løysa klimautfordringar. Tysdag blei det kjent at dei går inn i Oslo-selskapet Greenbird.

– Me har ein database der me loggfører alle selskap og fond me er i kontakt med. Lista har over 600 oppføringar. Så langt har det blitt totalt 12 investeringar. Så det er eit trongt nålauge, seier investeringsdirektør Eivind Egeland Olsen i Nysnø.

Måndag besøkte næringsminister Iselin Nybø (V) Nysnø i Stavanger. Ho var der for å fortelja at regjeringa vil gje ytterlegare 700 millionar kroner til fondet i det komande statsbudsjettet. Dette blei fyrst omtalt av Dagens Næringsliv.

– Det betyr mykje for oss. Hadde me ikkje fått pengane, måtte me ha redusert investeringstakten. Me er ein veldig aktiv investor, seier Olsen til Aftenbladet/E24.

Eit grønare straumnett

Greenbird har utvikla verktøyet Utilihive. I ei pressemelding uttaler Greenbird-sjef Thorsten Heller at løysinga deira kan bidra til eit meir effektivt og fleksibelt straumnett.

Olsen meiner dette er viktig i ei framtid med meir bruk av fornybar energi.

– Fornybar energi frå sol og vind er diskontinuerleg. Då må ein styra nettet smartare, seier Olsen.

Han forklarer at Utilihive gjer det mogleg å knyta saman data frå ulike målepunkt, som for eksempel straummålarane i heimane våre.

– Greenbird har sett at energiselskap bruker mykje tid på å strukturera og reinska data frå målepunkta. Derfor har Greenbird laga ein plattform som gjer dette for dei, slik at energiselskapa kan bruka tida på å analysera og gjera lure ting i staden.

Fem millionar euro

Greenbird har no sikra seg over fem millionar euro i ny kapital.

– 40 prosent av dei fem millionane kjem frå oss. Resten kjem frå EnBW Venture og London-baserte ETF, som står for Environmental Technologies Fund, seier Olsen.

Han fortel at Nysnø alltid er opptekne av å finna dei beste internasjonale medinvestorane.

– EnBW Venture er investeringsarmen til eit tysk kraftselskap som bruker teknologien til Greenbird. ETF hadde investert i selskapet frå før og blei også med i denne emisjonen.

Ifølgje Olsen er Greenbird til stades i fleire land allereie.

– Dei leverer blant anna til nettselskapet i Taiwan som bruker Greenbird på heile verksemda si.

To år med investeringar

Nysnø gjorde si fyrste investering i oktober 2018. Då investerte dei i solcelleselskapet Otovo.

– Me har ikkje selt oss ut av nokon selskap endå. Me kjem inn som investor relativt tidleg i selskap, og me ventar at me skal eiga i godt over to år, seier Olsen.

Han håper det ikkje er lenge til dei kan offentleggjera nye investeringar.

– Me har nokon på trappene. Dessutan er det mykje spanande som ligg i pipeline for neste år.

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet