Motvind seier nei til havvind

– Me må ikkje gjera den tabben at me ikkje mobiliserer på eit tidleg tidspunkt, seier styreleiaren i Motvind Norge.

Eivind Salen fekk nyleg fornya tillit som styreleiar i Motvind Norge. Bildet er henta frå bygginga av Vardafjellet Vindpark i Sandnes i 2019.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Motvind Norge har markert seg i kampen mot vindkraft på land. No ser dei også ut mot havet. «Nei til havvind – nå!» er overskrifta på resolusjonen som blei vedtatt på landsmøtet den 24. april.

«Satsingen på havvind må stanses inntil det kan dokumenteres at utbygging av vindkraft til havs er bærekraftig og ikke er til skade for økosystemene. Føre-var prinsippet slik det er nedfelt i norsk lov og gjeldende EØS-rett må legges til grunn og håndheves», står det i den vedtatte teksten.

Les også

Havvind-utbygging: Havforskarar åtvarar om store kunnskapshol

Les på E24+

Forsking viser at havvind kan vera bra for livet i havet

– Nei takk til begge delar

I debatten om vindkraft har havvind gjerne blitt sett på som mindre kontroversielt enn vindkraft på land.

– Det blir å velja mellom to vonde. Her tar me ein omvendt Ole Brumm-tankegang og seier nei takk til begge delar, seier Eivind Salen, styreleiar i Motvind Norge.

Han etterlyser i staden ein grundigare debatt om sjølve kraftbehovet.

– Er neiet til havvind like kategorisk som motstanden dykkar mot vindkraft på land?

– Det er to forskjellige ting. Landvind er ein katastrofe for lokalsamfunn, og dei store skadeverknadane skjer no. Havvind ligg lenger fram i tid, og rammar ikkje lokalsamfunn. Men me må ikkje gjera den tabben at me ikkje mobiliserer på eit tidleg tidspunkt, svarer Salen.

– Miljøpartiet Dei Grøne har vedtatt eit mål om minst 30 gigawatt samla effekt på norsk sokkel innan 2030. Men dei vil at det skal skje «under klare forutsetninger om at dette ikke skal gå utover marine økosystemer eller sjøfugl». Kva skil dykk frå MDG, når dei også vil ta vare på økosystema?

– 30 gigawatt er eit kolossalt høgt tal. Dei vedtar noko som er umogleg å få til, hevdar Salen.

Les også

LO og vindbransjen med felles advarsel: Frykter kraftunderskudd frå 2030

Les også

Flytt vindkraften til havs!

Regjeringa ønsker sameksistens

I fjor opna regjeringa to område for havvind, Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II. Den samla kapasiteten kan bli opptil 4.500 megawatt. Fleire selskap vil konkurrera om å få bygga ut energiproduksjon. Desse ventar no på at staten skal legga fram ein rettleiar for prosessen slik at dei kan senda søknadane sine.

«Me må sikra gode prosessar for sameksistens. Får me frontkollisjon mellom miljøvern, fiske og havvind, kan det bli bom stopp slik ein har sett med vindkraft på land», svarte Karoline Sjøen Andersen (H), politisk rådgjevar for olje- og energiminister Tina Bru, då ho fekk spørsmål om miljøkonsekvensane av ei havvindutbygging. Ho peikte også på at det vil bli viktig med grundige konsekvensutgreiingar før nokon får lov til å bygga.

Kvar straumen frå dei norske havvindområda skal bli brukt, er framleis ikkje bestemt. Men olje- og energiminister Tina Bru har tidlegare sagt til Aftenbladet/E24 at straumen frå havvind i fyrste omgang vil vera for dyr for det norske fastlandet, og at eksport kan vera mest aktuelt. Regjeringa vurderer også om straumen kan bli brukt på olje- og gassinstallasjonar i Nordsjøen.

–Eit spørsmål me må stilla, er i kva grad med skal vera forplikta til å forsyna Europa med kraft, seier Motvind-leiaren.

For regjeringa er utlysinga av dei to havvind-områda fyrst og fremst ei industrisatsing som skal bidra til å skapa arbeidsplassar. Equinor er allereie i gang med å bygga Hywind Tampen, eit flytande havvindanlegg med 11 turbinar. Dei gigantiske fundamenta er blitt støypte hos norske Aker Solutions på Stord. Dette er dermed i tråd med regjeringa sine ambisjonar for bransjen.

Salen meiner ein må vurdera talet på mogleg arbeidsplassar opp mot det ein ofrar. Han viser til at andre land ligg langt foran Norge når det gjeld produksjon av sjølve turbinane.

Les på E24+

Tina Bru si høgre hand: – Føler eg er med i ein ny episode av Lykkeland

Les også

Equinor og Hitecvision blir havvind-partnere

Les også

Ministeren om komande havvind-debatt: – Debatt med sprengkraft

Les også

Her slepes Hywind-fundamentere frå Stord

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Havvind
  3. Motvind Norge

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Starta havvind-protest: – Urørt natur er livsnødvendig

  2. Betalt innhold

    Tina Bru si høgre hand: – Føler eg er med i ein ny episode av Lykkeland

  3. Her testar Shell og co. framtidas havvindteknologi

  4. Stavanger-ordføraren seier nei til havvind på auksjon

  5. Energibransjen i Rogaland må kjempa om slike som Martine