Det grønne skiftet
Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet
Kattar tar livet av langt fleire fuglar enn det vindturbinar gjer. Dette er eitt av svara Metcentre gjev til dei som kritiserer utvidingsplanane deira.
To flytande vindturbinar sviv i havet utanfor Karmøy. Dei høyrer til på Marin Energi Testsenter, også kjent som Metcentre.
Dei to turbinane har ein samla effekt på 5,9 megawatt. Senteret har lov til å ha inntil tre vindturbinar med ein samla effekt på inntil ti megawatt.
Neste år er det venta at turbinen Flagship skal koma, som aleine har ein effekt på minst ti megawatt.
Metcentre har søkt om å få utvida effekten for testområdet til 85 megawatt fordelt på inntil sju turbinar.
Til samanlikning er dette nesten like mykje som Equinors Hywind Tampen-prosjekt, der elleve flytande turbinar får ein samla effekt på 88 megawatt. Hywind Tampen er under bygging, og er venta å bli verdas største flytande havvindanlegg når det står ferdig.
Flytande vindturbinar finst det svært få av, samanlikna med dei mange botnfaste vindturbinane som sviv utanfor europeiske land. Med flytande konstruksjonar kan ein hausta vindkraft på større havdjup.
– Me ser at interessa og behovet for testing er aukande. For å møta dette behovet, og for å kunna kopla på fleire norske leverandørar, er me avhengige av å utvida senteret, fortel Mads Arild Vedøy, prosjektleiar hos Metcentre.
Søknaden har vore ute på den fyrste av to rundar med offentlege høyringar. NVE vurderer no om det er behov for nye utgreiingar. Søknaden vil seinare bli sendt ut på ny høyring, der spørsmålet er ja eller nei til konsesjon.
Kystverket ser på det som utfordrande med vindturbinar i eit område som er ein del av den ytre hovudleia langs kysten. Dei fortel også at dei som fiskar i området har opplevd «økning i ubehagelige nærsituasjoner ved at skip passerer tettere opp til fiskebåtane» etter at den fyrste turbinen blei etablert på testsenteret.
Metcentre viser her til ei utgreiing som er laga av NTNU-professor Norvald Kjerstad.
– Han konkluderer med at det å utvida konsesjonen frå tre til sju turbinar, har liten negativ innverknad på skipstrafikken i området, seier Vedøy.
Fiskarlaget Vest kallar eitt av alternativa til plassering for heilt uaktuelt. Men det eine alternativet kan vera ei løysing «sjølv om det ikkje er ønskeleg med slikt arealbeslag i tilknyting til fiskefelt». Dei har som føresetnad at omsynet til fiskerinæringa blir sterkt lagt vekt på.
Metcentre meiner god dialog med fiskerinæringa er viktig, og dei oppretta tidleg kontakt med Fiskarlaget. På bakgrunn av signala dei har fått, anbefaler Metcentre alternativet som påverkar fiskeria minst.
Forum for natur og friluftsliv i Rogaland «mener det er klart uheldig at det nå ser ut til å bli gitt tillatelse til å bygge ytterlige installasjoner nært land i den viktigaste leden for trekkende fugl langs sørvestkysten av Norge».
I ein kommentar til høyringsuttalen skriv Metcentre at «det per dags dato ikke er noe som tilsier at vindturbiner utgjør en så betydelig trussel for fugl som det FNF og andre påstår.» Basert på ein studie frå den sørlege delen av Nordsjøen, reknar Metcentre seg fram til at dei sju turbinane samla vil gje 460 fuglekollisjonar årleg. Vidare viser dei til at Norsk ornitologisk forening har «estimert at ca. 7 mill fugler blir drept av katter hvert år».
Sidan informasjonen dei har om vindparkar og fuglar kjem frå botnfaste vindparkar, ser Metcentre behov for meir kunnskap om korleis flytande turbinar påverkar fugl.
– Nettopp derfor er det viktig at me utvidar kapasiteten vår, for å sikra at utbygginga av havvind blir så skånsam som mogleg for naturen, seier Vedøy.
I samarbeid med selskapet Spoor, bruker dei kunstig intelligens for å registrera fugleaktivitet i testområdet.
Rogaland fylkeskommune meiner at konsekvensutgreiinga frå Metcentre ikkje gjev eit tilstrekkeleg bilde av kva som skal bli bygd, og kva konsekvensar utvidinga vil ha på ulike miljø- og samfunnsinteresser.
Vedøy trur det kan bli aktuelt å testa både bølgjekraft og flytande solkraft på senteret om nokon år. Sidan dei ikkje veit eksakt kva det kan bli aktuelt å testa, foreslår Metcentre eigne konsekvensutgreiingar dersom det blir snakk om anna enn vindkraft.
Han meiner at omfattande testing er avgjerande for at industrien skal kunna ta i bruk løysingar som er best mogleg for naturmangfald og samfunnsinteresser.