Nytt kraftsamarbeid: – Har lagt bak oss motsetningane

Energibransjen og industrien sitt nye samarbeidsforum har åtte råd til ei ny regjering.

Frode Alfheim er leiar av Industri Energi, organisasjonen som tok initaitiv til å oppretta «Krafttak».
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

«Krafttak» er eit nytt samarbeidsforum som består av store foreiningar og forbund i både industri- og kraftsektoren. Målet deira er å foreina produksjon og forbruk av kraft for auka verdiskapinga og få fleire arbeidsplassar på fastlandet.

Bakteppet er det grøne skiftet, der elektrifisering og oppbygging av ny industri aukar behovet for fornybar energi.

Initiativet til Krafttak-samarbeidet kom frå Industri Energi som har medlemmar både i offshore-bransjen og i prosessindustrien på land.

– Me har vore vane med å ha ein møteplass for offshore-bransjen, og har erfart at det er større sjanse for å bli lytta til om heile bransjen er einig, seier forbundsleiar Frode Alfheim.

Møteplassen Alfheim her refererer til er Konkraft, eit forum for olje og gass.

Medlemmane i Krafttak er arbeidsgjevarorganisasjonane Energi Norge og Norsk Industri, og arbeidstakarorganisasjonane Fellesforbundet, Industri Energi og El og IT-forbundet, skriv FriFagbevegelse.

Saman krev dei eit tettare trepartssamarbeid i det grøne skiftet.

Åtte råd til ny regjering

Krafttak har starta verksemda si med å formulera åtte råd til ei ny regjeringsplattform. Brevet er sendt til Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV.

– Me må produsera meir kraft i tida framover, og me må finna løysingane som gjer at me kjem i mål med det, seier Alfheim.

Sjølv har Alfheim tru på at ein fyrst bør vidareutvikla vasskrafta, før ein får på plass kraftproduksjon frå havvind.

Les også

Elkem slår alarm om dyr strøm: Ber politikerne begrense krafteksporten

I eit av råda frå Krafttak går det fram at eit europeiske energisamarbeid er eit gode. Industri Energi stilte seg i si tid ikkje bak ønsket om å kopla den norske straummarknaden saman med den europeiske gjennom utanlandskablar.

– Den kampen tapte me. Me har lagt bak oss dei sterke interessemotsetningane mellom oss og energibransjen om bruken av kraft. Prosessindustrien står for omtrent ein tredjedel av energiforbruket, og det er viktig for enerigbransjen å ha ein stabil marknad, seier Alfheim.

Ein samla energipolitikk

– Me må ha rikeleg og føreseieleg tilgang til kraft, seier Ole Børge Yttredal, som er direktør for energi og miljø i Norsk Industri.

Han synest det er gunstig med eit samarbeidsforum der partane kan drøfta saker og koma fram til samla synspunkt i energi-, klima- og industripolitikken.

– Det er mykje bra som er på gang i industrien, med både batteri, hydrogen, ammoniakk og havvind. Då er det avgjerande med nettilgang. No tar det for lang tid å få det på plass.

Yttredal meiner Norge er heilt avhengig av eit godt energisamarbeid med resten av Europa.

– Det er ikkje alltid situasjonen er som no. Landa er gjensidig avhengige av kvarandre, seier Yttredal.

Den siste tida har ein sett rekordhøge straumprisar i Norge, delvis på grunn av tørt vêr og delvis på grunn av høge prisar i Europa.

Les også

Sp vil kutte norsk krafteksport til Europa

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Elektrifisering
  2. Industri
  3. Industri Energi
  4. Norsk Industri
  5. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. Omgitt av sauer på beite ligg eit børsnotert selskap som satsar på banebrytande grøn skipsteknologi

  2. Her testar Shell og co. framtidas havvindteknologi

  3. Ap om straumnett som bremsar grøne ambisjonar: – Uhaldbart

  4. Her møtest oljeleverandørane for å bli grønare

  5. Fiskarar om havvind: – Me druknar i ein sterk lobby