Bremsekloss i det grøne skiftet: Næringslivet må venta i årevis på straum
Det grøne skiftet og ny industri krev meir kraft enn dagens straumnett kan transportera. – For mange er dette kritisk, seier nettsjef.
Eirik Bugge Simonsen i Randaberg Industries skulle gjerne hatt landstraum å tilby skip som legg til kai. Men manglande kapasitet på straumnettet forseinkar det grøne skiftet deira.
I fjor var rundt hundre skip innom Randaberg Industries. Dagleg leiar Eirik Bugge Simonsen skulle ønska han hadde fornybar landstraum å tilby dei, men straumnettet har ikkje ledig kapasitet.
Den same hindringa møter ein fiskeoppdrettar i Ryfylke og næringsområde som vil lokka til seg ny industri.
– I dag har me område i straumnettet der me må seia nei til nye næringslivsaktørar som vil kopla seg på. Straumnettet er ikkje ei utømmeleg kjelde, seier Håvard Tamburstuen i Lyse Elnett.
– Dette må opp på den politiske dagsordenen på same måte som vegutbygging og annan infrastruktur. Kvar skal me ha kapasitet, og kven skal betala? Me må finna ein måte å gjera dette på for å lykkast med den grøne omstillinga, seier Egil Hollund i Næringsforeningen i Stavanger
Les hele saken med abonnement
Flere artikler
Det grøne skiftet kan gje høgare nettleige
Onsdag sette Sør-Rogaland straumrekord
Kraftdirektør slår alarm: Straumnettet taklar ikkje elektrifiseringa av Noreg
Avviser at det går for tregt med havvind: – Må gjøre en ordentlig jobb
Aarbakke og Lyse vil bore etter kjølevann til datasenter
Norsk samarbeidsmodell er superkraften inn i batterier