Historisk møkkalass blir til biogass

Produksjon av biogass skal bidra til lågare utslepp i landbruket. Å få på plass eit tilbod på Jæren, har tatt si tid. Men no kan snart jærske bønder gje gass.

Bonde Olav Røysland og Lene Anita Opsal Beadle i IVAR gler seg over at det fyrste av forhåpentlegvis mange lass med gjødsel er levert på biogassanlegget.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
  • Jon Ingemundsen (foto) (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

– Eg har venta på dette i mange år, seier bonde Olav Røysland.

Saman med sonen Hermann Røysland er han komen til biogassanlegget til IVAR IKS på Grødaland i Hå med 15–20 kubikk tørr grisegjødsel. Aldri før er gjødsel blitt levert til anlegget for å bli biogass.

Å bruka husdyrgjødsel til å laga biogass, er eitt av tiltaka som skal føra til lågare utslepp av klimagassar frå landbruket. Biogass kan bli brukt til oppvarming og drivstoff.

Felleskjøpet Rogaland Agder har i over 15 år jobba med å få på plass ein slik produksjon. I juni i fjor etablerte dei selskapet Jæren Biopark saman med IVAR IKS og Lyse.

IVAR opna biogassanlegget på Grødaland i Hå i 2017. Gassen blir laga av slam frå reinseanlegg og matavfall og selt vidare til Lyse Neo. Anlegget kan behandla 22.000 tonn tørrstoff i året. Berre ein tredjedel av kapasiteten er i bruk.

Då anlegget blei bygd, var planen at det også skulle ta imot husdyrgjødsel. Fyrst no skjer det noko.

– Det er bra at me får gang på det. Dette er viktig for Rogaland, seier Olav Røysland, som sit i styret til Jæren Biopark, og som dessutan har eit lite pilotanlegg for biogassproduksjon heime på garden sin.

I fyrste omgang er det ein testproduksjon, så det er ikkje fritt fram for bønder å koma køyrande med gjødsel endå. Men målet er at også andre enn biogass-entusiasten skal få høve til å levera gjødsel til anlegget.

Les på E24+

No meiner IVAR tida er inne for å realisera over ti år gamle biogassplanar

Strengare spreiekrav

Korleis reknestykket blir sjåande ut for bøndene, er noko av det Jæren Biopark no skal undersøka nærare.

– Reknestykket er ikkje enkelt, seier Lene Anita Opsal Beadle som er leiar for avdelinga for tenestutvikling hos IVAR.

Ho håper på ein auke i tilskotsordningane for biogass slik at dei står meir i stil med kostnadane.

Norske bønder ventar på ei ny gjødselforskrift som truleg stiller strengare krav til spreieareal. Beadle reknar med at fleire bønder vil melda interesse for biogass når det nye kravet er på plass. For har dei ikkje nok jord å spreia gjødsla på, er alternativet å redusera talet på dyr, om dei då ikkje finn ein annan måte å bruka gjødsla på. Dette vil særleg bli ei utfordring på Jæren der jordbruket er prega av husdyrhald.

I Vestfold produserer Greve biogass gass av husdyrgjødsel på det dei kallar for Den Magiske Fabrikken. Olav Røysland meiner forskjellane mellom jordbruket på Jæren og på Austlandet gjer det vanskeleg å importera same økonomiske modell. Utfordringa på Jæren er å finna ut kva ein skal gjera med bioresten som blir igjen når gassen er tatt ut. Dette kan ein bruka som gjødsel, men det er det allereie nok av på Jæren. Sjølv har Røysland tru på at bioresten kan gjera nytte i folk sine hagar.

Olav Røysland og Lene Anita Opsal Beadle følgjer med mens Hermann Røysland i traktoren lempar lasset ned i anlegget til IVAR.

Biogass i Stortinget

I mai blei biogass tema i Stortinget etter at ei gruppe Frp-politikarar fremma eit representantforslag for «å fjerne de statlige barrierene for økt produksjon og bruk av biogass». Stortingsfleirtalet vedtok blant anna å be regjeringa «om å endre bruken av begrepet nullutslipp i alle statlige målsettinger og planer til nullutslipp og biogass, dette i den hensikt å likebehandle biogass med elektrisitet og hydrogen».

Regjeringa fekk også beskjed om å ta initiativ til å harmonisera rammevilkåra for biogassproduksjon i Norden.

– Vedtaka er eit steg i rett retning. Me håper dette kan bidra til å få likare rammevilkår mellom dei nordiske landa, seier Beadle.

Anlegget skal også få prøva seg på flytande kugjødsel. Bjørn Rune Pedersen skal straks av garde for å henta 30 kubikk.

Ønsker større anlegg

Jæren Biopark ønsker å bygga eit nytt og større anlegg for husdyrgjødsel i Hå. Samtidig ser dei på moglegheita til å bruka IVAR sitt eksisterande anlegg fram til eit nytt anlegg er bygd.

I fjor blei det kjent at også Tine, Nortura, Greve Biogass og AirLiquide vurderer å bygga eit stort biogassanlegg for husdyrgjødsel i Hå. Frode Halvorsen i Air Liquide sa til Aftenbladet/E24 at dei er opne for samarbeid med Jæren biopark.

– Me har hatt fleire samtalar med Den Magiske Fabrikken, og me håper noko blir konkretisert i løpet av året, seier Beadle.

PS: Eit par dagar etter at lasset blei levert, kan Beadle fortelja at den praktiske testen i anlegget gjekk fint. Så då er det ikkje dette det skal stå på, i alle fall.

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. IVAR IKS
  2. Landbruk
  3. Jæren
  4. Biogass
  5. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Flor- og Fjære-paret vil tena pengar på det grøne skiftet. Det er dei ikkje aleine om

  2. Milliardprosjekt skal gjera Barents-gass til ein del av klimaløysinga

  3. Betalt innhold

    Ernst styrer testsenteret på Mongstad: – Vi er rockestjerner i utlandet, men blir fort ein vits i Norge

  4. Betalt innhold

    Starta havvind-protest: – Urørt natur er livsnødvendig

  5. Tina Bru med gladmelding til havvind-senter