Omgitt av sauer på beite ligg eit børsnotert selskap som satsar på banebrytande grøn skipsteknologi

Eidesvik Offshore vil gå mot straumen og visa at det går an å nå klimamål med gamle skip.

Eit moderne hovudkvarter i det grøne på Bømlo.
  • Ådne Lunde (Bergens Tidende)
  • Hedvig Idås (foto)
Publisert:

I eit nytt samarbeid med oljeselskapet Aker BP skal Eidesvik Offshore finna teknologien som skal ta dei mot ei utsleppsfri framtid.

– Det er blitt snakka om klima mykje og lenge, men ingen har vore villige til å betala. No opplever vi at betalingsviljen er der, seier administrerande direktør Jan Fredrik Meling.

Frå hovudkontoret like i sjøkanten på Bømlo styrer han eit børsnotert reiarlag i ein hardt prøvd bransje. Supplybåtane til Eidesvik går i skytteltrafikk til plattformene i Nordsjøen.

Prosjekt Retrofitt skal i løpet av neste år danna grunnlag for val av lavutsleppsteknologi. Målet er å kutta klimagassutsleppa med 50 prosent i høve til 2008 innan 2030.

Gjenbruk framfor nybygg

Eidesvik Offshore har ein klar plan for halvering av CO₂-utsleppa innan 2030, ifølgje administrerande direktør Jan Fredrik Meling.

Her er det gjenbruk som gjeld. Meling er trygg på at gradvis ombygging av eksisterande skip er einaste farbare lei mot 2030-målet og klimanøytralitet i 2050.

– Kondemnering av gamle skip og bygging av heilt nye nullutsleppsskip er lenge blitt halde fram som einaste løysing for å gjera skipsfarten grønare og meir berekraftig, seier haugesundaren, som også sit i styret for Norges Rederiforbund.

Han er sikker på at næringa aldri kan nå klimamåla på denne måten, og peikar på at nybygging av skip er svært energikrevjande. Så skisserer direktøren eit enkelt reknestykke:

Om ein reiar med ti skip har 600 millionar kroner til investering, rekk det kanskje til eitt nytt nullutsleppsskip. Då vil dei ni andre skipa i flåten framleis sleppa ut like mykje klimagass.

Dersom det same reiarlaget heller brukar 60 millionar pr. skip på ombygging av eksisterande skip, gir dei 600 millionar kronene store utslag for heile flåten. Og mykje større klimavinst totalt.

Reiarlaget blir styrt frå Langevåg på Bømlo.

Naturgasspioner

Eidesvik har alt lagt ut på denne reisa, og har no berre eit av tolv skip att på konvensjonelt drivstoff. Alle dei andre skipa er bygde om til LNG (naturgass) som kuttar lokale utslepp av NOx, men som også har gitt reduserte utslepp av klimagassen CO₂.

Eidesvik var eit pioner-reiarlag då dei byrja å flytta flåten over på LNG i 2003. Skipa har også fått store batteripakkar. For nokre år sidan vart det også klart at reiarlaget saman med Equinor skal bygga om fartøyet «Viking Energy». Dette fartøyet skal kutta utsleppa med 70 prosent ved banebrytande ny teknologi med brenselceller og ammoniakk.

– Kvifor 70 prosent, og ikkje 100 prosent?

– Det er ei kost-nytte-vurdering. Skipa våre er svært spesialiserte, og treng enorme mengder energi over korte periodar når dei opererer nær plattformene i Nordsjøen. Vi treng ei hybridløysing for å ta energitoppane.

Jan Fredrik Meling framfor modellen av «Viking Energy» som snart skal ut i Nordsjøen med grøn ammoniakk i tankane.

Store tap

Vegane er framleis smale på Bømlo. Men til Langevåg på sørspissen er asfalten ny og midtstripa gul. Mykje lyng, mange sauer og eit staseleg reiarlagskontor i beste fornebustil. Herifrå blir kursen for børsnoterte Eidesvik Offshore staka ut.

Reiarlaget har tapt store pengar dei siste åra. Måndag kom ei pressemelding frå Eidesvik Offshore ASA om at dei er blitt samde med finansinstitusjonar og bankar om vilkåra for refinansiering av selskapets gjeld. Fleire av dei store offshorereiarlaga slit også tungt etter oljenedturen.

Meling er likevel oppteken av at satsinga på miljøteknologi opp gjennom åra no truleg er i ferd med å gi avkastning.

Alle skip i arbeid

– Eg har ikkje prov for det, men vi har ingen av fartøya våre i opplag, og eg er sikker på at det skuldast at vi ligg så langt framme på miljøteknologi.

Direktøren peikar også på at når dei blir vald som samarbeidspartnar for grøn teknologi av store selskap som Equinor og Aker BP, så er det eit teikn på at dei har tenkt rett.

– Det var ikkje Apollo 1 som landa på månen, men Apollo 11. Utan satsinga på LNG, ville ikkje prosjekta med brenselceller og ammoniakk ha kome.

Med ope utsyn mot sjøen frå møterommet seier direktøren at det meste er ope når ein no skal sjå på ombygging av to skip som reiarlaget driv for Aker BP, og fleire av Eidesviks eigne skip.

Ønskjer fleksible løysingar

Ein ting er sikkert, store batteripakkar er komne for å bli. Så kan løysinga bli grøn ammoniakk i brenselceller som på «Energi Viking», eller ammoniakk i ombygde forbrenningsmotorar. Meling er også oppteken av at løysingane blir fleksible, og gjerne opnar for bruk fleire typar drivstoff.

Direktøren meiner det ikkje er eit paradoks med ei så sterk grøn satsing i ei næring som er så tett knytt til den brune oljeindustrien. Berre eitt av Eidesviks skip jobbar no med offshorevind.

– Skipa våre er svært spesialiserte, med mengder av leamikk som berre trengst på forsyningsskip i Nordsjøen, seier Meling.

Han seier at verksemda derfor er knytt til oljebransjen i mange år. Men det vil ikkje bli bygd nye forsyningsskip. Når dagens flåte er nedskriven, vil skipa godt kunna brukast i vindindustrien. Og då vil dei vera langt betre utrusta enn det oppgåvene der krev.

Vil bidra i det grøne skiftet

Direktør for innkjøp og logistikk i Aker BP, Rolf Nystein, seier det å jobba langsiktig med dei viktigaste leverandørane for å få til nyskaping og redusert miljøavtrykk er ein del av selskapets strategi.

– Vår bransje er heilt avhengige av gode fartøy. Det blir utvikla mykje ny teknologi. No skal vi saman med Eidesvik finna det beste for klima og for økonomien.

– Kvifor samarbeider de med Eidesvik?

– Dei er kompetente og har ein veldig drive for innovasjon, seier Nystein.

Han går ikkje utan vidare med på at det er eit paradoks at dei som oljeselskap jobbar for ny teknologi som skal gjera hovudproduktet deir, olja, overflødig.

– Nei, ikkje i det heile tatt. Vi er opptekne av å bidra til det grøne skiftet. Då vil vi ha mest mogeleg av olja inn i eit lukka krinslaup, der ho ikkje blir forbrent.

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Klima
  2. Eidesvik Offshore
  3. Miljøteknologi
  4. Drivstoff

Flere artikler

  1. Nytt kraftsamarbeid: – Har lagt bak oss motsetningane

  2. Sverige kan få verdens første el-vei

  3. Betalt innhold

    Får ikkje ladestøtte til hurtigbåtar. No stoppar arbeidet med nye båtanbod. – Dette er krise.

  4. Betalt innhold

    Fyrst Eigerøy, så Kreta: Får hovudrolle i grønt millionprosjekt

  5. Mener Norge må gjøre langt større klimakutt: – En klimabombe