Sandnes-selskap får med seg amerikansk gigant på laget

– Me får enorme musklar, seier Horisont Energi-sjefen som vil lagra karbondioksid og produsera blå ammoniakk i nord.

Bjørgulf Haukelidsæter Eidesen hadde mange år i Equinor bak seg då han i 2019 bestemte seg for å satsa på sitt eige selskap.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Sandnes-bedrifta Horisont Energi har inngått ein intensjonsavtale med Baker Hughes. Det amerikanske selskapet er kjent som eit oljeserviceselskap, men marknadsfører seg no som eit energiteknologi-selskap.

Avtalen gjeld eit prosjekt for karbonfangst- og lagring offshore i Barentshavet. Prosjektet har namnet Polaris og skal kunna ta imot heile 100 millionar tonn karbondioksid. Dette utgjer dei årlege klimagassutsleppa i Norge gangar to, ifølgje pressemeldinga frå dei to selskapa.

– Når me får Baker Hughes med på laget, får me enorme musklar, seier Bjørgulf Haukelidsæter Eidesen, som er leiar og grunnleggar av Horisont Energi.

Les også

Milepæl for Equinor, Shell og Total: Alt klart for norsk CO₂-lager

Les på E24+

No vil Lyse og IVAR i gang med karbonfangst

Skal få ned prisen

Eidesen ser på det amerikanske selskapet som ein naturleg partnar som passar godt med strategien deira.

– Dei er til stades over heile verda, og dei har lang erfaring innan områda med jobbar med.

Saman skal dei undersøka korleis dei kan minimera karbonavtrykket, kostnadane og leveringstida for fangst, lagring og transport av karbondioksid.

– Seinare vil det koma ein samarbeidsavtale som skildrar dei kommersielle sidene av prosjektet, seier Eidesen.

Polaris er foreløpig under planlegging. Planen til Horisont Energi er å koma i gang med konstruksjon andre halvår av 2022.

Hør fersk episode av Det vi lever av:

Blå veg til det grøne

Polaris er ein del av det større prosjektet Barents Blue. Her er målet å laga ein fullskala og karbonnøytral ammoniakkfabrikk. Ein kallar dette for blå ammoniakk fordi ein bruker naturgass for å laga han i kombinasjon med karbonfangst. Utan karbonfangst får ammoniakken merkelappen grå. Grøn ammoniakk får ein om ein i staden spaltar vatn ved hjelp av fornybar straum.

Ammoniakk er brukt i gjødselproduksjon. Men den fargelause og giftige gassen er også eigna som energiberar fordi han har eit høgt innhald av hydrogen. Det er særleg innan skipsfart ein ser på ammoniakk som eit alternativ til fossilt drivstoff.

I desember annonserte Horisont Energi at dei hadde inngått ein intensjonsavtale med Equinor om utvikling av ein fullskala, karbonnøytral ammoniakkfabrikk i Finnmark, med ei investeringsramme på 8–10 milliardar kroner.

Blått hydrogen er også noko Horisont Energi har som mål å produsera. Ein måte å transportera blått hydrogen på, er å lagra det som blå ammoniakk og så gjera det om til hydrogen der behovet er.

Meldinga om avtalen med Baker Hughes kjem få dagar etter at det blei kjent at Project Barents Blue er blitt valt ut av Enova til å vera eitt av fem prosjekt som Enova vurderer som norsk kandidat i eit større europeisk hydrogenprosjekt.

Les også

Tror høye kostnader bremser «grønt» hydrogen

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. Karbonfangst
  2. AftenbladetE24
  3. Horisont Energi
  4. CO2

Flere artikler

  1. Milliardprosjekt skal gjera Barents-gass til ein del av klimaløysinga

  2. Sandnes-pioner videre i Europeisk hydrogensatsing

  3. Horisont Energi taper fortsatt penger

  4. Oslo Børs stengte ned - grønne aksjer tynget

  5. Equinor og Vår Energi vurderer gassrør til ammoniakkanlegg