Tina Bru med gladmelding til havvind-senter

Metcentre ønsker å åttedobla kapasiteten for å halda Norge i tet innan flytande havvind. Statsråd Tina Bru tar dei eitt steg nærare målet.

Olje- og energiminister Tina Bru (H) håper turbinane som blir testa hos Metcentre, vil bidra til å senka prisen på energi frå flytande vindturbinar.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Marine Energi Testsenter (Metcentre) er eit testsenter for flytande vindturbinar utanfor Karmøy.

– Metcentre har utvikla seg til å bli verdsleiande. Det at dei no får søka om utviding, gjer at me kan halda oppe Norge sin leiande posisjon innan flytande havvind, seier olje- og energiminister Tina Bru.

Sidan 2013 har testsenteret hatt konsesjon til å ha tre vindturbinar med ein samla effekt på inntil ti megawatt. Men i januar bad dei om lov til å få utvida anlegget med inntil fire nye turbinar.

I utgangspunktet må havområde bli opna av Kongen i statsråd for at nokon skal kunna søka om konsesjonar for havvind. Før ei slik opning er det krav om konsekvensutgreiing og høyring. Men havenergilova opnar for at departementet kan gjera unntak, blant anna for testprosjekt med enkeltståande innretningar med avgrensa levetid. Bru vurderer det slik at utvidinga Metcentre ønsker seg, er eit slikt unntak. Dermed kan senteret gå direkte til NVE med konsesjonssøknaden sin i staden for å gå vegen om ei omfattande opning.

– Treng noko å leva av

Bru ser dette i samanheng med andre havvind-grep regjeringa har gjort, og nemner opninga av havvindområda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II, milliardstøtta til Equinors Hywind Tampen og opprettinga av forskingssenter.

– Formålet med satsinga på havvind er å bygga opp ein ny leverandørindustri i Norge. Me veit allereie at me har bedrifter som kan levera til store delar av verdikjeda, og me veit at pilotprosjekt skaper ringverknadar lokalt og gir nyttig erfaring for norske bedrifter.

Ho håper testinga på senteret vil bidra til å gjera produksjon av straum frå flytande vindturbinar billigare.

– Kostnadane på flytande havvind er i dag for høge, og me er nøydde til å få dei ned.

– Korleis vil de sikra at ein får eit tilstrekkeleg bilde av moglege konsekvensar utan ei konsekvensutgreiing?

– Det er ikkje snakk om mange turbinar, og det skal framleis gjennom ei konsesjonsbehandling. Men hadde me ikkje gitt unntaket, kunne dei ikkje ha søkt om utvidinga.

Turbinen som flyt der i dag, er synleg frå land. Det same vil gjelda nye turbinar. Dermed blir det opne havet mindre ope for dei som vil la blikket vandra fritt mot horisonten.

– Det er sjølvsagt ei problemstilling me vil ta på alvor. Men me treng også noko å leva av, og havvind er ei stor moglegheit til å skapa arbeidsplassar. Eg trur det er mogleg å ta omsyn til miljø og naturverdiar og samstundes utvikla ny industri, seier Bru.

Arvid Nesse ved Marine Energi Testsenter har fleire avtalar som er avhengige av at søknaden blir godkjent.

Ventar store prosjekt

– Det er veldig kjekt at dei gjev grønt lys, seier Arvid Nesse, dagleg leiar ved testsenteret.

Til saman søker dei om å kunna ha ein kapasitet på 85 megawatt i testområdet. Dette er nesten like mykje som Equinors Hywind Tampen, som med elleve flytande turbinar skal koma opp i 88 megawatt.

– Nettkapasiteten på land er 70 megawatt. Me søker om høgare kapasitet for kunna å testa hydrogenproduksjon på nokon av turbinane, forklarer Nesse.

I dag står norske Unitech sin turbin Zefyros, tidlegare kjent som Hywind Demo, aleine i testområdet. Denne har ein effekt på 2,3 megawatt, ei navhøgde på 65 meter og ein vingediameter på 82 meter. I juli kjem Tetraspar på 3,6 megawatt og 130 meter i vingediameter. Denne er det danske Stiesdal som står bak, saman med Shell, RWE og Tepco.

– Her skal Unitech levera sin fyrste kabel til flytande offshore-vind. Flytande turbinar krev ein annan teknologi, såkalla dynamiske kablar, fortel Nesse.

Til neste år ventar han at Flagship skal koma. Denne turbinen samarbeider blant anna spanske Iberdrola og norske Dr. Techn. Olav Olsen om. Flagship skal ha ein kapasitet på rundt ti megawatt, og skal redusera kostnadane per megawatt med 40–60 euro.

Vidare ser Nesse fram til å kunna vera vertskap for svenske Hexicon og eit framleis ikkje offentleggjort prosjekt dersom NVE godkjenner søknaden.

Han håper også at området kan bli brukt til å forska på konsekvensane flytande havvindanlegg har på livet i havet.

Søknaden gjeld eit område på 21 kvadratkilometer. Turbinane skal ifølgje Nesse ha 1,5 kilometer mellom seg. Bortsett frå ei sone for aktsomheit på 50 meter, skal ikkje turbinane vera til hinder for trafikken i området.

Les også

Havvind-utbygging: Havforskarar åtvarar om store kunnskapshol

Publisert:
Gå til e24.no

Det grønne skiftet

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Vindkraft
  3. Olav Olsen
  4. Tina Bru
  5. Havvind

Flere artikler

  1. Her testar Shell og co. framtidas havvindteknologi

  2. Equinor konkurrerer om fransk havvind

  3. Ny havvindteknologi skal testes en mil fra land

  4. Betalt innhold

    Starta havvind-protest: – Urørt natur er livsnødvendig

  5. Motvind seier nei til havvind