Marie von Krogh

Flor og Fjære-paret vil tena pengar på det grøne skiftet. Det er dei ikkje aleine om

Advokat Hanne har overtatt roret på ei palmeøy. Saman med ektemannen Endre set ho kursen mot ei grønare framtid.

  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

– Eg trur Endre blei interessert i meg fordi eg kunne køyra båt sjølv, seier Hanne K. Hidlefjord spøkefullt idet ho legg til kais etter å ha ført båten elegant inn i hamna ved Flor og Fjære på Sør-Hidle.

Hidlefjord har sju års erfaring som advokat. Men advokatkontoret har ho bytta ut med ein eksotisk hage med tilhøyrande restaurant på ei øy i Ryfylke. I fjor overtok ho jobben som dagleg leiar etter svigerfar Olav Bryn. No er det ho og ektemannen Endre B. Hidlefjord som stakar ut kursen for Flor og Fjære.

På skilta dei to 35-åringane manøvrerer etter, står det sjølvforsyning og berekraft. Hanne meiner det var heilt nødvendig å gjera noko nytt for å sikra framtida. Med grøne grep håper dei på å kunna lokka til seg endå fleire gjestar.

Den daglege leiaren vil gjerne visa kva dei meiner med dette. Men då må Endre, som er prosjektleiar for dei store planane, også bli med. Kvar finn me han, tru?

Nokon av palmane på Sør-Hidle toler ein norsk vinter, i alle fall så lenge dei får stå i le i vinterhusa sine.

Marie von Krogh

Vekst i det grøne

Mens me leitar i hagen, der palmetre står innpakka i vinterhus, kan me ta oss tid til å setja ekteparet Hidlefjord inn i ein vidare kontekst. Og kvifor ikkje begynna med eit sitat frå heimesidene til den norske regjeringa?

«Samfunnet må igjennom et grønt skifte, det må skje en overgang til produkter og tjenester som gir betydelig mindre negative konsekvenser for klima og miljø enn i dag. Det vil være krevende, men fullt mulig.» Regjeringa ønsker oss altså inn i eit samfunn der vekst og utvikling skjer «innenfor naturens tålegrenser».

Når ein høyrer at sjølvforsyning og berekraft er viktige stikkord for Flor og Fjære, kan det sjå ut til at dei er på god veg inn i dette grøne skiftet. Hanne og Endre trur til og med at ein meir miljøvenleg kurs vil føra til økonomisk vekst.

Det er dei ikkje aleine om.

I fjor intervjua Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) 2.900 bedrifter for å finna ut korleis næringslivet ser på det grøne skiftet. 34 prosent av desse trur på vekst i løpet av dei neste ti åra som følgjer av det komande fargeskiftet. I Rogland har 37 prosent av 232 bedrifter svart det same.

Nesten halvparten av bedriftene som blei spurt, ser nye forretningsmoglegheiter i det grøne skiftet. Håpet er lysegrønt, for nokon i alle fall.

Lenger nede i artikkelen skal me innom fleire av optimistane, blant anna ein entreprenør som vil bytta ut betong med tre. Men fyrst skal me bli betre kjente med Flor og Fjære.

Her er framleis diesel

No skal ein som journalist vakta seg vel for å bidra til grønvasking av næringsverksemd. Gjer ein det, er ein med på å bygga opp eit grønt bilde av noko som kan hende berre har eit tynt lag av grøn måling utanpå ein svart kjerne. Med dette in mente tar me ein nærare kikk på kva det er Hanne og Endre har på gang der ute på turistøya. Er dei så grøne som dei vil ha det til, eller er det tom PR?

Lyden av hekksaksa avslører raskt kvar Endre er. Han står høgt oppe i ein lift og gjev ein vårstuss til eit av dei mange trea på øya. Alt skal vera klart til sesongstart i midten av mai, og då er det berre å henga i.

Her kan det nemnast at liften er driven med diesel. Men det er fordi han er innleigd, forklarer Endre seinare. Når dei sjølve kjøper inn nye bidrag til maskinparken, vel dei alltid elektriske alternativ. No ventar dei dessutan utolmodig på at det skal bli mogleg å setja inn elektrisk båttransport for gjestene deira. Det håper dei vil vera mogleg i løpet av nokon år.

Endre B. Hidlefjord har forma både norske og utanlandske tre på japansk vis i den asiatiske delen av hagen.

Marie von Krogh

Snart slepp vatnet å ta båten

Det fyrste sjølvforsyningsgrepet på Flor og fjære er integrert i landskapet: Dammane.

– Det er ikkje interkommunalt vatn her. Derfor måtte me transportera vatn til plantane våre på lekterar. Ideen er no at dammane skal samla opp mest mogleg regnvatn, seier Hanne.

Dei har grove ut éin dam om gongen. Når dei fyrst hadde etablert ein dam, såg dei at det ville ha vore fint med hage rundt han. Men då trengde dei meir vatn, og så laga dei endå ein ny dam. Også denne kunne godt ha blomar og buskar rundt seg syntest dei, og så balla det på seg med nye dammar. Dei har foreløpig sett ein stoppar for utvidinga av hagen, og dei har enn så lenge to dammar i bakhand som dei har klart å la vera å planta noko rundt.

– Det er 7–8 millionar liter vatn i dammane i hagen, og 8,5 millionar liter i bakhand. No kan me tola ein tørkesommar utan å få transportert ut vatn, seier Endre.

Éin ting er tørste plantar. Noko anna er fleire titals tusen tørste gjestar, som stiller høgare krav til drikkevatnet. Til no har menneska på øya fått tilbod om flaskevatn. Det skal det blir slutt på i 2022, slår Hanne fast.

Flor og Fjære skal då bruka vatn frå eigne brønnar som er reinsa i eit eige vassverk. Endre påstår at dette vatnet vil vera mykje reinare enn vatnet me på fastlandet får i springen frå IVAR, men det er det ikkje nødvendig å skriva, legg han til.

Blomar på årleg lastebiltur

Tusenvis av plantane i hagen til Flor og Fjære toler ikkje ein norsk vinter. Derfor må dei innomhus. Til no har dei blitt transporterte til Jåttå på fastlandet for vinterlagring, der besteforeldra til Endre i si tid dreiv gartneri.

– Når alt skal tilbake til øya om våren, går det tre lastebilar i veka i tre månadar, seier Endre.

Og når lastebilar køyrer, er det berre å finna fram klimakalkulatoren og plussa på CO₂-utslepp. Men Hanne og Endre vil ha utsleppa ned. Det skal ei investering på nærare 50 millionar kroner sørga for, eit 4000 kvadratmeter stort og høgteknologisk drivhus. Dette har Endre vore med på å planlegga i 12–13 år.

– Det hender eg må klypa meg i armen når eg ser kor bra det blir, seier han.

Der skal plantane få kosa seg innandørs mens vinterstormane herjar på fjorden. Og når vårsola har jaga bort minusgradene, blir dei varmekjære vekstane sette ut igjen i hagen der dei får visa seg fram for gjestane i sitt vakraste sommarskrud.

Snart skal alle dei store plantane flyttast ut i hagen. Litt av ein jobb! Men trass alt betre enn å køyra dei med lastebil til fastlandet.

Marie von Krogh

Ureist mat

Men drivhuset tar ikkje ferie når plantane har flytta ut. Snarare tvert imot, for då skal lokalet bli omgjort til ein jungelrestaurant der 600–1000 gjestar kan nyta maten i det grøne utan at vestavind eller regn får forstyrra den kulinariske opplevinga. Til samanlikning kan dagens restaurant på øya ta imot 300 gjestar.

– Gjestane skal føla at dei sit i ein hage og et, seier Endre idet han og Hanne viser veg inn i det store glashuset der det framleis er full byggeaktivitet.

Den nye restauranten skal vera klar til opning i 2022. Det skal også vera planteproduksjon i delar av drivhuset, både av nye blomar til hagen, og av slikt som kan etast i restauranten. I ei avdeling med fuktig og varm luft, er små matvekstar allereie på plass, og rundt 25.000 småplantar strekk seg mot vårsola.

– Smak på denne!

Endre byr på ein salat som forvirrar hjernen. For salat skal då ikkje smaka som østers? Vel, denne gjer i alle fall det.

– Det er ureist mat, seier Olav Bryn, som steller småplantar i drivhuset.

Den tidlegare leiaren er framleis den største eigaren av Flor og Fjære. I fjor blei resultatet deira før skatt rekordhøgt, med 5,7 millionar kroner i pluss. Besøksrekorden blei derimot sett i 2019, då 35.000 var innom. I 2020 var 26.000 på besøk.

Tidlegare leiar Olav Bryn er framleis med på mykje av det praktiske arbeidet ved Flor og Fjære.

Marie von Krogh

Vatn lagrar solvarme

– Me har ikkje nok straum på øya, seier Hanne.

Løysinga er rett over hovudet på ho. For på den delen av drivhuset som skal husa kjøkken og konferanselokale, er det 1000 kvadratmeter med solcellepanel på taket.

Endre blir ivrig når han nærmar seg det tekniske rommet. Her er det mange finurlege innretningar å visa fram.

– Solcellepanelet er overdimensjonert slik at me kan lagra resten av energien i tankar med vatn. Det varme vatnet gjer at me kan halda drivhuset varmt om natta, seier Endre.

To andre store tankar, som til saman rommar 100.000 liter, skal brukast til resirkulering av vatn frå drivhuset.

– Me kan måla kor mykje gjødsel det er i vatnet, slik at me ikkje tilset meir enn nødvendig, seier Endre.

Elektrikar Helge Norås, som har erfaring frå store drivhus på Jæren, er god å ha når Endre B. Hidlefjord ønsker seg avansert klimastyring.

Marie von Krogh

Sju mål med gras, fire mål drivhus

Om ein skal stilla eit kritisk spørsmål til dei sirkulært orienterte gartneri-eigarane, måtte det vel vera dette: Kva med matjorda som låg her før de bygde ut drivhuset?

– Det var sju mål med gras som blei slått til kyr. Det blei ikkje mykje utav det, seier Endre.

– Me produserer meir mat her no. Slikt må ein kunna gjera om ein meiner alvor med at ein skal satsa på turisme i regionen, supplerer faren.

På øya har dei sjølv 66 sauar gåande. Etter kvart er planen at desse skal bidra til at det står ureist lammekjøt på menyen. Men fyrst må det store byggeprosjektet koma heilt i mål.

– Nei, ikkje Nord-Hidle. Sør-Hidle! seier Endre som er i telefonen med nokon som har ein leveranse til øya.

Hanne innrømmer at logistikken er komplisert når ein skal bygga noko så stort på ei øy. Og koronapandemien har gjort sitt til at prosjektet er blitt forseinka. Men at dei er i mål til sesongen i 2022, har dei likevel stor tru på.

Bestod Flor og Fjære grønvaskingstesten? Sjølv om tusenvis av gjestar i nokon år til må bli transporterte ut til øya med fossildriven båt, så må ein vel kunna konstatera at grønfargen ser ut til å ha trengt heilt inn i kjernen av verksemda på Sør-Hidle.

Marie von Krogh
På Sør-Hidle jobbar familiebedrifta vidare for å gjera hagen klar for ny sesong. Me takkar for at dei tok seg tid til å ta imot besøk, og leitar vidare etter bedrifter som trur at det grøne skiftet vil gje dei økonomisk vekst.
Tilbake på fastlandet, nærare bestemt Jåttå, dit palmane ikkje lenger reiser på vinterferie, møter me Bent Gabrielsen. I 20 år har han drøymt om å bygga store bygg i tre.
No er draumen gått i oppfylling.

Massivt i tre

Bent Gabrielsen er ein av grunnleggarane av Faber Bygg, som starta opp som eit byggmeisterfirma. I dag er bedrifta ein stor entreprenør som i fjor noterte seg 470 millionar kroner i omsetting.

– Allereie for 20 år sidan ville me satsa på elementproduksjon av tre. Men det var ikkje marknad for det då, seier Gabrielsen.

I Norge er det slik at me helst bygger bustadhus av tre. Men når ein skal høgare opp, då er det betong som gjeld. Faber Bygg vil bytta ut betong med tre også når dei bygger stort. Gjer dei det, trur dei at det grøne skiftet kan bidra til vekst for bedrifta.

Massivtre og limtre er omgrepa ein bruker i bransjen om dei solide alternativa til betong.

– Den norske produksjonen av massivtre blei lagt ned for 10–15 år sidan. Marknaden var daud, seier Gabrielsen.

Kikkar ein opp bakken Gabrielsen står i, ser ein at den daude marknaden har vakna til liv. Der er seks blokker med fem etasjar i ferd med å reisa seg. Grantre er det viktigaste byggematerialet. Blokkene har fått namnet «Husene i Skogen».

Iført vernesko og hjelm kan ein stiga opp dei provisoriske trappene i ei av blokkene. I staden for betong, er det solide element av massivtre og limtre som held oss oppe. Om tre også skal vera ein synleg del av interiøret, er opp til kjøparane. Ein kan alltids dekka over treet med gips, og vips, så forsvinn den industrielt behandla granskogen av syne.

Leitar ein etter element som ikkje passar like godt inn i forteljinga om ein grøn skog, kan ein ta turen ned i parkeringskjellaren. Der vil ein finna betong. Og på byggeplassen er tunge, dieseldrivne maskinar i sving. Men folk må jo ha ein plass å bu, og skal ein fyrst bygga, er kanskje dette, som Faber vil ha det til, ein grønare måte å gjera det på?

Roy Klungtvedt frå byggherre Ineo (med ryggen til) inspiserer ei av leilegheitene i treblokka saman med Jan Arild Wathne, Tone Espedal Walskaar og Dag Stangeland frå Faber Bygg.

Pål Christensen

Kva er gale med betong, då?

Betong er eit av verdas vanlegaste byggemateriale. Ein solid masse som me stoler fullt og heilt på at vil halda oss oppe idet me stig ut av heisen i eit høgt bygg. Me kan takka betongen for mykje.

Men betongindustrien gjev eit solid bidrag til klimagassutsleppa. Ein av dei viktigaste ingrediensane i betong er sement. I sement finn ein klinker, og for å framstilla klinker, må ein varma opp kalkstein. I denne prosessen blir karbondioksid brent bort frå steinen. Per tonn klinker blir det sleppt ut eitt tonn med karbondioksid. I tillegg kjem utsleppa frå omnar og transport.

Denne informasjonen er ikkje henta frå ein betongkritisk miljøorganisasjon. Nei, dette er det sementprodusenten Norcem som skriv. Dei fortel det ikkje for framstilla seg sjølve som klimafiendtlege, men snarare for å fremma ambisjonane sine om å bli ei pionerbedrift i Norge innan karbonfangst.

Så kanskje kan også betong få eit grønare stempel ein dag? Vel, no var det tre som var hovudsaka her, så me får koma oss til skogs att for å ikkje forvilla oss for langt ut i eit grått landskap, sjølv om også dette spørsmålet er interessant.

I skogen fungerer tre som naturlege karbonfangarar. Om treet blir brukt som materiale i bygg som menneska tar godt vare på, blir karbonlagringa langvarig. Tenk berre på dei gamle stavkyrkjene! Om blokkene på Jåttå får tilsvarande kulturarvstatus, er vel heller tvilsamt, men det er ikkje dermed sagt at dei ikkje kan få lang levetid.

Tre er i tillegg eit fornybart materiale dersom nye tre får veksa opp som erstatning for dei som blei hogde.

– Norges største prosjekt med tre-element, og Norges største byggeplass, seier Bent Gabrielsen om det nye sjukehuset i Stavanger der han er prosjektleiar for Faber Bygg sine oppgåver.

Fredrik Refvem

– Byggebransjens elbil

Jan Arild Wathne, dagleg leiar i Faber Bygg, skildrar massivtre som byggebransjen sitt svar på elbilar.

– Betongproduksjon krev mykje energi, mens treet kjem ferdig frå skogen. Når me lagar element av massivtre bruker me dessutan alt av treet, ikkje berre det finaste materialet, seier han.

Wathne innrømmer at det rett nok også krev ein del energi å produsera element av tre.

Faber lagar elementa sine på Foss-Eikeland i Sandnes. Elementa har dermed ikkje reist lange vegen når dei kjem til Jåtta.

Men nokon av trea som blir brukt i produksjonen, har vekse i andre skandinaviske land. Og nokon kjem heilt frå Tyskland. Så heilt kortreist er det ikkje. Men at tre kjem betre ut av klimarekneskapen enn betong, er Wathne likevel skråsikker på.

Etter dette kan ein spørja: Om tre er eit så fantastisk byggemateriale, kvifor er det ikkje fleire som bruker det?

– Det er sterke industrielle krefter som påverkar valet av stål og betong. Men no vel stadig fleire byggherrar tre. Drivaren er utan tvil eit større miljøengasjement, seier Wathne.

– I Sveits og Austerrike ser me mykje meir blokker i tre. Dei er meir innovative nedover i Europa, og miljøbevegelsen har hatt større innverknad, seier Gabrielsen.

Slik såg byggeprosjektet på Jåttå ut i slutten av februar.

Roy Klungtvedt

Langtransport med i reknestykket

Ein «elbil for byggebransjen» kan ifølgje Kari Sandberg, leiar av Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg, koma i mange formar.

– Éi løysing vil ikkje vera rett for alle prosjekt. Så langt er det avgrensa med produsentar av massivtre i Norge, så mykje er blitt importert. Om ein tar utslepp frå transport med i reknestykket, må me sjå på kor berekraftig det eigentleg er, seier ho.

Men Sandberg ser mange fordelar med å bruka massivtre i byggeprosjekt.

– Det er naturen sitt eige fornybare materiale som gjev både langtidslagring av karbon og har gode eigenskapar. Eg trur at bruk av kortreiste material, rett kompetanse og satsing på produksjon vil gjera dette endå meir berekraftig. Det er eit produkt me i Norge har ei unik moglegheit til å bruka.

Blokkene på Jåttå er ikkje det einaste treprosjektet Faber Bygg har vore med på. På topp på skrytelista er Finansparken, hovudkontoret til Sparebank 1 SR -Bank, som blei kåra til årets bygg i 2019.

Pål Christensen

Arkitektar viste veg

Faber vil løfta fram arkitektane hos Helen & Hard, som har teikna både blokkene på Jåttå og Finansparken.

– Då dei skulle bygga Finansparken, tenkte ingeniørane fyrst på betong og stål. Men arkitektane ønskte tre, og det blei byggherren med på. Helen & Hard har vore pådrivarar for tre blant arkitektane i Norge. Dei har bakgrunn frå arkitektmiljøet i Austerrike, seier Bent Gabrielsen.

Roy Klungtvedt er marknadssjef for Ineo som er ein av byggherrane for Husene i Skogen. Prosjektet var i utgangspunktet skissa opp som tradisjonelle betongblokker.

– Det kostar jo litt meir med tre. For når ein skal gjera noko som er gjort mange gongar før, kostar det mindre. Ein er nøydd for å tileigna seg kunnskap, seier han.

– Kostnadane er på veg ned no som det blir meir og meir av det, seier Gabrielsen.

Når Ineo har gjort undersøkingar blant kjøparar, har dei funne ut at kjøparane dei ønsker å bu miljøvenleg. Men …

– Dei har ikkje den store viljen til å betala noko ekstra. Det er berre nokon få som svarer at dei er villige til å betala «marginalt meir» for ein miljøvenleg bustad, fortel Klungtvedt, som elles kan fortelja at salet av leilegheitene på Jåttå går svært godt.

Pål Christensen
Næringslivet ønsker seg økonomisk vekst, også i ei grøn verd. Sjølvsagt, kan ein vel seia, for dei er jo kapitalistar.
Men også gladsaker treng balanse. Ei kritisk stemme. Eit blikk utanfrå.
Me tar ein telefon til eit heimekontor i Lillesand, der Hildegunn Mellesmo Aslaksen jobbar med doktorgraden sin.

Ei positiv forteljing

– Eg synest ikkje det er rart at dei har ei positiv førestilling om kva det grøne skiftet skal innebera, seier Hildegunn Mellesmo Aslaksen.

Ho er tidlegare journalist og held no på med ein doktorgrad ved Universitet i Agder. Prosjektet hennar handlar om eit økologisk berekraftig arbeidsliv. Aslaksen understrekar at ho ikkje er økonom, men at ho kan seia noko om sjølve diskusjonane me har om det grøne skiftet.

– Dei har vore dominerte av ei positiv forteljing om at det grøne skiftet er ei stor moglegheit der næringslivet speler ei hovudrolle når det gjeld å løysa klimaproblema våre. Her er økonomisk vekst innbakt som eit grunnleggande premiss.

Aslaksen meiner det sjølvsagt er heilt legitimt at bedriftsleiarar har eit ønske om å tena meir pengar.

– Og om ein samstundes kan gjera noko bra for klimaet, er det bra. Men om overtydinga blir så sterk at ein gløymer andre omsyn, er det problematisk. Når diskusjonane handlar så mykje om innovasjon, teknologi og karbondioksid som dei gjer, så får ein ein litt svak diskusjon om andre miljøproblem.

Dei mørkare sidene av teknologien

I eit teknologi-optimistisk samfunn, bør ein ikkje gløyma at teknologi også kan ha mørkare sider, meiner doktorgrad-stipendiaten. Det er trass alt teknologien som har fått oss dit me er i dag, på godt og vondt.

– Debatten rundt vindkraft er eit symptom på at ein ikkje har diskutert alle sidene av fornybar energi godt nok på førehand, seier ho med referanse til motvinden nye utbyggingar har møtt etter kvart som dei lokale konsekvensane av anlegga er blitt synlege for folk.

Aslaksen synest også det er verdt å stilla spørsmål ved om det er rett å gje næringslivet eit så stort ansvar for det grøne skiftet.

– Folk flest og staten kunne ha vore tettare på. Og då meiner eg folk flest som borgarar, og ikkje berre som forbrukarar.

Aslaksen fryktar at det grøne skiftet også kan koma til å gjera vondt, noko me kan vera lite førebudde på. Frå eit økologisk perspektiv fremmar ho at ei føre-var-haldning må til for å balansera optimismen.

– Det finst dei som ser på naturen som noko grunnleggande verdifullt i seg sjølv. Men den dominerande ideologien er at me kan forsyna oss av naturen, om ein berre gjer det på ein smart måte.

Dette bildet er tatt på kunstutstillinga «Kongruens» som atelierfellesskapet Stasjon K hadde i fjor. Er dette vedkubbar, eller er det betong? Kunstnar Åsa Sjøholm ville utfordra evna vår til å sjå. Og ein ting kan ein vel slå fast: Kunsten å skilja grønt frå grått blir ikkje mindre viktig etter kvart som det grøne skiftet får fart.

Pål Christensen
Publisert:
mail

DET GRØNNE SKIFTET

Hold deg oppdatert på det viktigste som skjer innenfor det grønne skiftet

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Helen & Hard
  3. Restaurant
  4. drivhus
  5. Bygg og anlegg
  6. Turisme
  7. Bolig

Flere artikler

  1. Rekordår for verdens nordligste palmeøy

  2. Fullteikna investorlista i Desert Control-emisjon

  3. Betalt innhold

    Starta havvind-protest: – Urørt natur er livsnødvendig

  4. Betalt innhold

    Denne roboten skal på oppdrag blant italienske vinranker

  5. Betalt innhold

    Bremsekloss i det grøne skiftet: Næringslivet må venta i årevis på straum

  6. Betalt innhold

    Tina Bru si høgre hand: – Føler eg er med i ein ny episode av Lykkeland